Artikkel i boka Samisk skolehistorie 1. Davvi Girji 2005.
Jon Ole Andersen, Kárášjohka, 2003 |
Jon Ole Andersen er født i 1932 i Horbmá i daverande Polmak kommune, no Deatnu / Tana, og byrja på skolen i 1939. Her fortel han om
eigne
skoleopplevingar frå Polmak skole og om korleis han utan formell utdanning har nådd så langt at han blir brukt som sensor til eksamen i duodji
hovudfag. Jon Ole Andersen har arbeida som vaktmester og museumspreparant og dei siste 15 åra har han vore duodjiutøvar og kunstnar på heiltid. Arbeida hans har vore på mange utstillingar og han har fått mange utmerkingar for dei. |
Skoletida mi? Den var så trist at den gløymer eg aldri.
Først vil eg fortelje korleis forholda var før eg byrja på skolen. Eg er oppvokst i Horbmá, som er 4-5 km frå Polmak skole. Foreldra mine var småbrukarar, vi hadde nokre få kyr og sauer. Elles fiska vi, plukka bær og jakta. Folk var flinke til å greie seg med lite, men likevel var det fattigdom overalt. I Horbmá var det dengang 9 gardar, og det var veldig mange ungar. På nokre gardar var det vel ti ungar, heime hos oss var vi bare seks. Alle ungane leika ilag og det var eit veldig godt miljø.
Da eg var 11 år døydde far min og mor mi blei aleine med ansvaret for ein stor ungeflokk.
Da eg byrja på skolen var det enno ikkje vegar deromkring. Vi måtte gå etter stien om sommaren og etter Tanaelva på vinteren. På våren var det vanskelig når vi skulle til skolen. Nokre stadar var det svært leirete, vi måtte da klatre opp i lia. Eg hadde ein bror som var eit år eldre enn meg og som allereie hadde gått på skolen eit år og blitt kjent med internatlivet. Men eg hadde ikkje noko lyst til å dra dit, sjølv om der var mange ungar eg kjente. Mor følgde meg til skolen, men eg ville ikkje vere igjen der, og gråt heile den dagen.
Det var svært tungt på skolen. I klasserommet gikk det bare på norsk, og eg forsto ikkje eit ord. Vi torde ikkje snakke når vi kom inn. Samisk fikk vi ikkje lov å snakke og norsk kunne vi ikkje. Vi sat og lytta sjølv om vi ikkje forsto. Det tok eit par år før eg byrja å oppfatte litt. Dei som kunne litt norsk frå før fikk sjølvsagt langt raskare utbytte av skolen.
Dei fleste lærarane var frå Sør-Noreg. Eg trur det må ha vore svært vanskelig for lærarane og. Dei blei ikkje så lenge på skolen vår. Dei fleste var bare eitt år, og så kom dei aldri meir tilbake.
Det var ein lærar til som kunne samisk, Jens Eriksen, men han torde ikkje snakke anna enn norsk.
Internatjentene vaska kleda våre, og til kveldsmaten heldt dei opp dei reine kleda og ropte opp og vi måtte gå fram og hente dei. Slik fikk vi sjå kva slags klede kvar elev hadde. Etter som folk var fattige hadde dei laga klede av det dei fikk tak i. Det var ein gut som hadde underbukse som mor hans hadde sydd av ein tysk mjølsekk, der ein såg hakekorset på. Da jenta ropte "Kem sin er det?" sa han ikkje eit ord.
På internatet blei de reinvaska klærne delt ut under alles påsyn. Alle var ikke like glade over å få undertøyet sitt vist fram offentlig.
(Tegning ved Inger Seierstad, fra boka Boahtte-áigge-bárdni ja Stuora-Ovllá.) |
Under krigen var det rasjonering, ein kunne ikkje bare gå på butikken og kjøpe f.eks. mjøl. Det var "Forsyningsnemnda" som delte ut den mengden som vi fikk kjøpe. Vi elevane måtte bære dette til skolen, 5 kg for kvar elev. Eg hugsar at det var svært tungt når eg som 8-9-åring måtte bære mjølsekkar 5 km, når det ikkje var skikkelig veg eingong.
Sløydsalen på Polmak skole, der Jon Ole Andersen fikk si første opplæring i trearbeid og seinare også underviste andre.
(Foto: Ivar Skotte) |
Hausten 1944 skulle tyskarane brenne i Polmak og. Nedafor Álletnjárga og Horbmá brente dei alt, og i Polmak brente dei nokre uthus. Men så fikk dei det fryktelig travelt. Det var ein gamal mann som hadde vore til fjells og sett ein russarfange som hadde rømt. Så skulle han fortelle til tyskarane at han hadde sett ein russar eit par kilometer derifrå. Men fordi dei ikkje forsto kvarandre så godt, oppfatta tyskarane det som det var russiske soldatar der. Derfor rømte dei i full fart og nådde ikkje å brenne så mye. Vi hadde allereie budd oss på å evakuere. Vi hadde ført hestane ut i marka, gravd ned ting i jorda og søkka elvebåtane ned ute i elva. Men så forsvann tyskarane brått, og vi kunne halde fram å bu heime.
Da vi var ferdig med dette, hadde vi ikkje lyst på meir skolegang. Nokre år etterpå fikk vi brev til alle heimar med tilbod om å gå samisk folkehøgskole. Eg hugsar ikkje kor brevet kom frå, om det var frå DSF eller frå skoledirektøren. Eg fikk og eit slikt tilbod, men eg tenkte at eg tør ikkje dra, eg har ikkje lært så mye på skolen. Så eg blei ikkje å dra. Det var ikkje så mange frå området vårt som dro, men det var da nokre.
I 1962-63 arbeida eg som snikkar under bygginga av nytt internat og lærarboligar i Buolbmát. Da fekk eg tilbod om å byrje på Polmak skole som vaktmeistar, og så gjorde eg det. Den tida som eg jobba der fikk eg og følge eit duodjekurs i Seida, som Lauri Keskitalo hadde. Da laga eg min første kniv, og frå da byrja eg sjølv med duodji.
Eg hadde lyst til å arbeide som sløydlærar, men utan formell utdanning var det ikkje bare å komme inn på lærarskolen. I 1965 søkte eg Statens sløyd- og teiknelærarskole. Både skolestyraren på Polmak skole og samekonsulenten i Finnmark skreiv tilråding, men det nytta ikkje. Eg fikk bare til svar at det var mange søkarar og dei måtte prioritere dei som hadde formell utdanning. Der endte draumen min om lærarutdanning.
Da Jon Ole Andersen søkte om opptak på formingslærerskolen, fikk han denne attesten av rektor på Polmak skole.
(Gjengitt med løyve av Jon Ole Andersen) (Klikk på dokumentet for å forstørre det.) |
I 1981-82 hadde eg permisjon og jobba som lærar på den samiske folkehøgskolen. Der underviste eg i duodji, kroppsøving og var med i sosiale tiltak. Men sånn teoretisk undervisning, det hadde eg ikkje noko av. Det blei svært lange dagar, eg kom ofte ikkje heim før elevane hadde lagt seg for kvelden.
Det var ei god hjelp da eg fikk bli medlem i Sámi dáiddáriid searvvi (Samisk kunstnarforening). Da fikk eg delta i utstillingar. Når namnet mitt slik blei litt kjent, så blei det lettare å få seld det eg laga. Økonomisk har eg har klart meg omtrent like godt som da eg hadde fast arbeid.
Blant de største av Jon Ole sine mange duodjiprodukter er båter av skinn og tre, laga etter modell fra helleristninger. En av dem er i dag på Alta museum, her er han på prøvetur på Tana med båt nummer 3.
(Foto: Áššu) |
Eit utval av Jon Ole Andersen sine duodjiprodukt. |
Likevel må eg seie at livet mitt har vore godt. Eg har levd i fred, og når eg vandrar herifrå kan eg tenke at folk har ikkje fått li på grunn av meg. Eg har svært mange vener alle stadar. Slik har det vore svært så bra.
Synnøve Persen har skrive bok om Jon Ole Andersen og kunsten hans. Boka, som heiter Muora ii galgga sojahit eambbo go gierdá, blei gitt ut
av forlaget Iđut i 1999. Her fortel Jon Ole og noko om skolen, og vi tar med eit par utdrag av denne boka:
Den einaste læraren som snakka samisk med oss var Hans Baukop. Han var svært spesiell. Han fortalde oss kva makt Gud hadde, og at ein gong han skulle over isen og gikk rett i ei råk, så ropte han: "Gud fader berg meg!" og så kunne han gå på vatnet til lands. Vi trudde sjølvsagt på det, og da våren kom, måtte vi prøve. Det gikk ikkje så godt. ... I den tida brukte skolen å gi premie, 50 øre, til dei som var flinkast i norsk. Av det fikk vi ei kjensle at den som ikkje kunne norsk var ikkje verd noko. Verknaden var stor, også for dei som aldri fikk denne belønninga. Vi var dumme. Og den kjensla har sett seg i folk for livet. Ein gong hende det visst at ein sameunge fikk denne belønninga, men elles gikk ho bare til dei norsktalande ungane. ... Eldste bror min og eg måtte gå til skolen på skift, da mor var åleine med ungane. I den tida var det ikkje noko hjelp få utan om det ein fikk i grenda. Det var ikkje noko sosialhjelp som i dag. Dei godtok på skolen at vi gjorde slik når forholda var som dei var. Arbeidet vårt var å hogge ved, bære vatn og anna dagligdags arbeid. Eitt år var det slik. Seinare gikk vi i lag på skolen, dei tre yngre søstrene blei og større og kunne vere til hjelp for mor. |
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 1