Artikkel i boka Samisk skolehistorie 3. Davvi Girji 2009.
Fugl Fønix |
I Lavangen finn vi samisk skolehistorie stilt på spissen. Meir enn dei fleste andre stadar har samane opplevd nedvurdering, stigmatisering og dårlig skolemeistring. «En slags umulighetens dialektikk har preget de samiske minoritetene i kyst- og innlandsdistriktene i Troms. Umulighet fordi deres eksistens som minoritet bare har blitt registrert som sosialt stigma. De har vært i en situasjon, hvor identitetskriterier går over i kriterier for lav sosial status og nederlag i samfunnet. Å lykkes i skole og samfunn har for det enkelte minoritetsmedlem betydd å unnslippe sitt folks skjebne – unnslippe sin historie.» Slik skildrar Øivind Haaland den situasjonen samane i Troms var i da han kom til Lavangen på 70-talet. Likevel opplevde han at etter få år byrja det å skje grunnleggande endringar: «Det umulige skjedde. Etter hundre års fornorskning, reiste befolkningen i bygda Spansdal seg plutselig som fugl Fønix av asken iført moderne symboler for komager og kofte. De gjorde sine krav gjeldende overfor en, om ikke sjokkrammet så i hvertfall perpleks kommune.» [1] Få stadar har engasjementet vore så stort for samisk opplæring, men få stadar har det vore slik avstand mellom målsettinga og det ein har oppnådd. |
Rundt fjorden Lavangen (Loabát) i Sør-Troms har det vore både samisk og norsk befolkning sidan før vikingetida. Folketalet i Lavangen kommune, som rett etter krigen var nesten 2000, har sidan gått kraftig tilbake, og no er i 2006 nede i om lag 1050 innbyggarar. Mens her først på 1900-talet var nesten 300 elevar, var det på slutten av hundreåret bare så vidt over 100.
Skolane skriv seg tilbake til misjonsarbeidet som Thomas von Westen leidde. I 1743 omtalte misjonen tre grupper av samar i dette området: «norske fjell-lappar», «bulappar» og «austlappar». «Bulappane» «satt på bøkseljord inne i fjordane og levde som andre bønder.», mens «austlappane» «hørte heime i Sverige, men låg på den norske sida om sommaren med reinflokkane sine», for å bruke Arthur Brox sine ord. Han fortel vidare at i von Westen si tid blei det drive misjonsarbeid blant alle desse gruppene, men at midt på 1700-talet var «austlappane» forsømt.
«Noko organisert skolestell mellom nordmennene i Astafjord finn ein ikkje spor etter så tidleg som i 1740–50 åra. ... Dei to skolehusa vi høyrer om i meldingane, var bygd opp i von Westen si tid, det eine på Laberget i Gratangen og det andre på Skjorjok i Salangen. Von Westen hadde sjølv fare gjennom desse bygdene i 1722, og hos lappane i Salangen hadde han funne «det groveste Hedendom, Afguderie og mangfoldig Overtroe» [3]. For å rå bot på dette, blei det same gongen vedteke at misjonen skulle bygge «et Forsamlingshuus som et lidet Capel» på Lavangsnes, og von Westen sette sjølv opp kontrakt med dei lappane som skulle stå for bygginga. Ein høyrer ikkje noko om dette kapellet seinare, så det er vel uvisst om det blei bygd.».
Blant skolenotisane i Tranøy kyrkjebok finn ein bl.a. denne frå 20.02.1745:
«... anførte ieg Fine-Folket af Salangen til Ibestad Kirke, for at bie være Guds Tieneste Dom: Sexag:, Same Dag tilsagt Finerne af Gravfiorden, Grattang og Lavangen at føre Deres Børn til Skolehuuset i Grattangens Fiord...»
I siste halvdel av 1700-talet må skolevesenet ha kome meir i system, og i 1807 blei det laga «Skoleholdernes mandtaller» for Astafjord. I ei avskrift frå 1984 heiter det at denne dekker «Salangen, indre Gratangen med sørsida og Grovfjord, samt østsida av Andørja og de ytre samerydningene i Lavangen.» Her er «Findernes mandtal» ført for seg sjølv og inndelt kommunevis. Under Lavangen er det nemnt 56 personar fordelte på fem gardar eller grender.
«Bulappane» blei i løpet av 1800-talet assimilerte inn i den norske fiskarbondebefolkninga, slik at ein stor del av dei som i dag bur på kysten her er av blanda opphav, men reknar seg helst som norske.
«Austlappane» slo seg i stor grad ned som fastbuande i Spansdalen og rundt Fossbakken. Det skjedde frå sist på 1700-talet og utover heile 1800-talet. Som årsaker til at dei gav opp reindrifta, har det ofte i ettertida blitt lagt vekt på uår og reinpest, men vel så viktig har det nok vore med trengselen på vinterbeiteområda på svensk side. Dette var resultat av at grensene for reinflytting blei stengt, først mellom Finland og Noreg, seinare Sverige og Finland. I tillegg kom aukande problem med norske nybyggarar på sommerbeita og langs flyttevegane i Indre Troms. Styresmaktene favoriserte jordbruksbefolkninga der den kom i konflikt med reindrifta.
Dei siste som dreiv reindrift i Gielas reinbeitedistrikt slutta med det like etter 1910. Reindrifta blei først tatt opp igjen rundt 1960 av reindriftssamar som kom frå Guovdageaidnu på 1960-talet og slo seg ned på Fossbakken.
Frå den første busettinga av har Spansdalen vore ei samisk bygd, det har aldri budd meir enn nokre få ikkje-samar der. Trass i kort avstand ned til kommunesenteret Tennevoll, blei Spansdalen i stor grad isolert, og det har heller ikkje vore noko inngifte mellom «dalingane» og befolkninga langs fjorden før omkring år 2000.
Den samiske befolkninga i Spansdalen bur ganske tett saman i dalen. Her var ikkje mye jord til kvar gård i den tida dei forsøke å leve av jordbruk. (Foto: Svein Lund) |
Ei soge frå hundreårsskiftet fortel at Lavangen hadde fire lærarar, som samla hadde ansvar for åtte skolekrinsar. Av desse hadde fire eigne skolehus, dei andre heldt til i leigde lokale. På Oldernes i Spansdalen blei eige skolehus bygd i 1899. Det blei seinare restaurert og påbygd i 1910. Fossbakken fikk som siste skolekrins eigen skole i 1922.
Det er fortalt at blant samane i Spansdalen var Nils Nekkusen, f.1824, den første som kunne lese norsk ordentlig. Første kjente samisktalande lærar var Anders Larsen. Frå 1856 til 1868 var han omgangsskolelærar «for samebarna i de indre fjordbygder i Ibestad», med 60 barn fordelt på 7 roder. Ei av rodene hans var Spansdalsmark. Larsen var same frå Gratangen og hadde gått lærarskolen i Tromsø. Alt tyder på at han underviste på samisk.
Fredriksen var ein ivrig samlar av lokalhistorie og skreiv boka Lauvangr – Lavangens beskrivelse. Innsamlingsarbeidet hans ligg i stor grad til grunn for den kjente boka Tre stammers møte av Carl Schøyen. Det verkar som forteljaren i denne boka, «Skouluk-Andara», har tatt trekk både frå Anders Larsen og frå Ellev Fredriksen.
Etter Fredriksen var det heilt slutt med samisktalande lærarar. Fram til 1942 hadde skolen i Spansdalen utdanna lærarar, men deretter bare erstatningslærarar fram til skolen blei nedlagt i 1951.
Barn frå Spansdalen på skoletrappa til Oldernes skole, 17. mai 1934. F.h.: Kåre Thomassen, Johan Johnsen, Ludvik Johnsen, Andor Henriksen, Hildrum Larsen, Agnar Andersen, Emil Fossli, Lindberg Pedersen, Nils Andersen, Harald Johnsen, Jens Johnsen, John Nymo, Toralf Larsen, Konstanse Nymo, Alvilde Johansen, Asbjørg Thomassen, Johanna Andersen, Nelly Johnsen, Klarise Heimly, Nilda Andersen, Signe Fossli, Lilly Nordgård, Sigrid Olderbakk. (Foto utlånt av Spansdalen historielag/ Ruŋggu historjásearvi) |
I 1948 vedtok så kommunestyret i Lavangen mot to røyster å bygge ein ny skole på Tennevoll «for samtlige barn i kommunen». Det første bygget sto ferdig i 1950, seinare kom fleire byggetrinn fram mot 1960. I løpet av 50-talet blei så dei andre skolane nedlagde, ettersom det blei plass på den nye sentralskolen, som etter kvart også omfatta framhaldsskole. Da Fossbakken skole blei lagt ned i 1961, var det bare den dengong veglause bygda Lavangsnes igjen som hadde eigen skole, og den blei som den siste grendeskolen lagt ned i 1972.
Det var ingen stor motstand mot denne sentraliseringa, i alle skolekretsane var det fleirtal for sentralisering. I Spansdalen var det delte meiningar, nokre ønskte å behalde ein eigen skole, men fleirtalet meinte det ville vere betre for elevane å komme i lag med andre elevar og på den måten bli integrert i det norske storsamfunnet. Det spela sikkert òg inn at skolen i lang tid ikkje hadde hatt kvalifisert lærar. Skolen hadde òg fungert som grendehus, og trulig hadde dei ikkje rekna med å miste det også i lag med skolen. Men bygningen blei rive ned og flytta til Tennevoll for å bli lærarbustad. Og grendehus skulle ikkje spansdalingane få igjen før om lag 30 år seinare.
Da 9-årig skole skulle innførast, betydde det i første omgang eit nytt steg i sentraliseringa. Frå 1969 måtte 8. og 9. klasse gå i Sjøvegan i Salangen, men det varte ikkje lenge, og frå 1972 var alle 9 årstrinna samla på Tennevoll.
Læstadianismen, som allereie frå om lag 1850 fikk fotfeste blant folket her, blei ei støtte og eit samlingspunkt, men skapte samtidig enda eit skilje overfor resten av befolkninga i kommunen.
Under folketeljinga i 1950 blei det registrert samisktalande heimar i 12 kommunar i Troms. (Trulig var det reelle talet høgare). Samekomiteen av 1956 sendte brev med spørsmål til desse kommunane for å klarlegge den språklige stoda for elevane. Men bare fire kommunar svarte, blant dei som ikkje gjorde det, var Lavangen. Det var på 50- og 60-talet i det heile ingen teikn på at kommunen brydde seg om at han hadde samisktalande innbyggarar.
Det var vanlig at lærarane rett og slett gav opp overfor ungane frå Spansdalen. Det blei ikkje stilt krav til spansdalsungane, dei blei ikkje spurt når det var leksehøring, dei fikk leike med kitt når dei andre i klassa lærte tal og bokstavar.
Når ein spør folk frå Spansdalen om korleis mobbinga foregikk på skolen, kan det vere vanskelig å få klare eksempel, kanskje mest fordi mange har forsøkt å fortrenge den tida. Men her er i alle fall eitt tilfelle: Rektor hadde tatt bandopptak av ei gammal dame frå Spansdalen, som snakka veldig dårlig norsk. Så plasserte han bandspelaren på pulten til ein elev frå Spansdalen og spela av dette for klassa, mens han sjølv lo openlyst.
Ein av dei som var elev på 60-talet oppsummerer skoletida si slik: – Alle skoleåra var ein daglig kamp. Det er underlig at nokre av oss er heile menneske. Men mange er ikkje det, og mange har fått øydelagt sjølvbilete og psykiske skadar for livet.
I 1972 blei Pedagogisk-psykologisk senter for Midt-Troms oppretta. Blant dei som blei tilsett her, var spesialpedagogen Øivind Haaland, som særlig fikk ansvar for Lavangen sentralskole. Han kom sørfrå og stilte i utgangspunktet utan verken kunnskapar eller fordommar om det området han var komen til. Tidlig byrja han å undre seg over kvifor skoleresultata var så mye dårligare hos elevar frå Spansdalen og kvifor så mange av desse hadde blitt stempla som evneveike. Han byrja å undersøke dette systematisk og det blei gjort forskjellige slags undersøkingar av alle elevane. Resultata til elevane frå Spansdalen blei så samanlikna med resultata til resten av elevane ved skolen. Dei viste at spansdalselevane gjorde det klart dårligare i norsk og rekning, mens det ikkje var målbar forskjell på mental modning eller IQ. Derimot viste heile 96 % av barna frå Spansdalen teikn på alvorlige emosjonelle vanskar i skolen. «I følge testen hadde spansdalsbarna en oppfatning av seg selv i skolen som var preget av usikkerhet og innadvendthet i forhold til omverdenen, skyldfølelse for å mislykkes i korrekt handling og vansker med å handle i det hele tatt.» [5]
Ut frå denne undersøkinga skreiv Haaland ei hovudoppgåve i pedagogikk [6], der han slo fast at det i hovudsaka ikkje var snakk om elevar med små evner, men at problema var «språklig og kulturelt betingede». Han hevda og at elevane ikkje kjente verken verdi- eller interessefellesskap med skolen.
Haaland skildrar det gjengse synet på elevane frå Spansdalen slik: «..den framherskende forklaring fra skolefolks side på Spansdalselevenes nederlag i skolen, var en slags genetisk bestemt intelligenssvikt. Forklaringen på dette var stor grad av inngifte i dalen og at befolkningen her var av samisk avstamning. ... Lærerne, mange av dem var født og oppvokst i Lavangen, hadde når det kom til stykket mangeartet kunnskap om befolkningen i dalen. Denne kunnskapen hadde imidlertid på en forunderlig måte unngått å bli koplet forklarende til den pedagogiske situasjon på skolen.»
I hovudoppgåva sette Haaland stoda i Spansdalen og møtet mellom dei samiske elevane og den norske skolen inn i ein samanheng med samane si stilling elles i Noreg og med minoritetar andre stadar i verda. Han konkluderte med at «I forhold til sine offisielle intensjoner og mål, svikter skolen totalt i sin undervisning av spansdalselevene. ... Skolens innflytelse på personlighetsutviklingen syntes å være negativ for disse elevenes vedkommende.» Det var altså ikkje elevane, men skoletilbodet det var noko gale med. Dei første tiltaka Målet med undersøkinga var sjølvsagt å komme fram til tiltak som kunne hjelpe elevane. Men det var ikkje så lett på grunn av haldningane i tida. Haaland skildrar stoda slik: «Resultatene pekte bl.a. i retning av at språklige og kulturelle forhold burde tematiseres i skolen. Det fantest imidlertid ingen uttalte signaler fra folket i Spansdal at de ønsket slike tiltak. Tvert om; det var tydelig at de ønsket å komme bort fra det «gamle» og at ubehageligheter var assosiert til det samiske. Derfor var det ikke mulig å sette iverk tiltak som sto i forhold til undersøkelsens resultater.»
Det ein i første omgang kunne gjøre var å sette i verk nokre tiltak for å tilpasse undervisninga meir for dei samiske elevane. Det første var å styrke norskundervisninga med at ein delte klassane første og andre året og lét dei som trong det få meir tid til å utvikle ordforrådet sitt. Skolestyret søkte da om ekstra timetildeling ut frå at dette var tospråklige elevar, men fikk avslag hos skoledirektøren. Derimot kunne ein få pengar til «ekstraordinære tiltak for funksjonshemmede førskolebarn». Kommunen tok imot pengane, sa ikkje for mye høgt og brukte dei til å gjennomføre den planlagte klassedelinga.
I Nordlys blei det skrive fleire artiklar om Spansdalen, og i eit intervju 13.12.1979 seier Tor Ivar Andersen [7]: «Mobbing av barn fra Spansdalen har foregått hele tida på Lavangen sentralskole, selv om det var verre før enn det er nå. Denne mobbingen er et resultat av holdninger som resten av Lavangen har overfor den samiske befolkningen i Spansdalen. Jeg vil påstå at dette er holdninger som vi ikke merker bare i forholdet mellom elevene, men også mellom elev og lærer. Det gir seg utslag som at «unger fra Spansdalen er det ikke så farlig med.» Kanskje er de ikke fullt og helt klar over disse holdningene sjøl, men vi fra Spansdalen vet at de finnes.»
I samme avis er rektor Terje Karlsen intervjua. Han uttaler at «Det foregår ingen mobbing ved Lavangen sentralskole i dag, verken av barn fra Spansdalen eller av andre». Vidare seier han: «Min oppfatning er imidlertid at Spansdalen er et svært isolert miljø, mer isolert enn andre samiske miljøer jeg kjenner til. Jeg mener at overgangen til sentralskolen har bidratt til å bryte opp noe av denne isolasjonen og folk fra Spansdalen må nå prøve å finne sin plass i storsamfunnet.»
Vi siterer vidare frå artikkelen i Nordlys: «Rektor Karlsen sier at det gikk lang tid før han oppdaget at det var et reelt tospråklig miljø i dalen. Jeg hadde inntrykk av at dette ble forsøkt skjult. Spørsmålet er nå i hvor stor grad dette språket er et levende språk og et uttrykksmiddel rikt på ord og vendinger. Det er det som avgjør om det er verdt å ta vare på. Det er også et langt sprang mellom å ta vare på sin egenart og fullstendig isolasjon, understreker Karlsen. Han tilbakeviser også kritikk om at lærerne har nedlatende holdninger overfor elever fra Spansdalen. – Det er synspunkter jeg slett ikke er enig i. Det er heller ikke riktig at vi så og si uten videre setter igang hjelpeundervisning for disse elevene. Slikt skjer ikke uten kontakt med PPD-tjenesten som rådgivende organ og uten at det er grunn for det. Men rent generelt er det klart at tospråklighet skaper vansker, sier rektor Terje Karlsen.»
Det gikk så langt at skolestyret vedtok å ta avstand frå påstandane til Haaland, og både skolesjefen og lærarlaget truga med rettssak mot han. At lærarlaget inntok denne haldninga, var ikkje uventa ut frå at dei aller fleste lærarar saman med rektor, inspektør og skolesjef stilte seg i forsvarsposisjon med ein gong det blei sett søkelys på spansdalselevane sine problem i skolen. Dei fleste lærarane ved skolen kom sjølve frå Lavangen, og var oppflaska med dei haldningane til spansdalingane som var vanlige i den tida. Etter det folk i Spansdalen fortel, var det før svært sjeldan at nokon lærar kom på heimebesøk i Spansdalen, og foreldra derifrå drog og sjeldan på foreldremøte. Det gjorde at kontakten vart dårlig, og dermed også lærarane sin kunnskap om forholda i dalen. Så seint som i 1979 uttalte undervisningsinspektøren: «Selv om flere har to-språklig bakgrunn, virker undervisningsopplegget godt. Dette har en sammenheng med at kun de eldste i Spansdalen bruker samiske ord, og dette skjer bare sporadisk.» [8] Dette blei straks imøtegått av folk frå dalen som uttrykte at dette bare viste kor lite skolens folk kjente til forholda.
Ingen av lærarane uttalte seg til fordel for oppgåva til Haaland, men nokre av dei gikk derimot til åtak på han med storslegge: «Det er i den forbindelse merkverdig å tenke på at en psykolog og spesialpedagog kan være opphav til så mye ondskap i en bygd.» [9]
Eit uttrykk for dugnadsånda i Spansdalen var at bygdefolket først danna ei grendehusforeining og gjorde grunnarbeidet med grunnmur, vatn og avløp. Deretter søkte dei kommunen og staten om støtte til å bygge huset ferdig.
I det heile hadde dei norske innbyggarane ein klar tendens til å avvise eller stille seg uforståande til påstandar frå samisk hald om mobbing og trakassering. Slik kritikk blei gjerne tilbakevist med utsegner frå norsk hald om at ein ikkje kjente seg igjen i skuldingane. Dette var for eksempel ein vanlig reaksjon på dei mange forteljingane om korleis norske ungar hadde hersa med dei samiske medelevane sine. Reaksjonane på Haaland si avhandling føyer seg inn i dette mønsteret. Samtidig har heller ikkje reaksjonane i dei samiske miljøa vore bare positive til slike skildringar i aviser og bøker om samisk fornedring og fattigdom.
4-9 prosjektet på grendehuset i Spansdalen november 1983. Lærar Berit Johnsen med barna Ann-Britt Henriksen, Nina Overgård, Roy-Hugo Andersen, Kent-Arne Johnsen og Kai-Einar Henriksen. (Foto utlånt av Spansdalen historielag) |
I Spansdalen fikk prosjektet tilhald på det nybygde grendehuset. Det blei tilsett ein lærar, ein førskolelærar og ein assistent. Spesielt for Spansdalen var at ein skulle arbeide med den samiske kulturen i bygda. Det var svært varierande i kva grad dette blei gjennomført, fordi det var få av dei tilsette som kjente særlig til denne kulturen. Dei fleste som var innom prosjektet var utafrå, og få av dei kunne samisk. 4–9-prosjektet varte heilt til 1989, da blei det i staden sett i gang samisk barnehage i dei same lokala. Men også barnehagen fikk samme problemet med å få tak i samisktalande fagfolk.
Det var sameforeininga som først tok opp krav om å få samiskundervisning i skolen. På den tida hadde spansdalsungane i stor grad mista språket, slik at det i første rekke var spørsmål om å forsøke å gjenvinne tapte språkkunnskapar.
I 1980 blei samisk innført som valfag frå 4. klasse. Det var den pensjonerte presten Asbjørn Flokkmann som tok på seg å vere samisklærar den første tida. Men da han slutta etter nokre år, opphørte dette tilbodet.
På slutten av 1980-talet tok foreldra i Spansdalen for alvor opp kampen for eit betre tilbod for dei samiske elevane. Først kom det i gang undervisning i samisk som andrespråk. Men foreldra var ikkje nøgde med det. Dei ville ha eigen skole i Spansdalen, anten som ein lokal grendeskole eller ved å få Sameskolen for Troms til å etablere seg her. Denne hadde da vore i provisoriske lokale i Målselv, men foreldra hadde planar om nybygg. Både dei samiske foreldra og Lavangen kommune engasjerte seg for at sameskolen skulle bli flytta til Spansdalen eller Fossbakken. Men det blei likevel avgjort å bygge Sameskolen i Målselv, og ingen av foreldra ønskte å sende ungane på internat. Foreldra ville no primært ha grendeskole i Spansdalen. Om ikkje det gikk, ville dei ha skilt ut eigne klassar ved sentralskolen, der dei samiske elevane skulle få undervisning i og på samisk.
I 1992 søkte foreldra til barn i 1.–4. klasse om at dei skulle få undervisning i og på samisk. Skolesjefen i kommunen, Johan Lyngstad, var positiv til søknaden og gjorde sitt beste for at dette skulle komme i gang. Skolestyret slutta seg til skolesjefens innstilling. Det gjorde derimot ikkje formannskapet, som gikk inn for å avvise søknaden fullstendig, grunngitt med at Lavangen ikkje hørte til forvaltningsområdet for samisk språk, og at elevane her derfor ikkje hadde nokon rett til opplæring på samisk. I kommunestyret syntest fleirtalet dette blei for drygt, og vedtok i staden eit kompromiss: «Kommunestyret tar til etterretning skolestyrets vedtak om igangsetting av forsøksprosjekt med undervisning i samisk. Det skal likevel presiseres at det ikke er avsatt midler på kommunalt langtidsbudsjett for å fortsette slik undervisning ut over forsøksperioden.» Dette kunne ikkje foreldra godta, og dei sendte eit rasande brev til kommunestyret, der dei avslutta med:
«Hvis ikke kommunestyret endrer sitt vedtak, vil vi som foreldre iverksette følgende:
– Nekte å sende barna på skolen fra skolestart med de følger dette får
– rette krav om egen skole/skolekrets
– gå rettens vei»
Kommunestyret endra ikkje vedtaket sitt, men dei hadde fått ei kraftig åtvaring om at her fikk dei slutte å snakke om forsøk. Foreldra ville aldri godta noko mindre enn eit permanent tilbod. Samme hausten blei så den første samiskklassa sett i gang.
Karen Inga Eira fikk frå starten ansvaret for samiskklassa åleine. Ho var 21 år og hadde såvidt forsøkt seg som lærar før. Den første tida hadde ho langt fleire timar enn ho skulle hatt for 100 % stilling. Ho fikk beskjed om at alt skulle gå på samisk, men oppdaga snart at det ikkje fungerte. Dei fleste elevane snakka ikkje samisk, og mange forsto det også dårlig. Når undervisninga ikkje fungerte som planlagt, blei det lett til at foreldra la skulda på læraren.
Karen Inga Eira var den første læreren da ein starta med eigne samiskklassar i 1992. Dette bildet er tatt i 2005. |
Det var tydelig at dersom dette forsøket skulle lukkast, var ein avhengig av hjelp utafrå. Nokre av foreldra kjente Asbjørg Skåden, som var samisklærar i Skånland. Ho tok på seg å vere rettleiar. Noko av det første ho måtte gjøre, var å ta opp med foreldra kva for håplaus situasjon læraren var sett i, slik at dei ikkje skulle gi henne skulda for problema. Så sørgde ho for at læraren fikk konvertert tid for opplæring på samisk, noko ein den gongen hadde rett til på grunn av mangel på samiske læremiddel. Sverre Eriksen blei sett inn som lærar i fem timar og assistent i 12 timar. Han var samisktalande, kom frå Karasjok og var busett i Spansdalen. Med dette fikk ein høve til ei funksjonsdeling mellom desse to lærarane, der den eine skulle snakke bare samisk, mens den andre òg skulle bruke norsk. Dette fungerte delvis eit par år, men etter kvart blei det vanskelig å følgje planen, blant anna på grunn av mye fråvere og utskifting blant lærarane. Ei anna utfordring var læremiddelmangelen. Det fanst ingen læremiddel som var tilpassa denne typen undervisning. Lærarane måtte så å seie lage alt sjølv.
Etter som dei første elevane blei eldre og det blei tatt opp nye, blei klassa delt i to og til sist i tre. Det blei dermed behov for fleire tospråklige lærarar, men slike var framleis vanskelig å få tak i. Dei samiske klassane har derfor store delar av tida vore nøydde til å slite med lærarar som anten har hatt dårlige samiskkunnskapar eller mangla lærarutdanning. Først etter tre år fikk ein den første samisktalande utdanna læraren, Magne Einejord frå Skånland. Han arbeidde i Lavangen frå 1995 til han gikk av med pensjon i 2001. Også eit par andre samisktalande lærarar har jobba der i denne tida.
Etter kvart kom det fleire lærarar inn som sjølve var samar frå Spansdalen eller Fossbakken. Dei hadde godkjend utdanning, men samiskkunnskapane var varierande. Ingen av dei var fullt ut samisktalande. Dei kunne likevel få fast tilsetting utan noko vilkår om å lære seg meir samisk. Dermed blei norsk dominerande eller einerådande som undervisningsspråk i alle timar unntatt i samisktimane.
Sameskolen i Lavangen er i eit gamalt og nyoppussa bygg. |
– som ligger helt kloss inn i "norskskolen" |
8. februar 2000 blei Sameskolen opna med stort festivitas, men det har og heva seg kritiske røyster som meiner at den løysinga som blei vald var den verst moglege. Dei seier at bygginga av eigen sameskole i tilknyting til sentralskolen var eit feilgrep, og noko som førte til enda meir stigmatisering av ungane.
Da eg besøkte Sameskolen i Lavangen i oktober 2003, kunne eg observere mange teikn på misnøye med skolen, både frå foreldre, elevar og lærarar. Her er noko av det eg fikk sjå og høre:
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 3
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]