Nyheit , 09.03.2010

slettmeg.no er lansert

Alle som finn uønskte opplysningar om seg sjølv på internett kan no kontakte Datatilsynets nye teneste slettmeg.no for å få råd og rettleiing.

Tenesta blei lansert av Datatilsynets direktør Georg Apenes og fornyingsminister Rigmor Aasrud i går. - Eg vil seie gratulerer til oss alle. Eg trur mange vil få god hjelp av denne tenesta og eg trur mange vil få behov for ho. Tenesta blir eit viktig verktøy for veldig mange, seier Aasrud.

Slettmeg.no skal gi råd og rettleiing til publikum ved hjelp av eiga nettside, telefon, epost og chat. På nettsida finn du guidar til korleis du kan gå fram for å få personopplysningar sletta frå nett. Her finst òg oversikt over kva lover og reglar som gjeld ved publisering på nett. Tenesta kan dessutan bidra med å avklare om ein kan gå ut frå at ei opplysning (bilete, tekst, lydfiler) publisert på nettet er innanfor det lovlege eller ikkje. 

Tenesta er eit toårig prøveprosjekt som blir drive av Datatilsynet og er finansiert av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Fakta om slettmeg.no
Slettmeg.no er resultat av regjeringas oppfølging av Personvernkommisjonens rapport ”Individ og integritet: Personvern i det digitale samfunnet” (NOU 2009: 1).
Slettmeg.no er eit lågterskeltilbod for folk som kjenner seg krenkte på nett. Formålet med tenesta er å gi råd og rettleiing for sletting av uønskte personopplysningar som ligg på nett. Det kan vere materiale ein har lagt ut sjølv og seinare ønskjer fjerna, eller materiale lagt ut av andre. Tenesta skal ha ei nøytral stilling til dei førespurnadene som kjem inn. Slettmeg.no skal ikkje fungere moraliserande i forhold til det materialet som er publisert, men avgrense seg til å gi mest mogleg objektive råd og rettleiing til alle som ønskjer det.

Dette kan slettmeg.no hjelpe med:

  • Råd og rettleiing om korleis ein kan gå fram for å få sletta/endra uønskte personopplysningar på Internett.
  • Råd om kva rettar og lover som gjeld.
  • Praktisk hjelp til å komme i kontakt med nettenester og ansvarlege bak krenkjande materiale publisert på nett.
  • Hjelp til å fylle ut klageskjema og liknande som finst på dei enkelte nettenestene.
  • Hjelp til å nytte sjølvbetente slettetenester (eks. Googles webpage removal request tool).
  • Hjelp til å slette falske/uønskte profilar på sosiale nettsamfunn.
  • Gi råd og tips om andre relevante aktørar/organisasjonar som kan assistere med anna hjelp.

Dette kan slettmeg.no ikkje gjere:

  • Drive saksbehandling og fatte vedtak
  • Pålegge sletting eller sjølv utføre sletting av opplysningar på Internett.

Slettmeg.no:

  • Slettmeg.no kan nåast på Internett, chat, e-post og telefon.
  • Telefonnummer er 22 39 69 90 og e-postadressa er .
  • Telefontid er måndag til fredag kl. 10 – 18.
  • Slettmeg.no blir betent av to rådgivarar i Datatilsynet.
  • Skjermdump av forsiden til nettstedet slettmeg.no
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Tema

Ekstern verksemd