Pressemelding, 15.05.2012

Styrkjer arbeidet med bevaring av kyrkjebygg

Regjeringa styrkjer arbeidet med bevaring og sikring av kyrkjebygg. Regjeringa foreslår å auke ramma for rentekompensasjon ved istandsetjing av kyrkjer med 300 millionar kroner til totalt 450 millionar kroner for 2012. Ordninga inneber at staten kompenserer kommunane sine renteutgifter knytte til investeringar i kyrkjebygg.

- Eg er glad for at vi har funne rom for denne auken. Vi ønskjer med dette å støtte opp under det viktige arbeidet som kommunar og kyrkjelege fellesråd gjer for å setje i stand og sikre kyrkjene. Etterspørselen viser at ordninga er viktig for å realisere mange prosjekt, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

Rentekompensasjonsordninga blei etablert i 2005. Sidan ordninga blei etablert er det gitt tilsegn om rentekompensasjon til prosjekt for meir enn 2,7 milliardar kroner fordelte på 744 kyrkjer i 279 kommuner. Det er Husbanken som administrerer ordninga, sewww.husbanken.no

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
cms02