Artikkel i boka Samisk skolehistorie 5. Davvi Girji 2011.
«En skulle ikke tro det var sant at ungene må stuves inn i et dårlig, mørkt og trist og trangt kott, hvor køyene står så trangt at det nesten ikke er plass å gå imellom. ... på lokalt hold sier man at det ikke er annet å gjøre enn å tie og ta til takke med til det nye internatet er ferdig. .... Det er sikkert ikke med glede skolens folk åpner dørene til det skrøpelige «barnefengsel» igjen nu etter påskeferien.» Slik skildrar avisa Altafjord i 1954 forholda ved internatet i Kautokeino nesten ti år etter brenninga. Over store delar av Nord-Troms og Finnmark opplevde nok mange elevar liknande forhold i internat og skole, i ein periode på opptil 15 år. Det har vore søkelys på dei som tapte skolegang, men mindre om dei som måtte gå på skole under slike forhold, og kva konsekvensar det har hatt for læringa deira, helsa deira i ettertid og ikkje minst haldninga til skolen. Det har vore lite å finne om dette i bøker. Ved sida av det folk som sjølv gikk på skole på den tida, kan fortelje, er kjeldene reportasjar i samtidige aviser og brev og rapportar i offentlige arkiv. Ut frå dette har vi samla nokre glimt frå skolen under evakueringa og i gjenreisingstida. |
I Finnmark sto det igjen bare 6 statsinternat, 4 kommunale internat og 16 andre skolehus.[2] Alle var i Aust-Finnmark, dei vestligaste skolane som sto igjen var i kommunane Gamvik, Tana og Polmak. Nokre få av desse skolane hadde kome seg nokolunde heilskinna gjennom krigen, men dei fleste var svært nedslitne og nokre så øydelagde at det var nødvendig å bygge heilt nytt. I Nord-Troms var alle skolane brende i Kvænangen, i dei andre kommunane sto større eller mindre del av skolehusa, men dei fleste av dei var ille medfarne.[3]
Vidaregåande utdanning var dårlig utbygd i Finnmark før krigen, som einaste fylke hadde ein verken framhaldsskolar eller gymnas. Men det lille som var av vidaregåande skolar blei også rasert. Alle tre folkehøgskolane blei brende, det same blei husmorskolen, landbruksskolen og fagskolen for fiskeindustri.
Fuglenes i Hammerfest brenner, november 1944
(Foto: Finmarksbiblioteket) |
Omlag 1/3 blei igjen.[5] Omlag to tredelar av dei heldt til i dei kommunane i Aust-Finnmark, der tyskarane bare delvis brende. Der rekna ein krigsøydeleggingane til omlag 70 %. Det vil seie at ein del av befolkninga kunne fortsette å bu i eigne hus, men ofte måtte dei ta inn familiar som hadde fått bustadane sine brent eller bomba. I Vest- og Midt-Finnmark og Nord-Troms, derimot, blei så godt som alt brent, og dei som drog seg unna evakueringa måtte rømme ut i utmarka, der dei fann seg midlertidige buplassar i holer, gammer, hytter eller laga seg krypinn under båtar og teltdukar. Ein del av dei blei seinare tatt av tyskarane og sendt sørover. Holebuarane på Sørøya blei evakuerte av britiske skip og ført til Skottland via Murmansk. Reindriftssamane levde i sine telt (bealljegoahti / lávvu), men måtte i tillegg ofte ta imot fastbuande som hadde rømt unna evakueringa. Mange av dei fastbuande i Indre Finnmark hadde òg eigne gammar eller telt som dei drog med seg når dei rømte til fjells.
Kor stor prosent av befolkninga som blei evakuert varierte veldig frå kommune til kommune. Frå byar og større fiskevær blei dei aller fleste evakuerte, mens på vidda drog dei aller fleste til fjells. Under evakueringa var det ein del tilfelle der familiemedlemmar kom bort frå kvarandre. Likevel var dei fleste elevane i lag med eigen familie, i alle fall fram til frigjøringa. Dei fleste evakuerte blei plassert på gardar, ein del etter eit midlertidig opphald i leirar, bl.a. slike som var brukt av Arbeidstjenesten.[6]
Kor blei det så av lærarane? Det har vi inga samla oversikt over. Men lærarstanden skilde seg nok noko ut frå gjennomsnittsbefolkninga. Ein stor del av lærarane kom utafrå, det vil seie at dei hadde familie i område som ikkje blei brent. Mens dei fleste innfødde finnmarkingar blei evakuerte til område der dei ikkje kjente nokon frå før, kunne ein stor del av lærarane under evakueringa bu hos familie og kjente. Nokre av desse lærarane drog sørover så fort dei forsto det ville bli evakuering, dei venta ikkje på å bli tvangsevakuerte. Blant lærarane i Finnmark var det og ein del NS-folk, og desse blei som regel evakuerte først, og under betre forhold enn andre.
Norske tropper på marsj fra Karesuando i Sverige mot Kautokeino i mars-april 1945. (Foto:Reidar Dybvik / Westrheim: Landet de brente) |
Minneplakat på metodistkirka i Trondheim om finnmarkingar som var der under evakureringa. (Foto: Svein Lund |
Dei som flykta ut i utmarka fikk naturlig nok ingen skolegang der. Dei måtte vente til etter frigjøringa og ofte enno ei god stund før dei fikk nokon skole.
Lengst aust i Finnmark var det nokre skolar som blei bevarte, og nokre av dei var også i bortimot normal drift skoleåret 1944/45.
Til internatet i Finnfjord kom det ikkje bare elevar som hadde vore evakuerte og enno ikkje var kome tilbake til heimstadene. Sidan det var få skolar som var kome i gang vinteren 1945–46, reiste fiskeskøyter etter Finnmarkskysten for å ta med elevar til Finnfjord. Desse elevane kunne da komme både frå evakuerte og tilbakevendte familiar og familiar som hadde budd i holer og gammer den siste krigsvinteren. Det var inga enkel sak å samle barn frå eit stort område, der ein så vidt hadde kome igang med gjenreising av hus, kaier og telefonsamband. Blant anna blei radio tatt i bruk, og i Skoledirektøren sitt arkiv har vi funne eit brev til Kringkastingen, Tromsø:
«Følgende melding bes lest opp i lokale meldinger i dag og gjentatt noen dager framover:
Melding fra skoleinspektør Lunde:
Dampskipet Renøy går/gikk fra Tromsø mandag 7/1 kl 24 til Vest-Finnmark for å hente barn til Finnfjord internat. Båten anløper først Hammerfest og går deretter til Havøysund, hvor den begynner å ta mot barna. Den fortsetter så etter følgende rute: Snefjord – Slåtten – Klubbukt – Repparfjord – Kvalsund – Neverfjord – Komagnes – Leirvågeidet [12] – Akkarfjord – Lotre – Slettnes – Hønseby på Seiland – Kårhamn – Hasvik – Breivikbotn. Turen beregnes å ta 6–7 dager. Foreldre, kretsformenn og ekspeditører bes sørge for å få barna fram til anløpsstedene. Liste over barna – passasjerliste – bes satt opp for hvert anløpssted. En gjør merksam på at vær og andre forhold kan endre ruta.»
Ein av dei som var med å samla elevar til leiren, var Sørøysund-læraren Pavel Anderssen [13], som no var lærar og ei tid styrar i Finnfjordbotn. Han skriv til Hasvik skolestyre 22.11.1945 [14]:
«Har reist her oppe og samlet skolebarn til skoleleiren i Finnfjord pr. Finnsnes. Det har ikke lyktes å komme i forbindelse med Hasvik skolestyre. Men jeg har hørt at det i Hasvik skal være en hel del skolepliktige barn. Vi samler barn til skoleleiren mellom 9 og 15 år. Foreldrene skal ikke være engstelige for å sende barn dit, for der vil både lærere og barna få det godt. Alle brakker, de fleste to etasjes, er for seg gjort. Det er til og med perk på gulvet i enkelte brakker. Det er elektrisk lys og sentraloppvarming i alle brakker. I leiren har vi slakter, tannlege, sykesøster, både .... [uleselig (red.)] og dampbad. Der blir internering som på vanlige skoleinternater. Vi skal samle der ca. 200 barn og 10–14 lærere.
I neste uke blir det sendt fra Harstad skoletransportskip for å hente barna. Det vil også anløpe Breivikbotn, og jeg tør anta at det skal være der tidligst torsdag førstkommende. De barn som vil være med, må være på plassen. De som ikke er der, må bli igjen.
Jeg går ut fra at det ærede skolestyre ordner med saken, så barna fra Dønnesfjord og Børfjord er møtt fram. Hvert barn må, hvis mulig, ha et ullteppe med på turen.»
Kapasiteten blei snart sprengt, i desember 1945 blei det meldt at internatet ikkje kunne ta imot alle som hadde søkt plass der.
Korleis var så forholda for ungane i desse leirane? Derom var det sterkt delte oppfatningar.
I Nordlys 20.02.1946 sto eit svært kritisk innlegg av Leif Nilsen, Hasvik, som hadde henta dotter si heim frå Finnfjordbotn fordi han meinte forholda i leiren var så dårlige. Blant anna hevda han at det lå 8 barn på uventilerte rom på 3x3m, og at barna sulta «så de til våren vil ligne Belsen-fanger». Innlegget førte til skarpe reaksjonar frå styresmaktene, som var redde for at dette skulle få fleire foreldre til å trekke barna ut av skolen, på ei tid da det ikkje eksisterte andre tilbod. Først kom eit krast svar frå skolen ved lærar Lauritz Kollstrand. Så meldte Skoleinspektøren for samleleirene i Troms Leif Nilsen til Politimeisteren i Vest-Finnmark, med krav om at han skulle straffast for ærekrenking og «tvinges til offentlig aa ta tilbake sin grunnløse kritikk.»
I ein tale i kringkastinga 04.12.1945 seier inspektøren for skoleleirane i Troms, Harald Lunde: «Vi håper naturligvis at det bare skal bli dette året vi skal trenge å ha disse skolene her. Til neste år vil vi gjerne alle komme oss til Finnmark.» Så raskt skulle det ikke gå. Skoleleirane i Sør-Noreg blei avvikla i 1946, men så seint som i 1947/48 melder skoledirektøren: «1947/48 var det første år etter frigjøringa vi var kommet så pass i veg igjen at det var vilkår for alle folkeskolens barn å få noe undervisning – dels i og dels utenfor fylket. Jeg er ikke helt viss på om dette høvet over alt er nyttet. Mange steder kom undervisningen også dette skoleåret sent igang, og har for øvrig vært innskrenket av mangel på skolerom og rom for internering. Av skoleleire har vi dette året hatt Finnfjord skole- og internatleir. Her har vært 2 skift med vel 100 barn i hvert skift. I Trondenesleiren har vi hatt byskoleordning[15] for ca. 100 barn. Og så var der en 2-delt skole på Sandvikeidet i Tromsøysund.»
Kor kom barna i skoleleirane frå? Vi har ikkje funne nokon oversikt over dette. Kontoret som organiserte leirene i Troms hadde namnet Finnmarkskontoret, men her har nok også vore elevar frå dei brente områda i Nord-Troms. Dei fleste var nok likevel frå kysten av Vest- og Midt-Finnmark. Indre Finnmark er lite nemnd i dei papira vi har hatt tilgang til, men eit brev av 19.10.1945 frå skoleleirinspektøren til skolestyraren i Finnfjordbotn blir det sagt at soknepresten i Karasjok hadde bede leiren ta mot 20 barn «fra spredte steder innen Karasjok kommune». I brevet seiast det vidare: «De fleste barna er samebarn. Noen er norske.» Det nemnast òg at «helst burde en karasjok-lærer få følge dem og få plass som lærar ved skolen der.» Det ser likevel ikkje ut til å ha blitt noko av dette, for i eit telegram to månadar seinare, står det at barn frå Laksefjord har fått plass, mens «Karasjokbarna utgår».
Lærarane i samleleirane var i stor grad folk som hadde undervist i Finnmark før krigen, og som dro til Finnmark igjen når leirane blei avvikla. Men i alle fall Trondenesleiren rekrutterte ein del lærarar lokalt.
Kvaliteten på bygningar og utstyr i leirane kunne vere svært varierande. Finnfjordbotn var nok av dei bedre bygningsmessig sett, da denne leiren var bygd for tyske soldatar. Fleire av dei andre leirane var bygd som fangeleirar, og brakkene var svært dårlige. På Sandvikeidet seier lærarar at brakkene ikkje var brukbare til å ha skole «i kaldeste vintertida». Her var tilstanden i skolebrakkene så dårlig at helserådet nekta dei brukt utan oppussing. Frå Trondenesleiren rapporterte den første skolestyraren at han hadde eit svare strev med å få sett skolebrakkene såpass i stand at ein kunne ha undervisning der.
Utstyr og lærebøker blei skrapa saman frå mange kantar, og leirskolane fikk bøker til skoleboksamling frå Lærernes Kirkenes-fond. Det var òg stor mangel på klede og skotøy for barna, og her skriv skoleleirinspektøren til Nasjonalhjelpen og ber om å få 50 par sko, 100 par sokkar, 100 par strømper, 100 vindjakker, 50 genserar og 50 nikkers til Finnfjordbotn, samt 100 par sko til Trondenesleiren.
Skoleleirane hadde i første rekke 7-årig folkeskole, men også nokre tilbod utover det. I Finnfjordbotn heldt også Svanvik folkehøgskole til. I Trondenesleiren blei det gitt ei rekke yrkesutdanningskurs. Våren 1946 var det 13 kurs med til saman 187 elevar. For skoleåret 1946/47 planla ein så 26 kurs i 8 yrker, av lengde frå 3 til 6 månadar. Til kursa som starta hausten 1946 meldte seg heile 800 søkarar, men ein hadde ikkje kapasitet til å ta inn meir enn 150. Kursdeltakarane var både folk som budde i leiren, og folk som kom dit for å ta kurset, og det blei bygd eige internat med 60 plassar. Det var kurs i alle fall i faga tømrar, møbelsnikkar, skomakar, husstell, vev, søm, tilskjærar, samt handelsskole. I Årsmelding fra yrkeskursene i Trondenesleiren 1946/47 [16] fortel styrar Benjamin Torbergsen og lærarane ved dei einskilde kursa om problema med å skaffe utstyr og forbruksmateriell til kursa. Med den dårlige yrkesutdanninga som hadde vore i Finnmark før krigen og det enorme behovet for fagfolk under gjenreisinga, ytte yrkeskursa på Trondenes eit svært viktig bidrag.
Skolebarn fra Finnmark i Trondenesleiren. (Foto: Bernhard Slagstad / Sør-Troms Museum) |
Finnfjordbotn skoleleir 1946. (Foto: Agnell / Utlånt av Petra Jensen / Finmarksbiblioteket) |
Skrivelse sendt til Finnmark fylkesmann, Vadsø.
Vi hører at alle de skolepligtige barn i Brenna og Kjæs skal sendes til Finsnes på skolegang der. Dette er noget som de kan undlate, myndigheter mene og gjøre med våres barnan. På kretsmøte den 19-1-46 blev det enstemmig besluttet og søke om og få skole brakke hitt til Brenna. Søknaden blev sendt til Kistrand skolestyret, og søknaden blev invilget da av skolestyret. Vi blev låvt en brakke til skolehus. Nu hører vi at barnan skal sendes til Finsnes i Tromsø fylke på skolen!
På kretsmøtet den 20/7-46 ble alle enige om at ingen av foreldrene til de 32 skolepliktige barn, akter og sende sine barn til Finsnes på skolen. Vi fårlanger å få skole brakke hit
som var låvt av komunens myndigheter. Hvist ikke dette kan la seg ordnes, får barnan våres være hjemme. Vi håller fast på våres tidligere ansøkning, om å få skole brake hit til Brenna. Vi får ut på at tvangsevakuering er slutt nu. Vi har hørt fårtalt at mann skulde værne om barnas helbred. Men dette og sende barnan med en skjøite eller lignende. Det er noget som ikke kalles for og værne om barnas helbred. Barnan har ikke nogen godt under sådan trangsport. Våres myndigheter har lagt frem dette beskyldning på oss om at vi har nektet og føre skolebrakke på land. Men dette er ikke tilfelle. Men skolebrakke er ikke sendt engang hit til Brenna, om den var på Indre-Billefjord i vinter. Vi er villig å føre skolebrakke på land. Så snart det blir sendt til Brenna.
Møte hevet!
(27 underskrivere)
I alle fall frå Kautokeino hamna ein del i Sverige. To av dei fortel i Samisk skolehistorie 1. Den eine fikk ingen skole i Sverige, mens den andre fikk følgje ein «nomadskola» for reindriftssamar.
I 1945 var det snakk om å la barn frå Kautokeino gå på skole på internatet i svensk Karesuando. Forhandlingane om dette hadde starta allereie før frigjøringa. Det blei forhandla mellom norske og svenske styresmakter om dette, og ein hadde til og med søkt finske styresmakter om løyve til å reise gjennom Finland. Likevel skulle det vise seg å ikkje vere så lett i praksis. Vegen var ikkje ferdig bygd, og sommarstid var det derfor vanskelig å reise. Kautokeino skolestyre bad derfor i juni om at planen blei utsett til hausten. I oktober tok dei opp saka igjen, men no viste det seg nye vanskar. Det var no lite ledig internatplass og klasserom i Karesuando. Samtidig var ein i gang med å sette opp brakker i Kautokeino som kunne brukast til skole. Det ser derfor ut til at planen stranda der.
Derimot fikk ein del barn frå andre stadar i Finnmark opphald i Sverige skoleåret 1945/46. Skoledirektør Aarseth skriv om dette våren 1947:
«Ei lette i den vanskelege stoda fekk ein ved at samskipnaden «Rädda barnen» tok seg av mange born og ga dei opphald i Sverige. I sume skulekrinsar fekk meir enn halvparten av borna Sveriges-tur. Særleg vart dette ei lette for skulen i Vadsø og Kirkenes. Borna hadde det mykje godt i Sverige. Forutan den gode forpleiing og den hjartelege omsuten fekk dei gode klær som enno lite er å få her i landet. Dei fekk sjå og oppleve mye vel utvikla tilhøve, og sanka såleis mye ålmen kunnskap. Men språktilhøva og ymse andre ting gjorde at eksakt skulekunnskap, tame og teknikk kunne det verta mindre av, og ein merkjer «hol» som skaper vanskar.»
Aarseth fortel òg at det var ein skoleleir i Sverige, der norske lærarar var med, men gir ikkje nærare opplysningar om denne.
I november 1945 skriv ein far frå Storekorsnes i Altafjorden til skoleleirinspektøren og spør om ungane hans kan få reise til Sverige. Inspektøren svarar at det har «nettopp gått en sending på 200 barn fra Alta», men at det er tvilsamt om det blir fleire transportar. Det ser ut til at det ikkje var elevar frå Finnmark på skole i Sverige lenger enn til sommaren 1946. [18] Omlag 500 «holebuarar» frå Sørøya blei i februar 1945 evakuerte av britiske krigsskip og plasserte i ein leir i Glasgow i Skottland. Der var dei frå mars til september. I den tida blei der oppretta ein eigen skole for dei, med fire norske lærar. Da krigen var over, og dei ikkje kunne vende heim til Sørøya, blei det oppretta ein eigen skoleleir for dei på Nærland på Jæren. Der var dei frå september 1945 til juni–juli 1946. [19]
Norske jenter ved ÅH folkehøgskole i Sverige 1945/46. (Foto: utlånt av Svea Andersen / Finmarksbiblioteket) | Vel 500 evakuerte frå Sørøya blei ført til Skottland, der dei blei plasserte i Neilston Camp utafor Glasgow. Her blei det ordna ein eigen skole for dei evakuerte i skolealder, med 4 norske lærarar. Blant elevene er Helge Johansen, Jøfjord og Rolf og Odd Dagsvold, Hønseby. (Foto: utlånt av André Larsen) |
Likevel blei det heldt skole nokre stadar allereie hausten 1945, og fleire kom i gang utover våren 1946. Det var gjerne ikkje eigne skolehus, f.eks. i Máze i Kautokeino blei det heldt skole i eit av dei få bustadhusa som ikkje var blitt brent.[20]
Frå 1946 blei det reist skolebrakker mange stadar. Materiale til desse kom i stor grad frå brakker som tyskarane hadde sett opp i andre delar av landet, og som etter frigjøringa systematisk blei demonterte for å sende materiale nordover til dei brende områda. Felles for dei aller fleste skolebrakkene var at dei var sett opp i all hast, med svært enkle materiale og minimal isolasjon. Brakkene hadde bare vanlige klasserom, ikkje spesialrom for undervisning i f.eks. sløyd, husstell og kroppsøving. Dei var bare bygd for å vere midlertidige naudløysningar, men brakketida skulle bli lengre enn dei fleste hadde rekna med. Tidlig i 1947 var det bygd eller under bygging 70 brakker med frå 1 til 14 klasserom.
Det var ikkje bare skolar og utstyr det var mangel på i denne tida. Det var og stor mangel på lærarar. Mens det dei siste åra før krigen hadde vore så godt som full dekking av utdanna lærarar. var rett før evakueringa ein firedel av lærarane i Finnmark utan utdanning og etter frigjøringa var det enno verre. Skoleåret 1946/47 hadde tre av kommunane i Finnmark bare ein utdanna lærar kvar. Rundt 1950 var det over 40 % utan lærarutdanning.
Det første nybygde permanente skolehuset som blei tatt i bruk var Loppa skole, som blei innvia 2. desember 1950. Dei første permanente internata kom i Karasjok og Børselv i 1951.
Den tidligare inspektøren for finnmarksskolane i Troms, Harald Lunde, tok i 1951 over som skoledirektør i Finnmark. I Melding om skolestellet for 1951/52 skriv han:
«Av fylkets 9550 barn i folkeskolen må 7550 ennå gå på skole i brakker, bare 2000 får gå i gjenstående eller nybygde, permanente skolehus. Mange av skolebarna i vårt fylke har aldri sittet i ei ordentlig skolestue, og kommer ikke til å gjøre det heller så lenge de går på folkeskolen. Skolebrakkene er til dels noen skrøpelige hus.»
Skolebrakke på Fuglenes i Hammerfest, høsten 1945. Lærer / oahpaheaddji: Astrid Nytrøen. Elevane foran frå høgre / oahppit leat ovddimus ráiddus olgeš bealde: Torfinn Palm, Odd Karlsen, Henny Olsen (Heggen), bak frå høgre / maŋimuš ráiddus olgeš bealde: Ingrid Dahl (Pedersen), Gerd Johanne Dahl (Nilsen) og Unn Ivara Olsen (Løveid). (Foto: Hammerfest historielags kalender 1996) | Brakkeskole og nybygg i Vadsø. (Foto: Trond Dancke) |
Fylket søkte staten om støtte til reparasjon av dårlige brakker, men staten avslo «av budsjettomsyn». Resultatet var at ein måtte bruke av pengane til nybygg for å gjøre det mest nødvendige vedlikehaldet på brakkene – og slik blei nybygga enno meir forsinka.
Eit av mange eksempel på tronge forhold under gjenreisingstida er skildra slik i avisa Altafjord 28.04.1954:
«Internatet i Kautokeino burde vært stengt for lenge siden. 30 barn på rom på 32 kvm. To i hver køye – 30 cm sengeplass.
Hvem har ansvaret for dette? er det første spørsmålet en må stille seg når en ser på det skrøpelige skoleinternatet i Kautokeino. En skulle ikke tro det var sant at ungene må stuves inn i et dårlig, mørkt og trist og trangt kott, hvor køyene står så trangt at det nesten ikke er plass å gå imellom.
Sentralmyndighetene er fullt oppmerksom på forholdet, blir det sagt, og på lokalt hold sier man at det ikke er annet å gjøre enn å tie og ta til takke med til det nye internatet er ferdig. Det er en trøst at det skal påbegynnes dette året.
Imidlertid får Altafjord opplyst at det så sent som nu like før påske er sendt en rapport til departementet om forholdene ved skoleinternatet.
Det er sikkert ikke med glede skolens folk åpner dørene til det skrøpelige «barnefengsel» igjen nu etter påskeferien. Ingen merker og føler det bedre enn de som daglig steller med skolen og med ungene, hvor ille det er. Det er ganske overflødig å gå i detaljer. Vi nevner bare noen enkle fakta. Resten kan alle tenke seg.
Det er to rom på 32 kvm. skolebarna har til disposisjon som soverom. På det ene rommet står det 20 køyer. Det er toppen av hva man kan stuve inn. I det andre rommet er det plassert 18 køyer. I hver køye ligger det to unger, og de har 30 cm bred sengeplass å snu seg på. Det er vel ikke det verste. Men en kan tenke på luften. De har snaut to kubikkmeter hver. Gulvplassen utenom køyene er ikke stort å dele på når ungene skal klæ av seg. I det ene rommet har det vært opptil 38 jenter. Det er klart at dette internatet burde vært stengt for lenge siden.»
Ifølge skoledirektøren si utgreiing på radio 01.06.1955 var det da 60 permanente skolehus i drift, derav 9 internatskolar. 17 kommunale skolebygg og 3 statsinternat var under bygging, mens 18 kommunale skolar og 9 statsinternat enno ikkje var påbegynt. Vel 40 % av elevane i Finnmark fikk framleis sin skolegang i brakkeskolar over ti år etter frigjøringa.
Sjøl om hovudmodellen for skolegjenreising var at først blei det bygd brakkeskole, så permanent skole på nokonlunde samme stad, så var det også unnatak. Eit av dei var Skjøtningberg i Lebesby kommune. Mens fiskeværet hadde hatt skole fram til krigen, blei det aldri bygd noko skole i etterkrigstida. Skole blei i staden heldt i privathus og ei tid i andre etasje i eit forretningsbygg. Frå 1962 blei ungane sendt til Lebesby internat, og etter kvart blei heile staden avfolka.
I Skjøtningberg blei det ikkje reist skole etter krigen, men heldt skole i andre etasje av forretningsbygget midt på bildet. (Foto: utlånt av Kåre Fjällström) |
«Nasjonalhjelpen til de skadelidte distrikter» skreiv i november 1945 til skoledirektørane i Troms og Finnmark at den amerikanske organisasjonen «Save the Children Fund» tilbyr fadderskap for krigsherja barn og hjelp til gjenoppbygging av skolar. Dei ba om informasjon, og 19.11.1945 svarte skoledirektør M. Hellebust i Troms med å skildre situasjonen i kvar av dei brende kommunane i Nord-Troms. Frå dette brevet gjengir vi informasjonen om to av kommunane:
«I Kvænangen er alle skulehus brende, borna enno utan heimehus, og utan skule. Dei har fått 2 barakker til skulehus, men dei er uferdige og uhøvelege. Der var 7 skulekrinsar, og tilstandet før krigen var fatigslegt og lite fullnøgjande både sjølve skulehusa og utstyret. Verst var det i krinsane Jøkelfjord, Valan, Kjækan og Skorpa. Å hjelpe borna og skulen i desse krinsane – ja i heile Kvænangen – vil ha stort verd både for opplæringa og for eksistens i det heile. I dei 4 nemnde krinsane er det 105 born, i dei andre 3 omlag 190. Utanom sko og klæde for å kunne møte på skulen, er det serleg undervisningsmidler borna treng. Dessutan utstyr til internata, når dei får opp so pass hus at dei kan plasere seg der. ...
I Kåfjord kommune, er Mandal og Trollvik internatkrinsar brende og snøydde for alt. I Mandal var det 122 born, halvparten budde på internatet. Der vantar hus, innbu, senger og sengklær, kjøkenutstyr og alt. Fatigslegt og smått i det heile. I Trollvik med omlag 70 born, er stoda og tilstandet nett likeeins. I dei andre 4 krinsane er innbu, undervisningsmidler, omnar og vindauga burte og husa sterkt skadde.»
22.02.1946 skriv skoledirektøren i Finnmark til Nasjonalhjelpen og foreslår nokre stader som dei bør prioritere. Nokre av dei kontaktane som blei oppretta rett etter krigen mellom lokalsamfunn i nord og sør heldt seg i mange år, som sambanda Sørvær – Hamar og Sirma – Moss..
I juni 1946 skriv Sosialdepartementet til Skoledirektøren i Finnmark at det i løpet av hausten vil bli delt ut «30 tonn tørret sjokolademelk fra det Amerikanske Røde Kors» til norske skolebarn og departementet «finner det rimelig at denne gave i første rekke kommer Finnmarksbarna til gode».
19.06.1948 skriv skoledirektøren i Melding om fylkets skoleverk for 1947/48: «Så overtok Kvalsund den yrkesopplæring som var satt igang av Fredsvennenes hjelpetjeneste, og den drives som en særskilt yrkesbetont framhaldsskole. Denne skole er den eneste i sitt slag i Vestfinnmark, og ca. halvdelen av elevene er fra de andre Vestfinnmark-kommuner, og Kvalsund skolestyre søker om at fylket bærer nettoutgiften for de elever som ikke er heimehørende i Kvalsund.»[22]
Både under og rett etter krigen måtte ein ofte halde skole i private hus. Dette er frå ein midlertidig skole i stova hos Einar Mortensen i Pasvik, 1946. Bak f.v. / Maŋimuš ráiddus g.b. Leif Nordgård, Evald Mortensen, lærer oahpaheaddji Trygve Laudal, Halvard Mortensen. Andre rekke f.v. / Nubbi ráidu g.b.: Knut og Arne Edvardsen, Bjørg og Herdis Mortensen. Foran f.v. / Ovddabealde g.b.: Arnulf Seljesæter, Aslaug og Oddrun Mortensen. (Foto: Finmarksbiblioteket) | Skiipagurra småskole med lærerbolig. (Foto:Trond Dancke) |
Skoledirektøren laga ein fullstendig plan for gjenreising av skoleverket i Finnmark, og denne blei lagt fram for fylkestinget i juli 1946. Planen innebar ei sentralisering, med færre skolar enn det som hadde vore før krigen. Men liksom statsstyresmaktene ikkje alltid klarte å styre gjenreisinga av bustadar, var det heller ikkje alltid dei fullt ut klarte å styre skolegjenreisinga i kommunane. Nokre kommunar skunda seg å sette opp brakkeskole på dei gamle branntomtene. Det var blant anna tilfelle i Nesseby kommune, der bare ein skole var bevart, mens alle dei andre var brende. Her sørga skoleinspektør Erling Hoëm for at det raskt blei sett opp brakkeskolar i alle bygder som hadde hatt skole før krigen, og kommunen planla raskt permanente skolar. Nesseby blei den første kommunen som fikk skolane fullt ut gjenreist, og da var det òg bygd lærarbustadar ved alle skolane. Først sist på 1960-talet fikk skoledirektøren pressa gjennom ei sentralisering av skolestrukturen i Nesseby.
Mange stadar blei det strid om kor det skulle reisast skolar. Striden kunne nokre stadar komme i to omgongar, først om ei bygd skulle få brakkeskole, seinare om ho skulle få permanent skole. Striden kunne gå mellom to bygder, mellom ei bygd og kommunen eller mellom kommunen og skoledirektøren. Det er òg eksempel på at bygdelag skreiv direkte til skoledirektøren for å få reist skole i si bygd.[23] I fleire tilfelle kunne denne striden føre til forseinking av gjenreisinga og vare i mange år. Eit eksempel er Sørøysund, som er omtalt i Samisk skolehistorie 4.
Lærarar måtte som andre nøye seg med primitive boligforhold i den første etterkrigstida. Her er Anna Mørk i boligen sin i Karasjok, der ho budde frå sommaren 1945 og i alle fall ut 1946. (Foto: Finnmarkskontoret / Finmarksbiblioteket) |
Det var ikkje bare tyske soldatar som tok i bruk skolar. Norske soldatar beslagla skolar til nøytralitetsvakt 1939/40 og også i nokre tilfelle på slutten av krigen. Dette bildet er tatt ved Polmak internat vinteren 1945. (Foto: Utlånt av Trygve Klemetsen / Finmarksbiblioteket) |
Korleis var så skolen anno 1960 i forhold til skolen i 1940? Dei fleste skolebygg var nybygde. Fylkesarkitekt Trond Dancke skriv i boka Opp av ruinene: «Alle skoler og skoleinternater var i 1960 gjenreist med en størrelse og standard som langt overskred det som ble ødelagt.» Likevel må ein kunne spørre om det var standardheving overalt. Det hadde blitt bygd mange internatskolar i tida 1905–40. Staten hadde satsa mye på denne utbygginga og særlig statsinternata var ofte påkosta og staselige bygg for si tid. Desse internata blei i stor grad bygd opp på same stadane som før. Gjenreisinga var eit stort løft, og når halve Nord-Noreg og nokre bomba byar lengre sør skulle gjenreisast på kort tid, var det ikkje rom for å sløse med pengane. Standarden i dei nye internata og skolebygga var derfor ofte ganske nøktern, dei hadde ikkje den same imponerande funksjon som nokre av statsinternata frå førkrigstida. Mens ein før krigen konsekvent hadde bygd i tre utanom byane, kom det no fleire store murbygg, som internata på Sarnes og Langstrand.
Samtidig med gjenreisinga av folkeskolen skjedde det ei kraftig utbygging av tilbodet etter dei sju obligatoriske åra som dei aller fleste hadde måtta nøye seg med før krigen. Innan 1955 hadde heile 16 kommunar innført eittårig framhaldsskole og halvparten hadde gjort dette året obligatorisk. Talet på realskolar var auka frå tre til ti, det var oppretta to gymnas og tre yrkesskolar. Statens lærebruk for fiskeindustri i Vardø var gjenreist, og Statens fiskarfagskole var oppretta i Honningsvåg. Dei tre folkehøgskolane i fylket blei alle gjenreiste, sjølv om Øytun blei flytta frå Havøysund til Alta og Svanvik hadde eit omflakkande tilvere før ein kunne flytte tilbake først i 1964. Rett etter krigen var det klart ønske om ein offentlig eigd samisk folkehøgskole, men denne planen blei aldri gjennomført, og den einaste samiske folkehøgskolen blei fortsatt drive av Samemisjonen.
Evakueringa hadde i seg sjølv vore fornorskande, med at evakuerte samar og kvenar lærte seg betre norsk og mange gikk på den tida over til å snakke norsk til ungane. Skolen sin funksjon som fornorskingsinstitusjon var etter krigen ikkje lenger like klart uttalt, det sat heller ikkje lengre ivrige fornorskingsforkjemparar i posisjonen som skoledirektør. Men i innhald var skolen ikkje endra. At skolespråket og skolekulturen var norsk var no så innarbeida at få sette spørjeteikn ved det. Og når nokon likevel gjorde det, var det slett ikkje alle som ønska seg noka endring.
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 5
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
[10]
[11]
[12]
[13]
[14]
[15]
[16]
[17]
[18]
[19]
[20]
[21]
[22]
[23]