Du kan få tilskot til å dekkje flytteutgifter dersom du må flytte for å komme i arbeid.
Dersom du er einsleg mor eller far og må flytte for å komme i arbeid, kan du ha rett til tilskot til flytting. Du må leggje fram opplysningar som viser at du ikkje kan få høveleg arbeid på bustaden, eller at arbeid på bustaden ikkje kan komme i gang fordi du manglar tilsynsordning for barnet. Du må òg dokumentere at du har eit konkret arbeidstilbod på tilflyttingsstaden. Du vil ikkje ha rett til tilskot til flytting dersom andre, til dømes arbeidsgivaren din, dekkjer utgiftene.
Tilskotet kan bli gitt når du har rett til overgangsstønad, eller innan seks månader etter at overgangsstønaden har falle bort. Tilskotet kan dekkje både reise- og flytteutgifter og vil variere avhengig av flyttemengd, flyttelengd og anna.
Flyttetilskotet skal dekkjast etter rimelegaste alternativ. Du må derfor innhente minst to tilbod.
Tilskot til flytting blir utbetalt som eingongsbeløp og er ei skattefri yting.
Du søkjer på blanketten ”Søknad om overgangsstønad, stønad til barnetilsyn, utdanningsstønad og flytteutgifter til einsleg mor/far”, som du finn under Skjema og vedlegg i menyen til høgre. Her finn du òg informasjon om kva vedlegg/dokumentasjon du må leggje ved søknaden om tilskot til flytting.
Søknaden sender eller leverer du til NAV-kontoret ditt.
Du får først eit varsel om saksbehandlingstida. Når saka er ferdigbehandla, får du ei skriftleg melding om vedtaket.
Du skal alltid melde frå til NAV-kontoret ditt dersom du flytter til eller skal opphalde deg mellombels i utlandet. Du kan lese meir om opphald i utlandet under Internasjonalt i menyen til høgre.