Stortingsval

Valdagen for stortingsvalet er 14. september 2009. I 205 kommunar blir det også halde val søndag 13. september. Sjå oversikt over kva for kommunar som har ein- eller todagarsval.


Røysterett og manntal

Røysterett og manntal

Du må ha røysterett og stå innført i manntalet for å kunne røyste.

Legitimasjon

Legitimasjon

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje nok å oppgi namn og fødselsdato.

Valkort

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort frå sin kommune. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare for deg å røyste dersom du tar det med. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om valkortet.

Kvar kan du røyste?

Kvar kan du røyste?

På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2009. Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet i perioden 10.8.09-11.9.09.

Røyste på valgdagen

Røyste på valdagen

Valdagen er måndag 14. september. Kvart einskilt kommunestyre kan bestemme at det i vedkomande kommune skal haldast val også søndag 13. september. På valdagen 14. september (og 13. september i kommunar der det er todagars val) må du røyste i den kommunen du er registrert busett/ manntalsført pr. 30. juni. Husk legitimasjon!

Slik røystar du på førehand

Slik røystar du på førehand

Den ordinære perioden for førehandsrøysting startar 10. august og varer til og med 11. september. Du kan førehandsrøyste i kommunar kvar som helst i landet. Hugs å ta med legitimasjon!

Slik kan du endre på røystesetelen

Slik kan du endre på røystesetelen

Røystesetelen avgjer kva for eit parti du røystar på. Dersom du vil vere med på å påverke kven av kandidatane som skal bli valde inn for partiet, må du endre på røystesetelen.

Tilgjenge til val

Kommunane tilrettelegg vallokala slik at alle veljarar skal få røyste. Treng du hjelp i vallokalet, kan du spørje ein valfunksjonær. Sjuke og uføre kan søkje kommunen om å få førehandsrøyste heimanfrå. På valdagen kan veljarar som ikkje er i stand til å ta seg inn i vallokalet, røyste like utanfor.

Valoppgjer: kven blir vald

For å finne ut av kven som kjem inn på Stortinget, blir Valoppgjeret gjennomført i to omgangar. Først undersøkjer ein kor mange mandat partiet/gruppa skal få (mandatfordelinga). Deretter blir dei enkelte kandidatane som skal veljast inn frå dei ulike listene, peikte ut (kandidatkåringa).

Val
Brosjyre på fleire språkInformasjonsfilm om stortingsval på fleire språkOfte stilte spørsmålValurne