Artikkel i boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji 2010.
I eit demokratisk samfund som det norske styggjest alle over den målundertrykkjing som serleg stormaktene driv mot små forsvarslause minoritetar innan landegrensene sine. Men me treng ikkje gå utanum grensene våre dersom me vil finna minoritetsproblemet. I vårt eige land har me i Finnmark samar og kvenar[1], tvo sermerkte folkeslag, som samanlikna med folketalet i landet er fleire enn t. d. baskarane i Frankrike eller georgiarane i Sovjetunionen. Dei tvo folka er på ingen måte i raseskyldskap med kvarandre. Men lappisk mål er i skyld med finsk, enda dei no ligg ovleg langt frå kvarandre. Som forklaring på dette har dei sett fram den teorien at lappane skulde ha teke i bruk finsk mål ei tid fyrr den historiske overlevering.
På grunn av raseblanding i Finnmark er det ikkje lett å gjeva heilt pålitande tal på samar og kvenar. Ein reknar med ikring 20—30000 samar og 8—10000 kvenar. Um målet har ein sikre taluppgåver, då det vart spurt serskilt um dette ved folketeljinga i 1920. Då tala 16 451 lappisk og 4 657 kvensk (ialt 21 108).
I tidlegare tider nådde lappane lenger sud enn no. Norsk ekspansjon i Nord-Noreg har seint men sikkert drive dei kulturelt veikare lappane attende. Nordmennene har drive dei frå umråde der dei fyrr rådde aleine. Norsk busetnad har allstad lagt hindringar i vegen for reinalet, den næringsgreina som lappane har serlege fyresetnader til å driva. Medan dei fyrr hadde fritt tilgjenge til kysten, er den no for det meste stengd. Dei har tapt alle saker som dei har ført som vern for dei gamle rettane sine. Oftast har dei lote betala store bøter attåt. Fylgja av dette er ogso at idag lever berre 7 % av samane av reinen. Resten har lote slutta med det gamle yrket sitt og lever i trange kår som bønder og fiskarar langs kysten og elvane.
Me skal ikkje her taka for oss dette i og for seg syrgjelege tilhøvet, men sjå litt på den kultur- og målpolitikken som frå norsk side er førd der uppe.
Fyrst i det attande hundradåret vert det teke til med litt arbeid med å spreida upplysing millom lappane. Det er kyrkja som har æra av å ha teke dette arbeidet upp. Det vart sjølvsagt gjort meir av umsyn til sjelefrelsa deira enn av interesse for det lappiske målet. Thomas von Westen, «Finnmarkens apostel», får i 1717 skipa eit lappisk seminar i Trondheim. Det hadde til fyremål å læra upp prestar til misjonsarbeid millom lappane. Den fyrste boka som vart trykt på lappisk i Noreg var ei katekisme, som kom ut i 1728. Med nokre avbrot går dette seminaret heilt til 1774.[2] Då vart det nedlagt ved det vidgjetne kongelege reskriptet av 1774 som opnar den fyrste målmedvitne undertrykkjing av det lappiske målet. Det var ved dette høvet amtmann Heiberg og provst Garmann gjorde framlegg um at lappane ikkje skulde få lov å gifta seg utan dei kunde norsk.
Etter sambandet med Danmark var brote, vert det eit brigde i denne harde politikken. Det er ogso denne gongen ein prest, stortingsmann Deinboll, som tek upp saka åt lappane. I 1821 gjer han framlegg um å skipa eit skulelærarseminar for lærarar i lappisk. Han segjer um fylgjene av den politikk som tidlegare har vore førd: «De sørgeligste følger, almindelig vannkundighet og religionens forfall har vist uriktigheten av denne fremgangsmåte og umuligheten av å fortrenge et sprog som er innsuget med morsmelken, et sprog, der har vært forfedrene helligt og som selv finner ei lar sig berøve».[3]
l samsvar med framlegget frå Deinboll vart det skipa eit slikt seminar i 1828.[4] Trass i det utrøyttelege arbeidet åt provst Stockfleth[5] for bruk av lappisk mål i kyrkje og skule, slutta dei likevel alt i 1850 med denne liberale politikken som hadde gjeve gode resultat. I 1880 vert norsk knesett som upplæringsmål og frå 1902 av vert denne politikken gjenomførd med so hard ei hand at ein skal leita lenge etter sidestykke. Fornorskingslina har sigra, ei line som ikkje tyder anna enn ei målmedviten utrydjing av lappisk og kvensk mål.
Etter instruksen av 1862 skulde upplæringsmålet vera norsk i dei krinsar der fleirtalet av borna skyna norsk, men lappisk der flertallet av borna skyna dette. Ogso i dei siste krinsane skulde ein arbeida med det mål for auga at norsk skulde koma i staden for lappisk (ell. kvensk). Men etter den nye instruksen av 1880 vert det fastsett at upplæringsmålet allstad skal vera norsk for norske, lappiske eller kvenske born, utan umsyn til um borna skynar det eller ikkje. Berre i eitt høve kann ein gjera undantak frå denne regelen. Dersom fleirtalet av borna berre skynar lappisk, kann lappisk nyttast som upplæringsmål i kristendomsundervisninga. Fleire stader i Nesseby, Polmakk og Tana gjev lappane uttrykk for misnøgje, utan at det vert teke umsyn til det. Skuledirektøren i Tromsø stift, Killengreen, skriv i meldinga si frå ei inspeksjonsferd i Finnmark i 1880: «Finnene stiller sig i regelen motvillige likeoverfor anvendelsen av norsk som undervisningssprog og skolens arbeide for fornorskning [...] misnøien har en dobbelt karakter, dels råder der hos dem frykt for at man legger an på å bortta deres sprog, dels formener de at man ved å la norsk bli undervisningssproget vil rette et slag mot tilegnelsen av kristendommens sannheter. Opposisjonen har således en religiøs karakter. Man kan også høre uttalelser som, at finnen som den eldste beboer av disse trakter har rett til å kreve sitt sprog oprettholdt som kirke- og undervisningssprog».
Den siste departementsinstruksen frå 18. april 1898 held fast på og kvesser denne politikken. Lappisk eller kvensk skal i dei distrikt der dei rår grunnen, berre kunna nyttast som hjelpemål der det er heilt naudsynleg. Denne regelen er dessutan heller illusorisk då stendig færre lærarar kann lappisk. Friplassane ved Tromsø lærarskule med plikt til å læra lappisk eller kvensk vart nemlig avskipa ved stortingsvedtak i 1904. Fylgja var at so seint som i 1917 kunde enno tvo tridjeparter av lærarane noko lappisk, helst dei eldre, men noko færre av lærarinnene. Sidan 1917 har dette stendig gått attende. Til undervisninga i skriving vert det nytta berre norsk tekst. I eit fag som rekning vert borna berre innøvde i norske tabell-nemningar. Læraren har påbod um berre å tala norsk når han er saman med borna utanum undervisninga. Frå 1. januar 1902 vert skipnaden med faste tingtolkar avskipa. Det var ein skipnad som skreiv seg frå dansketida. Heretter må partane sjølve taka på seg utlogene til tolk. Det mest drastiske døme på dei måtar som beinveges vert nytta til å kua lappisk mål, er likevel reglementet av 1902 um framgangsmåten ved sal eller burtpakting av statsjord i Finnmark. Dette reglementet slår fast at sal skal skje «under særlig hensyn til å fremme bosettelsen av en for distriktet, dets opdyrkning og øvrige nyttiggjørelse skikket befolkning, som kan tale, skrive og lese det norske sprog, og benytter det til daglig bruk». Klårare kann ein vanskeleg få sagt fyremålet sitt, ikkje berre med å fremja kjennskapen til norsk, men ogso økonomisk å straffa den som i si daglege ferd med kone og born nyttar lappisk, målet åt fedrene sine.
Fleirtalet av dei lappiske born som kvart år byrjar på skulen, skynar ikkje eit ord norsk, medan det i undervisninga i dei fleste tilfelle berre vert nytta norsk. Eit mindretal skynar litt av det, og nokre få rår heilt med det. Det er difor vanleg at borna etter fleire års skulegang lærar å lesa flytande norsk og å segja leksene utanåt utan å skyna innhaldet. På den andre sida er dei ikkje føre til å skriva eit brev på lappisk heim til foreldra sine. Det er berre med stor vanske dei les lappisk. Det er lett å skyna fylgjene av slike undervisningsmåtar. Lærarane fortel um born som lærehuga møter fram i stor spaning den fyrste dagen. Men snart vert dei likesæle og uinteresserte og ser med stor misstru på denne læraren som segjer alle ord so rart og uskynleg. Fylgjene kann berre vera beinveges fordummande og øydeleggjande på heile sinnslivet åt barnet. Ein lærar som sjølv byrja på skulen utan å kunna eit ord norsk, skriv beiskt um denne perioden av livet sitt: «Disse årene hører til de goldeste og ufruktbareste av mine læreår. De blev så å si forspilt, og en forspilt barndom kan aldri tas tilbake. Og slik går det dessverre med de fleste finnebarn».[6] Kva hjelper det under slike tilhøve um skulemateriellet med åra har vorte betre, lokala sunnare og friplassane på internatskulane fleire.
Ein innsendar frå Porsanger skriv i det kristelege bladet «Nuorttanaste» (nr. 3, 1909): «Måtte våre efterkommere fries frå det mørke som fornorskningsarbeidet allerede i mange år har trykket oss ned i». [7] Denne fornorskingspolitikken har vorte gjenomførd i stortinget mot røystene åt Finnmarksrepresentantane.[8] Socialistane arbeidde hardast mot denne politikken. Den einaste lapp som nokosinne har sete i tinget er folkeskulelæraren Saba, som representerte arbeidarpartiet i tida 1906-1912. Dei smålåtne krav som han sette fram viser klårare enn noko anna den vande stoda lappane var i. I eit stortingsordskifte den 6. februar 1907 segjer han: «Det er ikke meget vi finner forlanger, det er ikke mere enn at våre folkeskolelærere skal kunne finsk, skal kunne barnenes sprog, så de kan lære dem både norsk og alt det øvrige bedre, enn de usprogkyndige kan nu. Og, sier finnene videre, får vi ikke slike lærere, som kan finsk, så må vi ha lærebøker med ordforklaringer på finsk. Får vi heller ikke dem, så må vi i alle fall få lov til å beholde våre religionsbøker med norske og finske tekster.
For denne beskjedne bønn er vi i mange år blitt forkjetret, nu i det siste også skjeldt ut for riksfiender! Vi finner riksfiender! Et av de folk som ikke har hatt nogen guddom for krigen, vi som har betalt skatt til tre riker uten å knurre, vi skal beskyldes for opsetsighet!»
I same ordskifte viste Konow (H) kvasst attende påstandet um at den norske politikken i Finnmark var hardare enn den tyske i Slesvig og Elsass-Lothringen. Han grunngav dette med at det var heilt fritt for kvar einaste norsk lapp når som helst å skipa private skular i det målet han sjølv vilde ha, t. d. i kvensk eller lappisk. Denne fridomen er lappane av gode grunnar avskorne fra å nytta seg av.
Det er gjort svært lite med å arbeida fram eit lappisk litteraturmål. Og det er ei uppgåve som skulde vera heller lett slik som dialekttilhøva i norsk Finnmark er. Sidan Thomas von Westen i 1728 gav ut den fyrste lappiske katekisma er det her i landet kome ut millom 250 og 300 prent på lappisk. Av desse er storparten av religiøst oppbyggjeleg innhald katekismusumsetjingar, umsetjingar av Luther og Pontoppidan. For tidbolken 1728-1899 finst det ei utførleg liste over dei 180 prent som var utkomme. 105 av desse er religiøs litteratur. Den verdslege litteraturen er 55 juridiske kunngjeringar, åtvaringar og forbod, 8 lærebøker (abc'er, lesetabellar o. l.), 4 medisinske småtrykk, 1 rettleiding i feal, 4 valupprop, 2 moralske forteljingar og tilslutt ein patriotisk song («Hvor herlig er mitt fødeland»).
Fornorskingsperioden har alltid falle saman med ein forfallsperiode hjå lappane. Det er karakteristisk at dei tvo distrikta der lappisk har vunne størst inngang i skulane nemleg Karasjokk og Kautokeino, ogso er dei distrikta der lappane står høgast økonomisk og kulturelt. Her har ogso dei fyrste merke til ei vaknande lappisk nasjonalrørsle vist seg. Ein lappisk fødd lærar gav i 1904 ut det fyrste lappiske nyhendebladet «Sagai Muittalægje» (Nyhendemeldaren). Med stor overtyding og styrke hevda redaktøren at vegen til å lyfta det åndelege nivå hjå lappane måtte gå gjenom deira eige mål. Han peika ogso på og sikkert med rette at allstad hadde studiet av lappisk mål ikkje berre auka deira eiga sjølvkjensle, men ogso gjeve dei betre hug på å læra norsk. Men då måtte ein undervisa lappane i norsk på same måten som det var eit anna framandt mål slik som norske born vert underviste i tysk og engelsk. Redaktøren sette i 1900 fram kravet um «same rett for finnar som for nordmenn i landet vårt». Som ein kunde venta gjekk bladet inn etter ei stutt tid, og fylkesskulestyraren der uppe skriv då at «det skulde da være bevis for at det ikke lenger er synderlig trang efter finske blad».
Den hardhendte fornorskingspolitikken som dei demokratiske norske statsmaktene har ført i Finnmark er mykje hardare enn den det keisarlege Tyskland i si tid førde mot danskar, polakkar og elsassar. Han torer inga samanlikning med den frilyndte politikken danskane fører på Grønland. Lappane har aldri fått høve til å nytta og dyrka sine evner. Dei har ikkje kunna utvikla nokon sermerkt og original kultur, som kunde gjort dei til ein verdfull lut av det norske samfundet. Um lagnaden deira er heilt avgjord, og um fornorskingspolitikken heilt har gjort ende på dei vilkår dei hadde til åndeleg framvokster får framtida visa.
Denne politikken er den reine motsetnad til den socialistiske kulturpolitikken som Sovjetunionen har ført andsynes sine nasjonale minoritetar. Mange av dei var svært primitive og uppgåva var mykje vandare enn andsynes lappane. Denne politikken har der løyst bundne krefter som er reserver for alt uppbyggjingsarbeid i framtida
[1]
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
Departementet ber skoledirektøren om hjelpFor å kunne forsvare seg mot angrepa fra Hans Vogt ba sentrale myndigheter om hjelp fra Skoledirektøren i Finnmark, og denne korrespondansen er bevart i Skoledirektørens arkiv, Statsarkivet i Tromsø.Kirkedepartementet har prioritert denne saka så høyt at de 7/12-1932 har sendt telegram:
Skoledirektøren, I et litet skrift «Maalstrid og klassekamp» uttaler forfatteren Hans Vogt blant annet at fra 1903 blir fornorskingspolitikken blandt lapper og kvæner gjennemført med saa haard hand at den ikke kan bety andet end en maalbevist utryddelse av lappisk og kvænsk og at flertallet av de lappiske barn som hvert aar begynder paa skolen ikke skjønner et norsk ord, men at der i undervisningen i de fleste tilfelder allikevel bare blir brukt norsk. Da disse uttalelser kan tænkes utnyttet i Grønlandssaken1 maa man be om en telegrafisk, men fyldigst mulig erklæring fra hr. direktøren om fornorskingsarbeide i skolen i Finmark. Kirkedepartementet. |
Christen Brygfjeld var 1923–33 skoledirektør i Finnmark. Han er nærmere presentert tidligere i denne boka. Da Kirkedepartementet 07.12.1932 ba han å kommentere Hans Vogts artikkel Norsk målpolitikk andsynes lappar og kvænar, sendte han allerede dagen etter telegram tilbake til departementet. En knapp måned seinere, 05.01.1933, sendte han et 15 siders brev til Kirkedepartementet med tittelen Om det av Hans Vogt utgivne skrift «Målstrid og klassekamp», forsåvidt angår hans kritikk over fremgangsmåten mot samer og kvener før og nu.. |
Kirkedepartementet
Folkeskolen
Oslo
Hans Vogts uttalelse i skriftet «Målstrid og klassekamp» om fornorskingspolitikken blandt samer og kvener i Finnmark siden 1902 er noe agitatorisk, uvederheftig slarv, som intet har med virkeligheten å gjøre. Vår lovgiving krever at alle norske borgere skal kunne landets språk både muntlig og skriftlig og skolens opgave er da å gi ikke bare norske, men også kvenske og samiske barn oplæring i norsk. I kretser hvor det norske språk er så lite kjent at barna ikke forstår noe, nå norskundervisningen foregå med samisk eller kvensk som hjelpespråk. Lærerne må da selvsagt kunne samisk eller kvensk. I fjelldistriktet hvor samene er i absolutt flertall foregår undervisningen i kristendomskunnskap på samisk. Noe pålegg om bruken av det norske språk utenom skoletiden eksisterer ikke, og både samer og kvener benytter sitt språk med den samme frihet og rett som de har hatt fra eldgammel tid. Både kvener og samer har selv ved forskjellige anledninger krevet en bedre og mere inngående undervisning i norsk for at de på den måte kan hevde sig og holde sig oppe i konkuransen. Således forsøkte man tidligere i Vadsø by, hvor befolkningen er 2/3 kvensk og 1/3 norsk, å opprette kvenske parallellklasser i folkeskolen, hvor all undervisning skulde foregå på kvensk, men dette motsatte kvenene sig og forlangte at undervisningen skulde foregå i fellesklasser sammen med de norske fordi de mente at barna på den måte kunde opnå et bedre resultat i norsk enn ellers.
I Karasjok hvor flertallet i skolestyret og herredsstyret er samer blev for noen år siden oprettet en fortsettelsesskole med sikte på en bedre undervisning i norsk. Kautokeino herredsstyre, hvor minst 3/4 er samer, avslo enstemmig oprettelsen av en samisk folkehøiskole fordi de fant at skoleplanen med hensyn til norskundervisningen var mangelfull. De vilde helst ha en norsk folkehøiskole for at ungdommen derved kunde få en bedre og mere indgående undervisning i norsk.
I de høiere skoler foregår også undervisning i fremmede språk med norsk som hjelpespråk, men derfor kan det ikke sies at denne undervisning skyldes målbevisst arbeide for utryddelse av det norske språk. En japaner blir vel ingen franskmann ved å lære fransk og en tysker heller ingen engelskmann ved å lære engelsk.
Når både samer og kvener selv krever den best mulige oplæring i norsk vil det være urettferdig og hensynsløst å nekte dem det som alle norske borgere ifølge loven har krav på, og det tar dig derfor dårlig ut av en mann som Hans Vogt å komme med denslags beskyldninger som i forannevnte skrift er rettet mot folkeskolen og skolemyndighetene i Finnmark.
På grunn av den gode oplæring samene og kvenene nu får i norsk har de opnådd fullt ut å hevde sig i konkuransen med nordmennene. Således har flere framstående samer og kvener av begge kjønn fått en god utdannelse og sitter nu i fremskutte stillinger som embedsmenn, bestillingsmenn, ingeniører, kjøpmenn og innehavere av viktige kommunale tillitshverv, noe som de ellers ikke har kunne opnå uten sin gode skoleutdannelse.
Skoledirektøren
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 4