Valoppgjer: kven blir vald

For å finne ut av kven som kjem inn på Stortinget, blir valoppgjeret gjennomført i to omgangar. Først undersøkjer ein kor mange mandat partiet/gruppa skal få (mandatfordelinga). Deretter blir dei enkelte kandidatane som skal veljast inn frå dei ulike listene, peikte ut (kandidatkåringa).

Ved stortingsval er det fylkesvalstyret hos fylkeskommunen som gjennomfører oppgjeret.

Når fylkesvalgstyret er ferdig med mandatfordelinga og kandidatkåringa av distriktsrepresentantane, blir oppgjeret sendt til riksvalgstyret som utfører kåring av utjamningsmandata. Det skal veljast eitt utjamningsmandat i kvart fylke.

Mandatfordeling

Systemet baserer seg på at representantplassane skal fordelast forholdsmessig mellom partia/gruppene etter røystetalet som den enkelte vallista har fått. Prinsippet blir kalla forholdsval. Mandatfordelinga mellom dei ulike listene blir gjennomført ved hjelp av den same matematiske metoden både ved stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval. Metoden blir kalla St. Laguës modifiserte metode. Den går ut på at røystetalet for den enkelte lista først blir dividert med talet 1,4 og deretter med tala 3-5-7-9 osv. Ved desse divisjonane kjem det fram ei rekkje tal, såkalla kvotientar. Kvotientane blir ordna etter storleik. Representantplassane blir fordelte til dei listene som har dei største kvotientane. Det første mandatet går til den lista som har den største kvotienten, mandat nummer to til den som har den nest største kvotienten osv.

Fylkesvalstyret fordeler alle mandata i fylket i samsvar med St. Laguës modifiserte metode med unntak av eitt. Det siste mandatet i kvart fylke skal fordelast som utjamningsmandat av riksvalstyret. Formålet med dette er å få til ei meir rettferdig politisk fordeling av mandata enn det som er mogleg å oppnå gjennom ei rein krinsvis fordeling.

Røystetalet for listene finn ein ved å leggje saman kor mange veljarar som har røysta på lista samanlagt i alle kommunane i fylket. Dette er altså utgangspunktet for divisjonane som er omtalte ovanfor.

Sjå dømet i tabellen under der det skal fordelast 11 representantar:

H Ap FrP SV SP KrF
Stemmetall 81 140 80 862 39 851 26 295 12 187 11 229
1,4 57 957  (1) 57 758  (2) 28 465  (3) 18 782  (6) 8 705 8 020
3 27 046  (4) 26 954  (5) 13 283  (9) 8 765 4 062 3 743
5 16 228  (7) 16 172  (8) 7 970
7 11 591  (10) 11 551  (11)
9 9 015 8 984

H får mandat nr. 1, 4, 7 og10
Ap får mandat nr. 2, 5, 8 og 11
FrP får mandat nr. 3 og 9
SV får mandat nr. 6

Kandidatkåring

Når det er avgjort kor mange representantar partia/gruppene skal ha, blir plassane fordelte til kandidatane på vallista.

Ved kandidatkåringa tel ein først berre dei namna som står som nr. 1 på røystesetlane. Den som får flest røyster ved denne oppteljinga blir vald, og ein ser bort frå denne kandidaten i resten kandidatkåringa.

Deretter tel ein dei som står som nr. 2 på røystesetlane, samt kandidatene på 1. plass, som ikkje blei valde i forrige runde. Den kandidaten som får flest røyster når ein legg saman resultata frå begge oppteljingane og ser bort frå den som alt er vald, blir vald. Slik held ein fram til alle kandidatane er valde.

For at endringar veljarane har gjort på røystesetlane, skal ha verknad på personvalet ved stortingsval, må over halvparten av partiet sine veljarar i fylket ha gjort endring ved den same kandidaten. Dette inneber at det skal svært mykje til for at endringar frå veljarane skal ha noko å seie. I praksis skjer dette aldri.

Utjamningsmandat

Reglane om fordeling av utjamningsmandata finst i Grunnlova § 59 og vallova § 11-6. Føremålet med utjamningsmandatordninga er å sikre ei meir proporsjonal samansetjing av Stortinget. Dette blir gjort ved at ein tar omsyn til oppslutninga på landsbasis til kvart parti. Det er berre registrerte politiske parti som har fått ei oppslutning ved valet på minst 4 prosent Berre registrerte parti som har fått ein oppslutnad ved valet på minst 4 prosent av røystene på landsbasis (sperregrense), er med i konkurransen om utjamningsmandata.

Berekninga skjer på følgjande måte:

Første fase er å berekne kva for parti som skal ha utjamningsmandat.
Riksvalstyret skal først gjennomføre ei fordeling av alle mandat på landsbasis som om landet var eitt valdistrikt. Dersom parti/grupper som ikkje har rett til utjamningsmandat, har oppnådd distriktsmandat, blir desse dregne frå 169 før riksvalstyret si fordeling kjem inn.

Det samla røystetalet for partia frå alle valdistrikt blir dividert med 1,4 – 3 – 5 – 7 – 9 osv., og alle representantplassane blir fordelte på same måten som ved oppgjera til fylkesvalstyra. Viser det seg at eit parti har fått fleire distriktsmandat enn det som følgjer av utrekningane til riksvalstyret, må ein gjennomføre eit nytt oppgjer der desse mandata blir trekte frå. Kvart parti skal få tildelt så mange utjamningsmandat som svarer til differansen mellom det mandattalet det skulle hatt ved eit landsomfattande oppgjer og talet på distriktsmandat det har oppnådd.

Neste fase er å avgjere i kva for fylke partia skal få utjamningsmandata sine. Dette skjer på denne måten:

  1. Ein tek utgangspunkt i det røystetalet partia har fått i fylka. Har partiet ikkje vunne noko distriktsmandat, skal røystetalet dividerast med ein kvotient som tilsvarer (talet på distriktsmandat x 2) +1. Røystetalet eller kvotienten skal deretter dividerast med det gjennomsnittlege røystetalet bak kvart distriktsmandat i fylket.

    Døme:
    I fylke X er det levert 100 000 røyster og valt 10 distriktsrepresentantar. Parti A har fått 8 000 røyster og 0 distriktsmandat. Røystetalet for partiet skal då dividerast med 10 000 (som er gjennomsnittleg røystetal per distriktsmandat). Partiet vil dermed få kvotienten 0,8, som er dette partiet sitt grunnlag for konkurransen om utjamningsmandat. Parti B har fått 15 000 røyster og 2 mandat. Røystetalet skal då først dividerast med 5 ((2x2) + 1). Kvotienten 3000 blir dividert med 10 000, og partiet får kvotienten 0,3. Parti C har fått 50 000 røyster og 5 mandat. Røystetalet skal då først dividerast med 11 ((5x2) + 1). Kvotienten 4545 blir så dividert med 10 000, og partiet får kvotienten 0,4545.

  2. Kvotientane for alle fylke og alle parti som har rett til utjamningsmandat blir ordna etter storleik. Er fleire kvotientar like store, er røystetalet i vedkomande fylke avgjerande. I tilfelle likt røystetal blir rekkjefølgja avgjort ved loddtrekking.

  3. Utjamningsmandat nr. 1 går til det partiet og det fylket som har den største kvotienten. Utjamningsmandat nr. 2 går til det partiet og det fylket som har den nest største kvotienten osv.

  4. Når eit fylke har fått eitt utjamningsmandat, kjem det ikkje med i ved seinare fordelingar av utjamningsmandata. Når eit parti har fått så mange utjamningsmandat det skal ha, blir det ikkje med ved seinare fordelingar av utjamningsmandata. Fordelinga held fram for dei andre fylka og partia inntil alle utjamningsmandata er fordelte.
Val