Slik kan du endre på røystesetelen

Stortingsval

Røystesetelen avgjer kva for eit parti du røystar på. Det er opp til deg om du vil endre på røystesetelen. Dersom du ikkje endrar på han, røystar du på kandidatane i den rekkjefølgja dei står i på røystesetelen.

For at at endringane som blir gjort på røystesetelen skal få verknad ved valoppgjeret,  må endringane ved same kandidatnamn bli gjor av meir enn halvparten av dei veljarane som har gitt vallista si røyst i fylket.

Rettleiing for korleis du endrar, står òg på røystesetelen.

Ikkje ver redd for å endre på røystesetelen! Han blir ikkje forkasta sjølv om du gjer feil.

Slik kan du endre på stemmeseddelen:

 

Endre rekkjefølgja på kandidatane:
Set eit (nytt) nummer i ruta til venstre for namnet til
kandidaten(ane) slik at du markerer for korleis du vil at rekkjefølgja på kandidatane skal vere

Illustrasjon 1

 

Stryke kandidatnamn:
Set eit merke (kryss, hake eller liknande) i ruta til høgre for namnet til kandidaten(ane) du vil stryke.

Illustrasjon 2
Val
StortingsvalSlik kan du endre på røystesetelen