Åarjelh-saemien gielesne
Artikkel i boka Samisk
skolehistorie 1. Davvi Girji
2005.
Sofie Kappfjell og Ebba Westerfjell:
Internat bedre enn bygdeskole
Intervjua av Svein Lund
Ebba Westfjell og Sofie Kappfjell blir intervjua av Svein
Lund, Majavatn 2003
(Foto: Basia Głowacka)
|
På Majavatn lengst sør i Nordland bur to søstre som begge
har vore elevar på sameskolen i Havika, og begge har arbeida på
sameskolen i Hattfjelldal. Men bortsett frå det, har dei også svært
forskjellige erfaringer.
Sofie Kappfjell er født i 1921 og gikk heile folkeskolen på
Havika i tida 1928-35.
Den 9 år yngre Ebba Westerfjell gikk bare eitt år på Havika
før krigen kom. Resten av skoletida gikk ho på bygdeskole i
Majavatn. Vi har snakka med begge søstrene i lag.
|
Protesterte inni seg
- Det var jo Samemisjonen som dreiv skolen i Havika, seier
Sofie.
- Men der var ikkje noko samisk språk, ingen lærarar snakka
sørsamisk. Det gjorde heller ingen av betjeninga på internatet.
- Når alt gikk på norsk, kor mye forsto du da?
- Eg forsto da noko norsk da eg byrja på skolen, men det var andre
som var flinkare. Ein kunne høre slike kommentarar frå lærarane
som: "Ho er flinkare, for ho har meir norsk heime." Da tenkte eg at
korfor kunne det ikkje vere samisk da. Ein protesterte liksom litt
inni seg sjølv. Der var ein del ungar som hadde problem fordi dei
kunne lite norsk da dei byrja.
"Grauthavika"
- Skolen hadde rykte på seg for å vere svært streng. Korleis
opplevde du det?
- Nei, eg opplevde det ikkje som så strengt. Det måtte jo vere
reglar å gå etter. Elevane hadde sine faste plikter på internatet.
Vi vaska pultar, bar inn ved og anna. Det likte eg i grunnen godt,
eg syntest ikkje det var plagsomt mye arbeid. Nokre kalla skolen
for "Grauthavika", fordi vi fikk så mye graut der. Det var
havregraut med sirup. Men eg var no glad i den grauten, og det er
eg enno. Seinare, når eg har snakka med andre som har gått på
Havika, har eg sett at vi har opplevd ein del ting på heilt
forskjellig måte. Andre har klaga fælt over ting som eg såg som
positivt. Verst var det når ein var sjuk på internatet. Da låg eg
og tenkte på at det hadde vore godt å vere heime.
|
Majavatn har vore ein stad der sørsamar har møttest. Blant
anna har samemisjonen hatt stevne her to gongar for året. Dette
biletet er frå 1930.
(Foto: Samenes venn /Rogstad: Streif i sør-samenes saga) |
Plaga på bygdeskole
Ebba fikk bare eitt år på Havika.
- Ein gikk jo der som ein sau som ikkje forsto så mye. Det var to
elevar som eg snakka samisk med på fritida. Elles er det ikkje så
mye eg hugsar frå det året. Men så kom krigen og da blei det ikkje
meir skole i Havika før etter krigen var over. Resten av skoletida
mi gikk eg på Majavatn. Der heldt skolen til i eit rom i kyrkja, vi
kalla det lillesalen. 1. - 3.-klasse gikk den eine veka og 4. - 7.
den neste. Det var forferdelig å gå der. Eg var einaste sameungen
på skolen heile tida, frå 2. til 7. klasse. Det var ikkje så artig,
eg trur det hadde vore noko betre om vi hadde vore fleire. Eg har
ikkje villa levd dei åra opp igjen - ikkje på vilkår.
- Kva var det største problemet, lærarane eller dei andre
elevane?
- Det var ungane, ikkje lærarane som var problemet. Ein skulle
liksom ikkje klage til lærarane. Dei var ikkje så mye ute at dei
såg kva som foregikk. Eg hugsar ein gong vi hadde hatt prøve i
norsk. Læraren sa til klassa: "Det er ein stor skam. Ebba snakkar
samisk heime, og ho er flinkare i norsk enn dokker." Det skulle han
aldri har sagt. Det friminuttet blei forferdelig. Det var så gale
at dei aldri brukte namnet mitt, bare skjellsord. Kva dei sa, nei
det var så stygt at det går ikkje an å seie det.
Eg klaga heime. Far min sa at når det går nokre år, så vil vel
"norskan" lære. Eg fikk inntrykk av at dei norske var litt dumme.
Så kom det flyttande hit ein jernbaneformann med to døtre. Ei av
dei blei bestevenninna mi, og da snudde det seg og det blei slutt
på den verste mobbinga.
Husmor i Hattfjelldal
I 1958 blei Sofie bede om å komme til Hattfjelldal for å vere
husmor på sameskolen.
- Eg hadde hørt så mye klager på internatskolane, så eg tenkte at
det skulle eg ikkje borti. Men eg trengte arbeid, og sidan dei ba
meg, så tenkte eg at eg kan no forsøke eit år eller to. Det skulle
bli over 20 år, frå 1958 til ut på 80-talet. Eg har alltid vore
glad i barn, men eg har ingen skolegang for arbeid med barn.
Derimot hadde eg gått husmorskole.
Det å vere internathusmor var ingen 9 til 16-jobb. Det var omtrent
døgnet rundt kvar dag, og mye tungt arbeid. Men eg hadde da fri
annankvar søndag! For meg, som ikkje hadde eigen familie, blei
internatet som heimen min i alle desse åra. Og eg har no hatt glede
av livet og arbeidet der. Men til slutt blei eg så plaga med beina
at eg blei uføretrygda. Da bygde eg hus her på Majavatn.
|
Skoleavslutning 14.juni 1962. Husmor Sofie Kappfjell til
venstre.
(Foto: Sigrid Bergli Sørnes) |
På norsk på internatet
- På internatet gikk det mest på norsk. Ein kunne skjemtast eller
prate litt på samisk med dei ungane som kunne samisk. Men allereie
i den tida var det mange av ungane på skolen som bare kunne norsk.
Om vi skulle ha brukt meir samisk ville det ha vore vanskelig for
dei igjen. Vi fikk heller ikkje noko ønske frå foreldra om at vi
skulle snakke meir samisk med ungane.
Ebba har og arbeida på Sameskolen i Hattfjelldal, i fleire
periodar på 1970 og 80-talet. Da hadde det så smått byrja å komme
samisk inn i skolen, men bare 1-2 timar for veka. Den første tida
da samiskundervisninga starta blei Lars Børgefjell og Nils
Kappfjell brukt som lærarar. Dei hadde inga utdanning og ikkje
peiling på korleis eit språk skulle leggast fram for ungane. Samisk
hadde da enno ikkje offisiell status som fag.
Eigne ungar på internat
Ebba har oppdratt fem barn.
- Da dei skulle på skole var eg ikkje i tvil om at det beste var å
sende dei på internatskole. Ut frå det eg sjølv hadde opplevd på
bygdeskolen tenkte eg at det skal ikkje ungane mine måtte gå
gjennom.
No i tida er det ikkje lenger slik same-mobbing som det var i mi
skoletid. No er det ikkje lenger skole på Majavatn. Han blei lagt
ned for 5-6 år sidan. Sameungane herifrå går no på skole på
Trofors, men ei veke i blant er dei på sameskolen i Hattfjelldal og
får sørsamisk språk og kultur.
Framtid for sørsamisk?
Allereie i Sofie og Ebba sin barndom var bruken av sørsamisk i
tilbakegang. - Samisk blei etter kvart eit skjult språk, seier
Sofie. Ein snakka det i familien, men så snart det var norske til
stades, gikk vi over til norsk. Men nokre gongar kunne det vere
vanskelig å gjennomføre. Mor mi snakka bare samisk i familien, og
ho var veldig pratsom. Eg kunne jo ikkje snakke norsk til henne. Da
måtte eg snakke samisk sjølv om det var andre til stades.
Søstrene er ikkje særlig optimistiske med tanke på framtida for
det sørsamiske språket. - Eg er redd det vil forsvinne, seier
Sofie. Eg har og vore skeptisk til å innføre sørsamisk i skolen,
men eg kunne jo ikkje vere i mot det da det kom i gang.
Ei av dei som fikk i gang opplæringa i sørsamisk var søster til
Sofie og Ebba, Anna Jacobsen. Ho har vore lærar i sørsamisk og
sjølv skrive lærebøker i språket. [Anna Jacobsen døydde nokre
månadar etter dette intervjuet. (Red.)]
- Ho dro sørover og gifta seg, men så kom ho tilbake, fortel
dei. Det var ikkje stort ho hadde å halde seg til da ho starta opp.
Den einaste ordboka som var skrive i sørsamisk var på tysk
(Lagerkrantz), men Anna lærte seg tysk og leste ho.
Det er no bra at vi har fått eit skriftspråk, det hadde vi ikkje
før. Så dei som vil kan lære. Og det er no faktisk også andre enn
sørsamar som er interesserte i språket vårt. Her var til og med ein
som kom frå Tyskland og lærte seg både sør- og nordsamisk.
Flere artikler fra
Samisk skolehistorie 1