Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.

Stig Riemmbe Gælok:

Rettsforfølgd etter ønske om samiskopplæring

Fortalt til Svein Lund

Stig Gælok, Tromsø 2008
(Foto: Svein Lund)

Stig Urheim blei fødd i 1961. I 1987 endra han etternamnet til familienamnet Gælok, seinare la han til eit anna familienamn, Riemmbe, som mellomnamn. Han er oppvakse i Musken i Tysfjord. Her gikk han 7 år grunnskole, deretter 8. og 9. klasse ved Tysfjord sentralskole i Kjøpsvik. Han har gått Fredheim folkehøgskole i Rognan, allmennfag ved Hamarøy videregående skole og duodjilinja ved Samernas folkhögskola i Jokkmokk. Han er høgskolekandidat i journalistikk frå Norsk journalisthøgskole og har studert samisk, norsk som andrespråk og nordisk språk og litteratur ved universiteta i Tromsø, Oslo og København.
Stig Gælok har vore sjølvstendig næringsdrivande innafor media sidan 1979. Han er utan tvil den som har publisert mest på lulesamisk. Til saman har han forfatta 14 bøker, derav to i lag med andre. Fleire av bøkene har han òg lest inn som lydbøker. I 2000 fikk Stig Gælok Nordisk sameråds litteraturpris. Han har budd både i Bodø, Lofoten, Oslo og Tromsø.
Her fortel han om da elevar ba om undervisning i lulesamisk i vidaregåande skole og kva dette førte til.

– No er det gått heile 29 år sidan den saka starta, og aldri før har nokon spurt meg om kva det var som skjedde. Eg kan fortelje korleis det var, og det var ei verkelig hard tid. Eg trur aldri at eit ønske om samiskundervisning nokon gong har ført til så mye bråk.

For å forstå kvifor saka blei så betent, må ein sjå på korleis stemninga var blant samane i Tysfjord i den tida. Etter langvarig fornorsking, diskriminering og undertrykking av det samiske var det mange som ønska å legge alt samisk bak seg og stå fram som heilt og fullt norske. Ein same i Tysfjord gav uttrykk for dette slik på slutten av 1960-talet: «Ordet samisk må ikke nevnes mer verken i tale eller skrift.»

Fram til 1979, da eg byrja på vidaregåande skole, hadde det ikkje vore noka form for undervisning i lulesamisk, språket var bare i beste fall blitt brukt som hjelpespråk i skolen. Det var heller ikkje stilt noko offentlig krav eller ønske om samiskundervisning.

Det var eg som tok initiativet. Eg formulerte eit brev til Samisk utdanningsråd og ba om at det blei sett igang undervisning i lulesamisk ved Hamarøy vidaregåande skole. Vi var 13 elevar som skreiv under på brevet. Elevane skreiv under sjølve, utan å spørje foreldra om lov, men det var mildt sagt ikkje alle foreldra som var samde i dette. Press frå foreldre gjorde at nokre blei så skremte at dei trakk underskrifta si. Men ikkje nok med det. Nokre av elevane blei òg pressa av foreldra til å nekte for at dei i det heile hadde skrive under. Eg blei meldt til politiet for dokumentforfalsking, fordi nokre av elevane påsto at eg hadde forfalska underskrifta deira. Seinare i rettsprosessen vart det snakk om å engasjere skriftekspertar for å «bevise» at underskriftene faktisk var ekte, og ikkje kopierte på ein kopimaskin som dei påsto. Eg blei også meldt for «raseregistrering», kva no det måtte vere, fordi nokre meinte eg hadde registrert samar ved skolen.

Saka blei veldig ubehagelig, tenk deg ein 18-åring som er hengt ut offentlig som dokumentforfalskar, bare fordi nokon blir hysteriske av at ungdommen vil ta vare på det språket dei sjølve har forkasta. Heile tida mens eg gikk på vidaregåande skole og enno lenger hadde eg denne mistanken hengande over meg.


Brevet der 13 elevar ber om samiskopplæring.

I motsetning til i bygda, møtte vi bare velvilje på den vidaregåande skolen. Det var særlig to lærarar der som støtta oss og byrja å jobbe for å få til eit samisktilbod. Skolen fikk Kåre Urheim [1] som lærar. Han hadde lært å skrive lulesamisk på Samernas folkhögskola i Jokkmokk, og allereie vore med i samarbeid over grensa om utvikling av lulesamisk språk. Formell høgare utdanning i lulesamisk hadde han enno ikkje, men det hadde vel ingen på den tida. Han var deretter lærar i lulesamisk i vidaregåande skole i over ti år.

I første omgang fikk samisk bare status som C-språk, det vil seie at det blei behandla som andre framandspråk, på linje med f.eks. tysk eller spansk. Vi kunne få fem timar i veka på andre året og like mye på tredje året. Etter alt bråket var det fleire som trakk seg, slik at vi var ti elevar som starta med samisk hausten 1980. Samiskkunnskapane hos desse elevane var svært varierande. Vi var nokre få som hadde lulesamisk som morsmål, andre kunne ein del og nokre var så godt som heilt blanke. Sju av elevane var lulesamar, dei tre siste rekna seg da som norske, i dag ville dei kanskje ha rekna seg som etterkommarar av sjøsamar.

Det var ikkje mye vi hadde å hjelpe oss med. Fagplan hadde vi ikkje. Samisklæreboka, det var ein samvirkelagspose med lause stensilar, og det var Kåre Urheim som laga det aller meste. Det blei mye prøving og feiling, men eg syntes han gjorde ein god jobb. Rettskrivinga var enno ikkje standardisert. Det skjedde først i 1982, det året vi gikk ut av skolen. Så snart vi var ferdige var altså den skrivemåten vi hadde lært allereie «feil». Det kan heller ikkje ha vore lett for læraren som måtte undervise elevar med samisk som morsmål og nybegynnarar i lag, sjølv om vi hadde gruppedeling i nokre timar. Undervisninga måtte derfor leggast opp mest etter dei som kunne minst, så for meg var det ikkje så mye å lære. Andre året gadd eg derfor ikkje følgje undervisninga, men tok eksamen som privatist.

Saka om den påståtte forfalskinga og «raseregistreringa» gikk heilt fram til 1984, da ho blei løyst ved at ein elev og ein forelder underskreiv eit brev der dei erklærte skuldingane for daude og makteslause. To andre elevar og to andre foreldre gjorde det same i møte i Forliksrådet. Mot desse tre elevane og foreldra deira trakk eg så kravet om erstatning for tort og svie. Den fjerde eleven med sin forelder, som hadde skulda meg for dokumentforfalsking og raseregistrering, orsaka seg og etter kvart og betalte fem tusen kroner i erstatning. Heile summen gikk til honorar til advokaten min.

Slik gikk fem år av det som skulle vere den beste ungdomstida mi, bort til å bli sjikanert og hundsa med bare fordi eg tok initiativ til å få samisk på skolen. Hadde eg visst kva for konsekvensar det fikk for meg med alt dette presset, hadde eg nok ikkje gjort det. Eg har ikkje fått noko igjen for denne kampen. Bare ein gong har eg fått takk for det eg gjorde. Det var ei dame frå Tysfjord som gav meg 500 kroner til å betale advokat for å forsvare meg i saka.

Når eg ser tilbake på starten, må ein jo seie at det har skjedd ein del når det gjeld lulesamisk språk. Undervisninga i lulesamisk i grunnskolen tok til samtidig med at vi starta opp på vidaregåande skole, og seinare har det blitt både første- og andrespråk både i grunnskolen og vidaregåande.

Blant oss i den første klassa med lulesamisk er det fleire som seinare har tatt lulesamisk ved Høgskolen i Bodø. Nokre av dei jobbar i dag med språket i Sámi Radio og i Tysfjord kommune. Andre jobbar ved samiske institusjonar som Árran og Samisk høgskole.

På 80-talet var det ikkje mye høgare utdanning ein kunne ta i lulesamisk. Da eg i 1986 tok samisk semesteremne på Universitetet i Tromsø måtte eg ta det i nordsamisk. Året etter gikk eg opp som privatist i lulesamisk som sidemål, som det enno heitte da. Det har etter kvart blitt betre tilbod om utdanning i lulesamisk under Høgskolen i Bodø, men eg har ikkje kjent behov for å ta meir formell utdanning. Eg klarer godt å uttrykke meg skriftlig med det grunnlaget eg har.


[1] Kåre skifta seinare etternamn til Tjihkkom.


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5