Sámegillii

Tilleggsmateriale til boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji 2010.

Anders Larsen:

Dagen gryr

Anders Larsen
(Foto: Tromsø museum

Anders Larsen (1870-1948) var oppvokst i Kvænangen og tok lærarutdanning i Tromsø. Han arbeida som lærar i Alta, Kvalsund og Harstad, og var redaktør av avisa Sagai muittalægje. Han er nærare presentert i bind 3.
Larsen skreiv den første samiske romanen, Beaive-álgu, som første gang kom ut i 1912 og blei prenta opp att i daverande samisk rettskriving i 1969, saman med dikt og noveller av Pedar Jalvi under fellestittelen Sátnedáidu. Dette blei igjen gitt ut i ny rettskriving i 1982.
Romanen skildrar utviklinga av ein samegutt frå oppveksten til han blir ein medveten forkjempar for samisk språk og kultur. Frå denne har vi henta to utdrag som først tar opp hovedpersonen si skoletid og deretter tankene hans om samisk som skriftspråk.
Sidetalla viser til Sátnedáidu, Universitetsforlaget 1982. Heile boka har aldri blitt omsett til norsk, men delar er med i tekstsamlinga Våja våja nana nana[1], der har vi henta Jon Eldar Einejord si omsetjing frå.

s. 52-53 (Til norsk ved Svein Lund)

Ábo hadde fyllt 8 år og skulle no begynne på skolen. Heime hadde han lært å kjenne bokstavane og sette dei saman til ord. Men heime snakka dei bare samisk og på skolen blei det bare undervist på norsk.

Ábo hadde lengta veldig etter dagen da han skulle få begynne på skolen. Men da han hadde vore nokre dagar på skolen, så blei han snart lei. Han vantrivdest; for han forsto ikkje noko av det som læraren sa. Etter hans oppfatning gjorde ikkje læraren anna enn å bable.

Det var tungt for Ábo å lære å lese norsk, men han var så flittig, og hadde så godt minne, at snart kunne han utanat dei fem delane av katekismen. Men han forsto ikkje mange orda av det. Kristendomskunnskapen dei første skoleåra var bare det han hadde lært om Gud heime av mor. På skolen lærte han raskt å lese. Læraren skraut av han.

Ábo, min eigen flinke gudsønn, brukte Ábo si gamle gudmor alltid å seie når skolebarna kom til huset hennar. Ábo likte ikkje det noko vidare, når gudmor Katja stadig roste han. Han såg at dei andre barna lo og erta han på mange vis. Når dei kom foran han ute, peip dei, slik som gamle Katja: «Ábo, min flinke gudsønn». Dei misunte han sjølvsagt, men Ábo kjente sjølv at han ikkje fortente all den ros som gudmor ga han. Kanskje gudmor roste han bare fordi han var hennar eigen gudsønn. Som om det var for hennar skuld at Ábo var blitt så flink. Og som Ábo tenkte - slik dei andre barna og uttrykte det - så smakte gudmor sin ros han slett ikkje.

Heime låg ofte Ábo på det låge loftet og skreiv og rekna flittig. Nokre gongar gløymde han alt, gløymde å hente inn veden. Dei andre måtte rope på han mange gongar, før han summa seg. Da brukte den eldste søstra hans å håne han: - «Kom no ned! Du skal likevel ikkje bli nokon kontorist».

Det trudde no ikkje Ábo sjølv heller.

Derfor gjorde det vondt i sjela. Desse orda stakk i han.

s. 110-112 (Til norsk ved Jon Eldar Einejord)

Den fagre kveldsstunda gjorde sinnet sårt, og han satt der på ein stad full av minne. Hendingar frå førre dagar fall han i minnet, ein etter ein. Det blei som ein lang og endelaus serie, med gleder og sorger i barndommen. Stundom fryda han seg så det mest let, brått fall han i tungsinn så gråten nesten tok han.

Han satt så å seie på samme staden der han som barn sprang glad omkring og sanka minneblom og pynta småsøstrene sine og seg sjølv med dei.

Nett her var det, sa han til seg sjølv, nikkande med hovudet.

Men han kom og i hug korleis han da han var barn hadde lege i skogen og lest omatt og omatt den norske katekismen, mange gonger til dess at han kom på gråten. Den var så altfor vanskelig og framand å lære.

Men eit hende - som hadde fått noko særskilt å seie for han - hadde særleg festa seg i minnet hans.

Etter at han var blitt konfirmerert, hørte han ein gong ein gutt av flyttsamefolk lese bibelhistoria på samisk, og da kjente han først kor hjelpelaus han var når han ikkje kunne lese skikkeleg eitt ord på samisk - på morsmålet. Aldri før hadde han kjent seg så evnelaus. Han skjemdest sterkt. Lesinga til flyttsamegutten klang lenge etterpå i øret hans.

Men da ga han seg sjølv den lovnaden at han skulle lære å lese samisk, koste kva det koste ville. Dette blei ei samvitssak for han.

Han kjøpte seg bøker på samisk. Han nilas i dei utan å trøytne, dag som natt, liksom ein som er i ferd med å miste sansen for tid og stad. Og om senn lærte han; men han var enno ikkje nøgd.

Det var som om han stadig hørte den pinsame klagen og anken i sjela: «Du kan nok lese samisk, men skrive samisk kan du ikkje!»

Han naut ikkje fred.

Med useieleg strev børja han på arbeidet med å lære å skrive samisk. Han skreiv og skreiv etter bøker med samisk tekst. Han hadde knapt tid til å sove. Der han satt, vakna han brått, etter å ha trøytna så han sovna. Etter kvart lærte han. Men akk som han sleit.

Da han hadde lært både å lese og skrive morsmålet, var han rett glad!

Det kjendest som om han hadde vunne all verda!

Og kjærleiken til morsmålet mangedobbelt styrkt. Han tok til å tenke at det skulle ha vore skolar der kvar same lettvint kunne lære å lese og skrive morsmålet.

Det dukka fram i minnet der han satt, korleis dei sjølvgode norske guttane lo av han sa han som guttunge freista snakke norsk. Stundom blei han arg: "Sei no de noko på samisk. Så ser de korleis det er", pla han stikke i dei.

Og tankane hans drog langt av stad, til tider som skulle komme. Han såg det som i eit syn. Han såg framtida til folket sitt. Det hadde fått status og kunnskap, og vunne fram til gode vilkår fro all æve, slik at mang ein nordmann som visste at anane hans hadde hyst litt sameblod, utan vidare ville fortelje det; for tidene hadde skift såleis at det følgde ære med å tilhøre den høgakta sameætta.

Han såg for seg samane sitt Kanaan.

Slik som Moses før i tida satt han på fjelltoppen og skoda utover Kanaans land, men sjølv ville han ikkje få sleppe inn i det fagre landet.

Og med han enno satt der framlut ved den gamle trestammen, var det som om alt omkring han, jorda, trea, elvar og steinar, visste kva han tenkte, og alt saman var samane sine vener.


[1] Harald Gaski (red): Våja våja nana nana. Samiske tekster. Cappelen 1991


Innhold i Samisk skolehistorie 4