Jens Stoltenbergs andre regjering

Her er regjeringen samlet på Slottsplassen 20. oktober 2009. Foto: Scanpix

Jens Stoltenbergs andre regjering vart utnemnd i statsråd 17. oktober 2005. Ho er ei fleirtalsregjering gått ut av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Ved stortingsvalet 14. september 2009 fekk partia fornya mandat ved at dei framleis har fleirtal i Stortinget.

Her er regjeringa samla på Slottsplassen 20. oktober 2009.

Frå venstre: barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV), kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap), statsråd ved Statsministerens kontor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap), fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap), justisminister Knut Storberget (Ap), forsvarsminister Grete Faremo (Ap), olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp), helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap), kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp), miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV), statsminister Jens Stoltenberg (Ap), nærings- og handelsminister Trond Giske, kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV), forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV), utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap), statsråd Hanne Bjurstrøm (Ap), finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap), fornyings- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap), samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

Foto: Scanpix.