Pressemelding, 11.11.2011

Skjerpa handheving av offentlege innkjøp

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag til skjerpa reglar for offentlege innkjøp. Det skal no bli lettare for leverandørar som ikkje har nådd opp i konkurransen å sikre sine rettar. Reglene skal òg motverke grove brot på regelverket. Dette gjeld særlag brot på kravet til opne konkurransar om offentlege innkjøp.

- Eg er glad for at vi no kan få på plass eit regelverk som vil medverke endå meir til at offentlege innkjøp vil bli gjennomførte på ein skikkeleg måte, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Ein domstol vil kunne annullere kontraktar som blir avtalte i strid med regelverket. Skulle prosessen ha komme så langt at ei annullering av kontrakten vil ha vesentlege samfunnsmessige konsekvensar, kan kontrakten bli avkorta i tillegg til at oppdragsgivaren kan bli bøtelagd.

KOFA skal framleis ha ein rådgivande funksjon, men det høvet ein i dag har til å gi bøter vil bli flytta til domstolane.

Lovforslaget gjennomfører EUs direktiv 2007/66/EF (nytt handhevingsdirektiv på anskaffingsområdet) i norsk rett. Forslaget er ei oppfølging av utgreiinga Håndhevelse av offentlige anskaffelser, der eit offentleg utval kom med si tilråding til korleis EUs nye handhevingsdirektiv burde gjennomførast i norsk rett.

Kontaktinformasjon

Konkurransepolitisk avdeling

Telefon: 22 24 47 77
Faks: 22 24 27 23

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Konkurransepolitisk avdeling

Telefon: 22 24 47 77
Faks: 22 24 27 23

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

cms02