Slik arbeider regjeringa

Nemninga regjeringa vert i daglegtale nytta med to tydingar; om kollegiet samla under Kongens leiing i statsrådsmøte, og om kollegiet samla under statsministeren si leiing i regjeringskonferanse.

Grunnlova og konstitusjonell praksis avgjer kva saker som formelt sett må avgjerast i statsråd hos Kongen, og kva saker kvar statsråd kan avgjera sjølve.   I båe tilfelle er regjeringskonferansen det sentrale forumet for dei politiske drøftingane før dei formelle avgjerdene vert tekne.

Regjeringas medlemer
Etter Grunnlova er det Kongen som i statsrådsmøte utnemner statsrådane og fastset kva departement dei skal styre.

Det vert ikkje sjeldan gjort endringar i departementsstrukturen, ved at saksområde vert  overførte mellom departement eller ved at departement vert nedlagde/oppretta. Pr. februar 2007 er det 18 departement og 19 regjeringsmedlemer medrekna statsministeren.

Regjeringen Stoltenberg II i statsråd på Slottet 17. oktober 2005. Foto: Scanpix/SMK

Statsråd

Statsrådsmøte vert normalt halde fredag kl. 11.00, i Statsrådsalen på Det kongelege slott i Oslo.

Stoltenbergs andre regjering i regjeringskonferanse 17. oktober 2005

Regjeringskonferanse

Regjeringa møtest normalt to gonger i veka til regjeringskonferanse på Statsministerens kontor, til vanleg på måndag og torsdag. Som fyrste sak i regjeringskonferansen på torsdagar vert det halde førebuande statsråd.

Stoltenbergs andre regjering på Slottsplassen 17. oktober 2005.

Kva skjer ved regjeringsskifte?

Danninga av ei ny regjering startar når den sitjande statsministeren har søkt avskjed og Kongen har gjeve ein annan i oppdrag å danne ny regjering.

Statsrådssalen på Statsministerens kontor. Foto: Jiri Havran

Slik vert Noreg styrt

Noreg er etter Grunnlova av 1814 eit monarki der makta er fordelt på ei lovgjevande og løyvande myndigheit: Stortinget, ei utøvande myndigheit: Regjeringa, og ei dømande myndigheit: domstolane. Det er folket i val som indirekte utpeikar regjeringa, sidan regjeringa gjeng ut frå det/dei partia på Stortinget som har fleirtal eller styringsdyktig mindretal.