Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med fødsel. Lova er endra frå 1. juli 2009. Det gir rett til forskjellig lengd på stønadsperiodane, avhengig av om fødselen var før 1. juli eller etter 30. juni 2009.
Du kan få foreldrepengar dersom du har vore yrkesaktiv og har hatt pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til. Inntekta på årsbasis må vere minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Likestilt med arbeid er periodar der du har fått
Også andre forhold kan likestillast med yrkesaktivitet. Det kan vere
Du får ikkje stønad for den delen av inntekta som overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda.
Er du arbeidstakar, blir foreldrepengane som hovudregel berekna etter inntekta du har når du går ut i permisjon. NAV vil likevel gjere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Arbeidstakarar har òg rett til feriepengar av foreldrepengane. De får som foreldre til saman feriepengar for dei tolv første vekene når de tek ut 100 prosent foreldrepengar. Dersom det er mor som tek ut dei første 12 vekene, er det berre ho som får feriepengar. Har de valt å ta ut 80 prosent foreldrepengar, får de til saman feriepengar for dei 15 første vekene.
Dersom berre éin av dykk er arbeidstakar, får denne alle feriepengane.
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, blir foreldrepengane berekna på grunnlag av gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta for dei tre siste åra. NAV vil likevel gjere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Du kan bruke Foreldrepengerettleiaren for å berekne kor mykje du kan få i foreldrepengar.
Dersom fødselen skjer 1. juli 2009 eller seinare, er stønadsperioden for foreldrepengar 46 veker med 100 prosent stønad eller 56 veker med 80 prosent stønad. Dersom fødselen skjedde før 1. juli 2009, er stønadsperioden høvesvis 44 eller 54 veker.
De kan velje om de vil ta ut 100 prosent eller 80 prosent foreldrepengar. Valet gjeld for heile perioden og for dykk begge. Éi veke utgjer fem stønadsdagar. Det blir dermed ikkje utbetalt stønad for laurdagar og søndagar.
Det er viktig å vere merksam på at totalutbetalinga for heile perioden ved 80 prosent foreldrepengar er litt lågare enn det som vil bli utbetalt ved 100 prosent foreldrepengar.
Stønadsperioden kan utsetjast på grunn av lovbestemt ferie (ikkje ferie etter tariffavtale), dersom du eller barnet er innlagde i helseinstitusjon, eller dersom du er i heiltidsarbeid.
Dersom far ønskjer å utsetje fedrekvoten, må han søkje om det før stønadsperioden som ikkje er fedrekvote (fellesvekene), er slutt.
Det blir ikkje gitt foreldrepengar etter at barnet har fylt tre år.
Du kan ta ut graderte foreldrepengar ved at du kan få delvis foreldrepengar i kombinasjon med delvis arbeid. Perioden med foreldrepengar blir forlengd ved at du får utbetalt litt mindre per dag over ein lengre periode. Sluttsummen er den same som om du ikkje hadde teke ut graderte foreldrepengar.
Tre veker før og seks veker etter fødselen er øyremerkte mor. Ti veker er øyremerkte far. (fedrekvoten/pappapermisjon). Dersom fødselen skjedde før 1. juli 2009, er fedrekvoten på seks. veker. Resten av stønadsvekene er felles for begge foreldra. Du kan lese meir om stønadsperioden for foreldrepengar under Relatert informasjon i menyen til høgre.
Dersom far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, gjeld det spesielle reglar ved at det blir stilt krav til mor. Meir om foreldrepengar til far ved fødsel og adopsjon i menyen til høgre.
Dersom de får eit barn til før stønadsperioden for det første barnet er oppbrukt, mister de retten til å ta ut dei ubrukte vekene for det første barnet. Derimot har de rett til full periode med foreldrepengar for det nye barnet. Den nye perioden startar tre veker før termindatoen.
Du må søkje skriftleg om foreldrepengar. Det gjeld sjølv om du får full lønn frå arbeidsgivaren din i stønadsperioden. Du søkjer på blanketten "Søknad om foreldrepenger eller engangsstønad ved fødsel og adopsjon ", som du finn under Skjema og vedlegg. Her finn du òg informasjon om nødvendige vedlegg ved krav om foreldrepengar. For at NAV skal kunne berekne kva du skal få, er det i tillegg nødvendig at arbeidsgivaren din fyller ut blanketten Inntektsopplysningar for arbeidstakar -NAV 08-30.01. Arbeidsgivaren skal òg fylle ut blanketten "Trekkopplysningar"- NAV 08-30.02 dersom du som arbeidstakar har trekkpålegg og NAV skal utbetale foreldrepengar direkte til deg.
Dersom arbeidsgivaren din betaler ut full lønn i permisjonstida og kryssar av for det på Inntektsopplysningsblanketten, og dessutan kryssar av for at han/ho krev foreldrepengane utbetalte til seg, blir det rekna som at arbeidsgivaren søkjer om refusjon frå folketrygda. Du som arbeidstakar må likevel søkje om foreldrepengar for at arbeidsgivaren din skal få refusjon.
Du får ikkje ytingar for lengre tid tilbake enn tre månader før det tidspunktet søknaden blei sett fram. Det blir rekna frå den sist framsette søknaden frå deg eller arbeidsgivaren din. Søkjer ein av dykk seinare, blir utbetalinga tilsvarande redusert.
Søknaden sender eller leverer du til NAV-kontoret ditt.
Datoane gjeld for 2010.
|
Jan.
|
Feb.
|
Mar.
|
Apr.
|
Mai
|
Jun.
|
Jul.
|
Aug.
|
Sep.
|
Okt.
|
Nov.
|
Des.
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 13.*, 25., 27. og 29. | 3.*, 15.*, 24. og 25. | 1.*, 3.*, 15.*, 24., 26. og 31. | 8.*, 14.*, 23., 28. og 30. | 5.*, 14.*, 25. og 28. | 1.*, 3.*, 15.*, 23., 25. og 30. | 5.*, 14.*, 23., 28. og 30 | 4.*, 13.*, 25. og 27. | 1.*, 3.*, 15.*, 23., 28. og 30. | 5.*, 13.*, 25., 27. og 29. | 3.*, 15.*, 24. og 26. | 1.*, 3.*, 9.*, 15., 17., 21. og 23. |