Hopp til hovedinnhold

Julefotografering på Slottet

Kongefamilien var samla til julefotografering på Slottet i dag. Eit stort peparkakehus var sett opp i Store festsal og skulle pyntast på tradisjonelt vis.

17.12.2009

Kong Harald og Dronning Sonja, Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit, Prinsesse Ingrid Alexandra, Prins Sverre Magnus og Marius deltok.

Peparkakehuset var stort nok til at barna i familien også kunne utforske det innvendig.

Filmklipp og stillbilete

Det vart teke både stillbilete og ein liten film frå hendinga. Begge delar er tilgjengelege gjennom medieruta til høgre. Eit utdrag av filmen er òg publisert på Kronprinsparets facebook-side.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Julehilsen fra Kongefamilien 2009 (Foto: Scanpix)