Terrorisme
Noreg er sterkt engasjert i kampen mot internasjonal terrorisme. Den kan berre vinnast ved å ta i bruk eit brett sett av verkemiddel, som politiske, humanitære, økonomiske, juridiske og militære.
På kort sikt er det viktig å forhindre planlagde terrorhandlingar gjennom aktiv innsats frå politiet og forsvaret. På lang sikt må vi fokusere på dei tilhøva, som får enkelte menneske til å velgje terror som verkemiddel. Noregs arbeid med fredsprossessar, demokratisering og utvikling er derfor viktige bidrag til den overordna kampen mot internasjonal terrorisme.