Valkort

Stortingsval

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten frå sin kommune. Valkortet blir utarbeida på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har røysterett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen.

Dersom du førehandsrøystar, kan du røyste i kommunar kvar som helst i landet. Røysta di blir då sendt til din heimkommune.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å røyste, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane dersom du tar det med. Det går derfor raskare for deg å røyste dersom du har med deg valkortet. Har du ikkje mottatt valkortet i posten eller har mista det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for å røyste.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Har du andre spørsmål om valkortet, ta kontakt med din kommune.

Val
StortingsvalgValgkort