Statens pensjonsfond

Statens pensjonsfond blei oppretta ved lov 20. desember 2005 nr. 123. Statens pensjonsfond er etablert som ei overbygning over Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Verksemdene i dei to fonda er vidareført innanfor den nye overbygninga. Statens pensjonsfond har såleis ikkje eige styre eller eigen administrasjon.

Fondet består av Statens pensjonsfond - Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond - Noreg

(tidlegare Folketrygdfondet). Utanlandsdelen setjast som innskot på konto i Noregs Bank. Motverdien forvaltast etter nærare reglar fastsett av Finansdepartementet. Innanlandsdelen setjast som eit kapitalinnskot i Folketrygdfondet. Motverdien forvaltast etter nærare reglar fastsett av departementet.

Etter lova har Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av Statens pensjonsfond. Den operative forvaltinga av Statens pensjonsfond - Utland er delegert til Noregs Bank, som plasserer midlane i samsvar med retningsliner fastsett av Finansdepartementet. Statens pensjonsfond – Noreg forvaltast av Folketrygdfondet.

Inntekter i Statens pensjonsfond – Utland er kontantstraumen frå petroleumsverksemda som blir overført frå statsbudsjettet, avkastninga av fondet si formue og netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda. Inntekter i Statens pensjonsfond – Noreg er avkastninga av dei forvalta midlane. Midlane i Statens pensjonsfond kan berre nyttast til ei beløpsmessig overføring til statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget. Stortinget har tidlegare trekt opp retningsliner for Statens petroleumsfond som tilseier at overføringa dekkjer det oljekorrigerte budsjettunderskotet slik det blir anslått i nysaldert budsjett. Retningslinene for budsjettpolitikken inneber at det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet over tid skal svare til forventa realavkastning av kapitalen i utanlandsdelen av Statens pensjonsfond ved inngangen til budsjettåret. Avkastninga på midlane i Statens pensjonsfond – Noreg overførast ikkje til statskassa, men leggjast fortløpande til denne delen av fondet.

Formålet med Statens pensjonsfond er å understøtte statleg sparing for finansiering av folketrygda sine pensjonsutgifter og underbyggje langsiktige omsyn ved bruk av statens petroleumsinntekter. Pensjonsutgiftene i folketrygda vil auke sterkt gjennom dei komande tiåra. Ei vesentleg fondsoppbygging i åra framover er nødvendig for å unngå å skyve store byrder over på framtidige generasjonar.

Kapitalen i Statens pensjonsfond - Utland er i sin heilskap investert i utlandet. Fondet er investert både i aksjar og i obligasjonar og andre renteberande verdipapir.

 

Kontaktinformasjon

Statens pensjonsfond

Telefon: 22 31 60 00
Faks: 22 41 31 05

Nettsida til Statens pensjonsfond

Adresse:

Norges Bank
Bankplassen 2
PB 1179 Sentrum
0107 Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Statens pensjonsfond

Telefon: 22 31 60 00
Faks: 22 41 31 05

Nettsida til Statens pensjonsfond

Adresse:

Norges Bank
Bankplassen 2
PB 1179 Sentrum
0107 Oslo