Avslutta i Uleåborg
Kongeparet avslutta statsbesøket sitt lenger nord i Finland – i Uleåborg, der blant anna kommunikasjonsgiganten Nokia har fabrikk. Teknologi og helse prega dagen.
Etter to dagar i Helsingfors reiste Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga nordover til Uleåborg for den siste dagen av statsbesøket. Her stod byens universitet øvst på Kongeparets agenda.
Innovasjon ved Uleåborg universitet
Universitetet i Uleåborg har nasjonalt ansvar for undervisning i samisk språk og kultur, og Kongeparet fekk ein presentasjon av Giellagas-instituttet i Tellus Innovation Arena i dag. Arenaen ligg i hjartet av universitetsområdet og tilbyr lokale og verktøy som skal inspirere og leggje til rette for innovasjon.
Kongeparet fekk høyre om både «Business Kitchen» og «Arctic Business Corridor» – tiltak der gründerar kan finne støtte for realisering av ideane sine og hjelp til å etablere seg, og større føretak kan trekkje på universitetets ekspertise i internasjonalisering av verksemda si.
Kong Harald fekk òg sende ei melding via KNL-nettverket – eit alternativt kommunikasjonsnettverk som fungerer utan vanlege bakkestasjonar. Det kan gjere det tryggare å ferdast til sjøs, til fjells og andre stader der vanleg mobildekning kan vere dårleg eller mangle heilt.
Lunsj i rådhuset
Mange barn var møtte opp med flagg og roser til Dronning Sonja da Kongeparet kom til rådhuset til lunsj. I talen sin sa Kongen seg imponert over kva han hadde sett på universitetet, og ønskte dei lykke til i samarbeidet med norske bedrifter og institusjonar:
– The visit at the university has left us impressed. Your large student population, your high quality research, and your strong business culture is very promising for the future.
You are building strong connections with Northern Norway in particular. The Queen and I wish you well. We are since long taken in by Northern Norway ourselves. We believe that you will find eager and competent partners there.
Nokia
Rundt år 2000 var Nokia verdas største produsent av mobiltelefonar. I dag er dei leiande innan nettinfrastruktur og kart- og posisjonsservice. Kongeparet fekk ei innføring i Nokias historie i dag, i tillegg til ei omvising i fabrikklokala.
Men også norske selskap fekk vise seg fram for Kongen og Dronninga. Dei fekk høyre om nykommaren Voico frå Trondheim, som jobbar med støyreduksjon i kontorlandskap, Nordic Semiconductor, som no etablerer ei eining for forsking og utvikling i Uleåborg, og Tieto, som arbeider med helseteknologi både i Noreg og i Finland.
Uleåborg universitetssjukehus
Det siste besøket under satsbesøket gjekk til Uleåborg universitetssjukehus, som er blant Finlands største. Her fekk Kongen og Dronninga presentert OuluHealth – eit «økosystem» som fører saman akademia, offentleg og privat sektor for utvikling av teknologi og løysingar til beste for pasientar, helsevesen og næringsliv.
Kongeparet fekk òg møte norske og finske selskap som har spesialisert seg på helserelatert teknologi: Polar Electro (trådlaus hjartemonitorering), Eyelife (trådlaus ultralyd) og Peili Vision (rehabilitering med språkterapi gjennom gaming).
Med dette avslutta Kong Harald og Dronning Sonja statsbesøket i Finland. Det har vore tre dagar med tett program for Kongeparet og næringslivsdelegasjonen som følgde dei.