Søkehjelp

Korleis søker eg?

  • Skriv eitt eller fleire søkeord i søkefeltet. Bruk så presise ord som mogleg.
    Trykk på søkeknappen.

  • Bruk mellomrom mellom orda dersom du skriv fleire søkeord i søkefeltet.
    Skriv du fleire ord, får du berre sider som inneheld alle orda.

  • Bruk OR mellom fleire ord dersom du ønskjer å finne sider som inneheld eitt eller fleire søkeord.
    Eksempel: eu OR eøs OR europarådet – gir treff på dokument som inneheld éin eller fleire av orda.

  • Bruk - teiknet (minus) framfor ordet som skal utelatast ved søket.
    Eksempel: bondevik –stoltenberg gir treff på dokument som inneheld informasjon om Bondevik, men ikkje Stoltenberg.

  • Bruk hermeteikn " " for å søke på kombinasjon av ord i ei spesiell rekkefølgje.
    Eksempel: "statsministerens kontor".

  • Bruk stjerne * for å søke med open ending.
    Eksempel: inform*, vil gi treff på sider som inneheld f.eks. informasjon, informasjonsplikt og informere.

Avansert søk


Korleis er søkeresultatet sortert?
Søkeresultatet blir sortert med dei mest relevante sidene først.
Du kan også velje å sortere på dato eller alfabetisk.

Du kan endre sorteringa av trefflista
 


Korleis avgrensar eg søket?

Avgrens søket ytterlegare ved å velje kategoriar i høgre meny.

Avgrens søket ytterlegare ved å velje kategoriar
 


Korleis utvidar eg søket?

Søker du på ei av departementa sine sider, er det kun sider frå dette departementet som blir vist i trefflista. Du kan utvide trefflista til å gjelde heile regjeringa.no.

Du kan utvide trefflista til å gjelde heile regjeringa.no 
 

Kva ligg under fanen "Dokumentarkiv"

Søker du på heile regjeringa.no, får du høve til å velje trefflista i dokumentarkivet. Dokumentarkivet inneheld bl. a. pressemeldingar, nyheiter, taler og artiklar frå tidlegare regjeringar samt dokument som ikkje lenger er gyldige.

du kan velje trefflista i dokumentarkivet


 
Avansert søk

  • Avansert søk støttar vanlege søk med hermeteikn, minus og stjerne.

  • Avansert søk støttar bruk av dei boolske operatorane AND, OR og NOT.

  • Du kan angi nærleik mellom søkeord med operatoren NEAR.

  • Du kan angi søk i felt med bruk av kolon (:) mellom feltnamn og søkeord.

  • Parentesar blir brukt for å gruppere søkeord og angi presedens for bruk av operatorane.

  • Ved ugyldig bruk av avansert søk skal søket behandlast som eit vanleg fritekstsøk. Søk på f.eks. “jens AND OR NOT” (utan hermeteikn) gir treff på dokument der orda jens, and, or og not finst saman.

  • Eksempel på avansert søk:
    o eu OR eøs OR europarådet – gir treff på dokument som inneheld éitt eller fleire av søkeorda.
    o statsminister (Jagland OR Bondevik OR Stoltenberg) – gir treff på dokument som omtalar éin eller fleire av statsministrane.
    o hurtigtog  NOT gardermo* – gir treff på dokument som inneheld hurtigtog men ikkje variantar av gardermo[en/banen].
    o NEAR (jens statsminister N=6) – gir treff på dokument der orda jens og statsminister finst med maks 6 ord mellom (N=6 må være med stor N!)
    o NEAR (jens statsminister) – gir treff på dokument der orda jens og statsminister finst nær kvarandre (maks 4 ord mellom).
    o NEAR (statsminister Hanssen Meltveit N=11) – gir treff på dokument der ALLE orda finst innanfor 11 ord.
    o island (aske OR støv) title:flytrafikk – samansatt søk som gir treff på dokument der ordet island og enten aske eller støv finst kvar som helst, og der ordet flytrafikk finst i tittelen.