Nyheit, 06.06.2012

Surrogati

Surrogati

Surrogatmorskap er ikkje tillate i Noreg. Dette kan utleiast av bioteknologilova og barnelova. Det er likevel slik at enkelte nordmenn nyttar seg av surrogati i utlandet. Skatteetaten, Nav og Bufetat har no fått retningsliner for korleis saker om surrogati skal handsamast etter dagens regelverk. Dette for å sikre dei juridiske rettane for dei barna som allereie er i Noreg.

Regulering av eggdonasjon/surrogati i Noreg
Bioteknologilova regulerer vilkår for assistert befrukting i Noreg. Inseminasjon av sæd / innsetjing av eigne egg hos fødemor er tillate. Forbod mot innsetjing av egg i ein annan sin kropp inneber at denne forma for surrogati ikkje kan gjennomførast etter bioteknologilova. Avtaler om surrogati, uavhengig av om det er nytta eggdonasjon, er ikkje bindande etter norsk rett, jf. § 2 i barnelova.

Eggdonasjon/surrogati i utlandet
Trass i den norske reguleringa, er det eit faktum at enkelte nordmenn nyttar eggdonasjon/surrogati i utlandet. Denne mogelegheita blir regulert av det nasjonale regelverket i kvar einskild stat. Norske myndigheiter, under dette utanriksstasjonane, rettleier ikkje om korleis regelverket er i andre land på dette området. Dersom personar som er busett i Noreg nyttar eggdonasjon/surrogati i land der dette ikkje er forbode, går norske myndigheiter ut frå at dette skjer i tråd med regelverket i det landet der dette blir gjennomført.
Etablering av morskap og farskap og søknad om adopsjon etter bruk av eggdonasjon/surrogati
Det gjeld ingen særreglar for etablering av morskap og farskap og søknad om adopsjon etter bruk av eggdonasjon/surrogati. Dei generelle reglane vil difor gjelde. Dette inneber at den som føder barnet er mor til barnet, og at farskap blir etablert på dei måtane som er fastsett i barnelova. Den som ynskjer å bli juridisk forelder til barnet må søkje om adopsjon. Folkeregistermyndigheita har til oppgåve å registrere foreldreansvar. Foreldreansvar kan registrerast i folkeregisteret dersom farskapet/morskapet er avklart etter norsk rett. Det er viktig å vere merksam på at etablering av farskap ved erkjenning eller endring, eventuelt godkjenning, ikkje inneber at foreldreansvar blir fastsett automatisk. I slike tilfelle må foreldreansvar fastsetjast ved avtale, og forelderen må sjølv kontakte folkeregistermyndigheita om registrering. Du kan lese meir om gjeldande rett for etablering av foreldreskap for barn fødd av surrogatmor i utlandet i departementet sitt brev til Skatteetaten, NAV og Bufetat. Norske myndigheiter kan ikkje gi tilsegn på førehand om etablering av morskap/farskap eller adopsjon for barn fødd av surrogatmor i utlandet. Ein kan dermed ikkje gi bindande tilsegn om at den som inngår avtale om eggdonasjon/surrogati vil kunne få barnet med seg til Noreg.

Sakene som er feilregistrert i Folkeregisteret
Registrering i folkeregisteret er ikkje ei rettsstiftande handling og inneber difor ikkje at det blir etablert juridiske band til barnet. Spørsmålet om kven som er mor og far til barnet er avgjerande i ei rekkje rettslege samanhengar. Det er difor viktig så tidleg som mogeleg å få avklart kven som er juridiske foreldre til barnet for å hindre at noko er uklart og at det oppstår tvistar om dette seinare i livet, til dømes ved samlivsbrot eller dødsfall.

Skattedirektoratet har funne ut at det er tilfelle der morskap eller farskap er registrert feil i folkeregisteret. Sakene om retting er no lagt til side til barnet er juridisk sikra ved at det blir etablert eit foreldreskap til barnet. At sakene er lagt til side inneber likevel ikkje at barna dermed er sikra juridisk. Familiane blir oppmoda til sjølve å medverke og setje i gang med den juridiske sikringa av barna på hurtigast mogeleg måte. 

For å hjelpe familiane på best mogeleg måte, har Bufetat region aust fått eit særleg ansvar for å rettleie dei familiane som er i tvil om korleis dei skal gå fram og kva for etat dei skal vende seg til. Sakene vil bli prioritert i etatane. Saker om stebarnsadopsjon skal handsamast i Bufetat utan at kommunalt barnevern skal trekkjast inn. Dette vil innebere ei raskare handsaming av adopsjonssakene. Departementet sitt brev til etatane gjer nærare greie for handsaminga av sakene som er feilregistrert i etatane.

Departementet vil leggje til rette for ei mellombels overgangsordning for dei tilfella der barna som allereie er i Noreg ikkje blir sikra rettsleg innanfor gjeldande regelverk. Ei slik overgangsordning vil gi rom for ulike tiltak, og nokre av dei vil krevje heimel i lov. Ei lovheimla ordning vil ein tidlegast kunne handsame i Stortinget våren 2012. Departementet vil hente inn informasjon frå etatane etter kvart som dei får erfaringar frå handsaminga av sakene.

Utgreiing av behovet for endringar i regelverket
Departementet greier for tida ut om behovet for eventuelle endringar i regelverk knytt til surrogati som sorterer under BLD sine ansvarsområde. Når det gjeld mogelegheita for bruk av eggdonasjon/surrogati i Noreg, høyrer dette inn under ansvarsområdet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Kontaktinformasjon

Samlivs- og likestillingsavdelinga

Telefon: 22 24 25 19
Faks: 22 24 27 18

Adresse:

Barne- og likestillingsdepartementet
Akersgata 59

Postboks 8036 Dep
0030 Oslo

Telefon 22 24 90 90

Kommunikasjonsenheten

Telefon: 97 77 36 34
Faks: 22 24 24 18

Adresse:

Barne- og likestillingsdepartementet
Akersgata 59
Postboks 8036 Dep
0030 Oslo

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Kontaktinformasjon

Samlivs- og likestillingsavdelinga

Telefon: 22 24 25 19
Faks: 22 24 27 18

Adresse:

Barne- og likestillingsdepartementet
Akersgata 59

Postboks 8036 Dep
0030 Oslo

Telefon 22 24 90 90

Kommunikasjonsenheten

Telefon: 97 77 36 34
Faks: 22 24 24 18

Adresse:

Barne- og likestillingsdepartementet
Akersgata 59
Postboks 8036 Dep
0030 Oslo