Sámegillii

Artikkel i boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.

Svein Lund:

Folkehøgskolen og samane

Forfattaren som elev ved Trondarnes folkehøgskole 1973/74.
(Foto: Elev ved Trondarnes folkehøgskole)

I Noreg har det vore over 100 folkehøgskolar, som har vore tildels privat, tildels offentlig eigde. Folkehøgskolane har nok vore meir sjølvstendige enn andre skoleslag, men sidan dei har vore avhengig av offentlig støtte og godkjenning, har dei ikkje kunna vike alt for mye av frå den statlige skolepolitikken.

Ein stor del av folkehøgskolane har hatt samiske elevar. Vi ser her spesielt på folkehøgskolar i Troms og Finnmark, kva rolle dei har spela i forhold til samisk språk og kultur og særlig korleis dei fungerte i fornorskingsprosessen. Det er bare ein folkehøgskole som har hatt som uttalt mål å styrke samisk språk og kultur. Dei andre har hatt norsk kultur og språk som grunnlag, dei har meir eller mindre bevisst fremma det norske, også overfor samiske og kvenske elevar.

Forfattaren av denne artikkelen har sjølv vore elev ved Trondarnes folkehøgskole 1973/74, noko han fortel frå i Samisk skolehistorie 2.

Eit særmerkt skoleslag

Kva er det som skil folkehøgskolen frå andre skoleslag? Når ein les og hører kva tidligare elevar fortel frå grunnskolen og andre skoleslag, er det ein ting som er slåande: Dei som har gått folkehøgskolen har i all hovudsak gode minne frå denne. Svært mange fortel om kontrasten mellom grunnskolen og folkehøgskolen, eller mellom ordinær vidaregåande skole og folkehøgskolen. Folkehøgskolen har oftast vore ein skole utan karakterar og stramt pensum. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – fortel svært mange at dei lærte meir av eit år på folkehøgskole enn på andre skolar. For svært mange har folkehøgskolen vore den einaste utdanninga dei har fått etter grunnskolen, for andre har folkehøgskolen vore vegen som opna til vidare utdanning, f.eks. lærarutdanning.

Ideen om folkehøgskole blei utvikla av den danske teologen og pedagogen Nikolai F. S. Grundtvig, og den første folkehøgskolen blei starta i 1844. Det blei deretter oppretta folkehøgskolar over heile Norden, og det er i første rekke her vi finn slike skolar, sjølv om ideen og har spreidd seg til nokre andre land.

Nasjonalt – men for kven?

Grundtvig sjølv skreiv vakre dikt om «modersmålet», og morsmålet og det nasjonale sto ofte i sentrum i folkehøgskolane. Sjølv om ideen kom frå Noreg si gamle overmakt i sør, blei norske folkehøgskolar frå starten ein bastion for det norsk-nasjonale. Her kunne norsk folkekultur, språk og historie bløme i større grad enn i det vanlige skoleverket. Mange folkehøgskolar brukte nynorsk som administrasjons- og undervisningsspråk, også ved skolar som låg i bokmålsdominerte område. Mange folkehøgskolar blei kultursenter i lokalsamfunnet og fikk såleis stor verknad også for andre enn dei som var elevar ved skolane.

Frå starten bidro folkehøgskolane til å bygge opp ein norsk kultur og identitet mot den kulturelle og språklige påverknaden frå Danmark og den politiske styringa frå Sverige. Såframt alle elevane delte den norske bakgrunnen og kulturen, var dette uproblematisk. Men korleis fungerte folkehøgskolen i område der store delar av befolkninga ikkje hadde norsk-nasjonal, men derimot samisk eller kvensk bakgrunn? Heldt dei da fram med å forkynne det norsk-nasjonale, eller tok dei utgangspunkt i Grundtvig si haldning til «modersmålet» og sa at for samar og kvenar måtte det vere deira språk og kultur som måtte ligge til grunn for kulturreising og opplæring? Vi skal her forsøke å nærme oss eit svar på dette spørsmålet.

Tre slags folkehøgskolar

Folkehøgskolane i Noreg har variert svært både i fagtilbod og ideologisk overbygging. Det har vore tre hovudtypar av skolar. Først kom dei frilynte eller grundtvigske, den første var Sagatun som blei starta i 1864. Desse var, og er for det meste framleis, eigde av organisasjonar eller private stiftelsar. I 1875 vedtok Stortinget å opprette amtsskolar, som var meir prega av kunnskapskrav. Det blei raskt oppretta heile 33 amtsskolar med offentlig støtte, noko som for ei tid førte til eit kraftig tilbakeslag for dei private folkehøgskolane, som på den tida ikkje fikk statsstøtte. Etter 1900 gikk det framover for folkehøgskolane igjen. Frå 1893 blei det starta kristelige ungdomsskolar, som eit alternativ til dei frilynte.

Først i 1949 blei folkehøgskolane lovregulert og alle de tre skoletypane skulle nå kallast folkehøgskolar. Nokre av dei kristelige skolane brukte likevel ungdomsskolenamnet heilt til rundt 1960, da ungdomsskole blei innført som namnet på dei tre siste åra av den 9-årige grunnskolen. I 2011 var det 48 frilynte og 30 kristelige folkehøgskolar i Norge. 8 folkehøgskolar er fortsatt eigd av fylkeskommunar, men desse reknast no til dei frilynte skolane.

Finnmark har heilt frå 1875 hatt 1–2 amtsskolar / fylkeskommunale folkehøgskolar og frå 1917 1–2 kristelige skolar, men ingen private frilynte. Troms har derimot hatt alle tre slaga. Vi skal her sjå nærare på korleis nokre av desse blei oppretta og kva rolle dei har spela.

«Til bedste for Finmarkens ungdom»

I 1875 tok sokneprest J. C. Frost i Alta initiativ til å starte ein amtsskole «til bedste for Finmarkens ungdom ».[1]

Finmarkens amtsskole kom igang i 1876 og var fram til århundreskiftet periodevis i Alta, periodevis i Vadsø. I denne tida var det fast ordning med eit 6 månadars kurs for gutar på hausten og vinteren og eit 4 månadars kurs for jenter på våren. Skolen hadde i løpet av denne tida vel 1000 elevar, av desse var 200 registrerte som av samisk eller kvensk herkomst. Sjølv om her kan vere ei viss underregistrering, er det ikkje tvil om at norsk, eller norsktalande, ungdom var overrepresentert. I skoleplanen som fylkestinget vedtok i 1891 er det uttrykt klart i §2: «Lappiske og kvænske elever optages kun, saafremt de er det norske Sprog såvidt mægtige, at de med Frugt kan deltage i Undervisningen.»

Bossekop, Alta, 1923. Vest-Finnmark fylkesskole holdt til i det kvite ein-etasjes huset lengst til venstre.
(Foto: Finmarksbiblioteket)
Jenteklasse ved Øst-Finnmark fylkesskole i Vadsø 1910 sammen med styrer Johannes Reiersen.
(Foto: Emilie Henriksen / Finnmarksbiblioteket)

Aust og Vest med eigne skolar

I dei 25 åra med Finnmark amtsskole hadde det heile tida vore ein strid mellom aust- og vest-fylket, da begge ville ha skolen. I 1900 vedtok Finnmark fylkesting at det skulle vere to skolar, som da fikk namna Vest-Finnmark amtsskole og Øst-Finnmark amtsskole. Begge desse skolane var så i drift fram til krigen, sjølv om namna i 1924 blei endra til fylkesskole, og Øst-Finnmark fylkesskole i 1936 blei til Svanvik ungdomsskole.

Vest-Finnmark fylkesskole heldt heile tida til i Alta, men under svært skiftande bygningsmessige forhold. Rett før krigen var det endelig planar for skikkelig nybygg, men dette blei det aldri noko av, og skolen blei ikkje gjenreist etter krigen, da prioriterte ein i Alta heller yrkesskole og gymnas. På 38 års drift hadde skolen 800 elevar, av dei er 80 registrert med samisk eller finsk som morsmål. Det tyder på at denne skolen i første rekke var for den norsktalande delen av befolkninga. I ei utgreiing ved daverande skolestyrar Bremer ved Øst-Finnmark fylkesskole står det om Vest-Finnmark fylkesskole: "Denne har i de siste år kun vært søkt av norsktalende ungdom".

I Aust-Finnmark var situasjonen noko forskjellig. Skolen låg i Vadsø fram til 1916. Da blei han flytta til Tana, der han hadde eit omskiftande tilvære i tildels svært dårlige lokaler. Ein såg seg om etter betre løysingar, også i nabokommunar. Eit av alternativa som blei vurdert var Forsvarets anlegg på Nyborgmoen i Nesseby. Men Forsvaret stilte sine krav for å leige ut:
«Skolen maa under opholdet paa Nyborgmoen ikke ledes i en retning som kan betegnes som unational eller forsvarsfiendtlig, skulde dette finde sted, kan leieforholdet straks opsiges med 1 – en – maaneds varsel. Spørsmaalet herom avgjøres i tilfelle med bindende virkning for leieren av 6. divisjon.»
«Unational retning» i mellomkrigstida kunne knapt bety anna enn aksept av samisk og kvensk språk og kultur. Dette er eit av mange eksempel på at Forsvaret spela ei aktiv rolle i å fremme fornorskinga, særlig i Aust-Finnmark.[2] Finnmark fylke og 6. divisjon blei samde om leige, men regjeringa kunne ikkje godta kontrakten, så det blei ikkje noe av og skolen heldt da fram i Tana.

Denne skolen var i langt større grad enn Vestfinnmark fylkesskole søkt av samisk og kvensk ungdom. Av 800 elevar i løpet av 34 års drift var det omlag 300 som hadde samisk eller kvensk som morsmål. Det synest å ha vore meir strid om fornorskingspolitikken her enn ved skolen for Vest-Finnmark. Ein ser ganske forskjellige syn hos dei forskjellige rektorane ved skolen. Johannes Reiersen, som var styrar 1911–19, var ein iherdig forsvarar av fornorskingspolitikken, noko som kom klart fram i boka hans Skolen i Finmarken[3]. I 1920 blei Magnus Bremer styrar. Han hadde eit heilt anna syn, og samarbeida nært med Per Fokstad[4]. Bremer streva hardt for å få fylket til å løyve til skikkelige lokaler for fylkesskolen, men fikk ikkje dette gjennom på 1920-talet. Da forsøkte han å få skolen omskipa til ein privat folkehøgskole, men fikk ikkje støtte i departementet.

Først i 1930 løyva fylkestinget til å bygge skole, men denne blei ikkje bygd i Tana, men i Svanvik i Sør-Varanger, der skolen sto ferdig i 1936. Da nytta fylket høvet til å døpe om skolen og lyse ut rektorstillinga, mye tyder på at det var for å få bytta ut Magnus Bremer.

I Tana var det stor misnøye med at ein skulle miste skolen, og det blei også gjort forsøk på å få Samemisjonen til å etablere ein samisk folkehøgskole der og overta lokale og utstyr etter Østfinnmark fylkesskole. Skoledirektør Aarseth innstilte på å støtte dette, men fylkestinget sa nei. Resultatet blei at Tana mista dette skoletilbodet.

Bremer måtte forlate Finnmark og han flytta sørover. Han fikk ikkje fast arbeid, men var timelærar ved folkehøgskolar på Austlandet. På slutten av 1950-talet oppsummerte han:
«Ifølge folketellingen skal den samisktalende befolkning i Finnmark ha sunket fra ca. 30000 i 1930 til ca. 10000 i 1950. Det mest skjebnesvangre år var 1936. Da skjedde følgende:
1. Statens fornorskningsungdomsskole for Finnmark i Svanvik ble satt i gang under ledelse av en Kinamisjonærlærer. Den var bygd for en statsløyving som burde ha gått til en høgskole for samer. Den er den eneste større institusjon i Finnmark som ikke er bygd opp etter krigen.
2. Fylkesskolen i Tana, særlig besøkt av samer, ble lagt ned.
3. Den videre utdanning av sameungdommen ble overlatt Finneforbundet[5], som satte i gang Den samiske ungdomsskole i Karasjok.
4. Den plan sameføreren, lærer Per Fokstad og jeg hadde utarbeidet for en virkelig samisk ungdomsskole, ble skrinlagt for alltid.»[6]

Eit år på fylkesskole kunne vere eit tungt økonomisk løft for mange. Her kunne Finnefondet nokre gongar gi ei hjelpande hand. I 1909 ga departementet av Finnefondet sine midler stipend på 60–120 kroner for 5 elevar for «trængende finmarkisk ungdom ... til ophold ved amstsskolen paa Vadsø».
Magnus Bremer
(Kjelde: Moksnes: Fylkesskulane i Finnmark)
Svanvik folkehøgskole 1936-44
(Foto: Finmarksbiblioteket)

Ein nasjonal forpost

Da fylkesskolen i 1936 endelig fikk eige bygg, var plasseringa ikkje tilfeldig. Han blei plassert på Svanvik i Pasvik, like ved Pasvikelva, som da var grensa mot Finland. I nærleiken blei det også bygd kyrkje, turiststasjon og forsøksgard, alt for å styrke norsk busetting i grensestrøka. Som argumentasjon for å bygge nettopp her viste formannen i fylkesskolestyret i 1933 til at Finland bygde ut skoleverket sitt i grenseområda og forsøkte å rekruttere finsktalande ungdom frå norsk side til dei finske skolane.

Mens fylkesskolar normalt blei reist av fylka, blei Svanvik ungdomsskole reist med full statsfinansiering. Flyttinga til Pasvik førte nok til mindre søknad frå samisk ungdom, særlig fordi den samiske ungdomsskolen i Karasjok blei opna samtidig. Til gjengjeld var det mye kvensk ungdom som blei rekruttert til skolen. Skolen bidrog og sterkt til å gi den norske ungdommen i Aust-Finnmark eit norsk-kulturelt grunnlag.

I ei utgreiing som fylkesmannen og skoledirektøren i 1936 sendte til departementet, heiter det: «Svanvik, hvor den nye ungdomsskole nu på det nærmeste står ferdig, er en av våre mest utsatte nasjonale forposter. Det er nu omtrent trekvart århundre siden de første norske nybrottsmenn fra Østerdalens sidedale plantet norsk arbeid, norsk mål og skikk i fremmede og barske omgivelser. ... I fjor ble også bygget en kapellkirke, og nu fortsetter vårt kulturelle nybrottsarbeid i den nye ungdomsskole. ... Det er det beste i vårt folkehøiskolesyn som her bør få vokstervilkår for å legge åndelig brakmark innunder norsk åndsliv. Denne skolen er en rikssak, og særlig er styrerstillingen viktig.» Med ei slik programerklæring er det forståelig at Magnus Bremer ikkje var ønska som styrar.

Også kyrkje- og undervisningsminister Hjelmtvedt understreka da han besøkte skolen i 1937 kor viktig han var som norsk kulturell utpost. Da krigen kom, blei Svanvik folkehøgskole straks stengt. Han kom ikkje igang igjen før i oktober 1945, og da i Finnfjordbotn leir i Troms. Der var skolen til 1949, da han blei flytta til Skaidi i Kvalsund. Der var han til 1964, da han måtte flytte. Men enno var ikkje skolen gjenreist på Svanvik, og skolen heldt så til i Ropelv og seinare på Skogfoss i Sør-Varanger før han i 1974 endelig kunne flytte inn i nybygg på den gamle skoletomta. Der har han vore sidan, og i 2006 bytta skolen namn til Pasvik folkehøgskole / Báhcaveaji álbmotallaskuvla.

Den tidligare «kulturelle grensefestningen» har etter kvart fått ei noko anna rolle. Dei siste par tiåra har det vore mye kontakt over landegrensene. Skolen har hatt ei rekke finske og russiske elevar. Ein har finsk og russisk som valfag, men bare eit par timar i veka. Det har også nokre år vore tilbod om samisk, men for tida har ein ingen lærar som kan undervise i samisk. Derimot har samisk kultur og duodji hatt større plass. Det har vore skoleturar bl. a. til Karasjok, Inari og Lovozero for å lære om samisk kultur og historie, og det har vore samiske gjesteforelesarar på skolen. Dei siste par tiåra har ein stor del av elevane kome frå Sør-Noreg, og ein del også frå utlandet. For dei blir det ei første innføring i Finnmarks kultur og historie, og her legg ein vekt på at alle folkegrupper skal komme fram.

Tromsø amtsskole/fylkesskole holdt til her 1912-24, før det blei bygd nytt og skolen blei omdøpt til Solhov.
(Kilde: Nygård (red): Frå amtsskole til folkehøgskole : 75-årsskrift for fylkesskolen i Noreg
Den monumentale hovudbygningen til Solhov folkehøgskole i Lyngen var bygd i 1923-24 og er den største trebygningen i Nord-Norge.
(Foto: Nord-Troms museum)

«Store Norske»

Den første fylkeskommunale skolen i Troms var Troms amtsskole, som blei starta i 1876. Skolen var frå først av ambulerande, men frå 1907 blei han fast stasjonert på Hamnvik i Ibestad. Skolen skifta seinare namn til Senja folkehøgskole, og blei nedlagt i 1984.

Da amtsskolen blei fast plassert såpass langt sør i fylket, ønska ein også å opprette ein amtsskole i nordfylket. Etter ein lengre krangel i både amtsting og aviser både om skoleslag og plassering blei det i 1910 vedtatt å starte Tromsø amtsskole på Lyngseidet, ein av dei få stadane rundt Lyngenfjorden som hadde noko vidare innslag av norsk befolkning. Seinare fikk skolen namnet Solhov ungdomsskole/folkehøgskole. Det var i første rekke Nord-Troms som var rekrutteringsgrunnlaget for skolen, og ein stor del av befolkninga her var av samisk eller kvensk avstamning. Den første styraren var Johan Hveding. Han var Venstre-mann, målmann og sterk fornorskingstilhengar, og under leiinga hans kom skolen til å spele ei viktig rolle i fornorskningsarbeidet i Nord-Troms. Han skreiv om rolla skolen skulle spele: »Og dette folket som har hatt så slitsame og sorgfulle kår, er det som skal veksa sterkare i hop, i ein sams norsk kultur til eit sameint norsk folk. (...) Det var i dette ovviktige kulturarbeidet i Nord-Troms at den første faste amtsskolen i Lyngen fekk oppgåva si.» Elevane skulle «arbeida på norsk vis, føla og te seg på norsk måte, leva i eitt og alt som nordmenn endå dei var frå folkeslag som var så heilt ulike vårt. Her skulle dei læra seg norsk mål og vinne seg norsk folkeopplysning og sed.» I tråd med denne tankegangen engasjerte Hveding seg også i fornorsking av samiske og finske stadnamn og i å leite etter spor av norrøn busetting og søke bevis for at Nord-Troms først var blitt busett av nordmenn.

Hveding fikk snart støtte av vestlendingen Inggjald Leigland, som heilt og fullt delte Hveding sitt syn. Leigland starta som andrelærar, men overtok som styrar i 1919 og leia skolen heilt fram til 1948. Han fikk reist eit slott av eit skolebygg med internat, som i byggestil og utsmykking sto som eit symbol for norsk historie og kultur.

Norsk kultur skulle også fremjast gjennom dei forskjellige faga på skolen, anten det var historie, sang, skolekjøkken eller forming. Det blei oppretta ei eiga linje for treskjæring, der styraren sjølv avgjorde at hovudvekta skulle ligge på den norrøne drakestilen. Språklig var det nynorsk som var skolen sitt språk, og sjølv om mange elevar heldt fram med å skrive bokmål som dei hadde lært i folkeskolen, var det ein del som gikk over til nynorsk. Det var liten direkte motstand mot fornorskingspolitikken. Men når skolen på folkemunne fikk tilnamnet «Store Norske», seier det vel at denne politikken ikkje alltid hadde full tilslutning i bygda. På 1930-talet blei den kvenske lokalbefolkninga mistenkt for å vere agentar for «den finske fare». Leigland åtvara sterkt mot at finlendarar reiste rundt i Noreg for å oppmode kvenane til å halde fast ved eige språk og kultur.

Under krigen blei skolen rekvirert av tyskarane, men ikkje brent, og undervisninga kom raskt i gang da freden kom. I ein del år blei no skolen søkt av mange elevar frå Finnmark som hadde tapt skolegang pga. krigen, nokre år utgjorde finnmarkingane rundt halve elevflokken.

I etterkrigstida var fornorskinga langt på veg gjennomført i Nord-Troms, i den forstand at dei aller fleste elevane som kom til skolen no hadde norsk som morsmål. Skolen hadde heller ingen slike drivkrefter for ei aktiv fornorsking, som dei to første styrarane hadde vore.

Både styrarar og lærarar var svært ustabile, mange blei bare eit år eller to på skolen. Elevtalet gikk også tilbake ettersom tilboda om anna vidaregåande utdanning blei betre. Til sist var det så få søkarar at fylkestinget vedtok å legge ned skolen frå 1987.

Den aller mest nordnorske

Om det norsk-norske var kjenneteiknet ved Solhov, kan ein seie at Trondarnes folkehøgskole i Harstad trulig er den skolen som har spela mest på det nord-norske. Allereie i 1909 tok lærar Johan Hveding initiativ til ein folkehøgskole i Troms. Ein annan som kjempa for skolen, var Hans Eidnes, som ville plassere skolen på Trondenes, og som i 1914 skreiv i bladet Haalogaland: «Enn Trondenes, t.eks. Skulle det ikkje høva å tufta ein folkehøgskole i denne folkerike og fagre bygda? Og så den gamle historiske tradisjon som er knytt til denne staden! Skulle det ikkje høva at den fyrste heilnorske og mest nasjonale ungdomsskole amtet fekk, vart tufta i det gamle Trondarnes og soleis boren oppe av sterke sogeminne? Han vart som eit band mellom gamal og ny tid.»

Skolen kom igang i 1919 som frilynt folkehøgskole og sjølveigande institusjon. Den første styraren var Johan Hveding, som da nettopp hadde bygd opp amtsskolen i Lyngen. Hans Eidnes var så styrar 1921–59. Han var frå Bjarkøy utafor Harstad, eit av dei norskaste områda i Nord-Noreg. Herifrå kom Bjarkøyætta, som spela ei stor rolle ikkje bare i Nord-Noreg, men i heile landet fram til 1300-talet, med kjente namn som Tore Hund og Asbjørn Selsbane. Denne tradisjonen tok Hans Eidnes med seg inn i folkehøgskolen. Ved sida av rektorvervet var han bl.a. stortingsmann for Venstre og leiar av Noregs Mållag. Etter han var to av sønene hans rektor, først Asbjørn 1959–88, så Vidkunn 1989–99. Dei tre rektorane Eidnes har også etter tur vore redaktørar for det nordnorske historietidsskriftet Håløygminne, der Vidkunn enno er redaktør i 2012.

Skolen har hatt ein god del samiske elevar, men det er vanskelig å seie kor mange. Elevlistene frå 1950- og 60-talet har ein del typisk samiske etternamn, kor mange sjøsamiske og markasamiske elevar skolen har hatt er derimot vanskelig å seie.

Korleis har så dei samiske elevane opplevd skolen? Solveig Hætta, som gikk på Trondarnes midt på 1960-talet, fortel at dei da var to samisktalande elevar, dei delte rom og snakka samisk med kvarandre, og dei såg ingen problem med å vere samar på skolen. Trulig var det enklast å stå fram som samar for dei som kom frå Indre Finnmark, hadde samiske etternamn og var trygge på eigen identitet. Verre var det for dei som kom frå fornorskingsområde og kunne skjule seg. I alle fall kjenner vi til at det på 1970-talet var elevar som ikkje ville stå fram overfor dei andre elevane med at dei kunne samisk.

Elevar ved Trondarnes folkehøgskole 1920
(Foto utlånt av Per Johan Molin)
Trondarnes folkehøgskole 2012
(Foto: Gunnar Reppen)

Sjølv hadde eg gleda av å få mi første innføring i nordnorsk historie av Vidkunn Eidnes skoleåret 1973/74. Denne var sterkt prega av rolla til Bjarkøy og Harstad-området og av dei norrøne tradisjonane. Samane var ikkje heilt fråverande i historia, men førekom mest som noko fjernt oppe i Finnmark. Samane i lokalsamfunnet hørte vi ingenting om. Vi hadde også rektor Asbjørn Eidnes og kusina Kari Eidnes som lærarar. Dei fleste lærarane på skolen var frå Sør-Troms/Nordre Nordland, så dei skal ha vore godt lokalkjente. Eg kan ikkje hugse at nokon av lærarane sa at det fanst samar i nærområdet. Den læraren som viste mest interesse for samane var ein vestlending som underviste i religion. Men heller ikkje ho kopla det samiske til det lokale.

Ved sida av historieundervisninga slo det nordnorske inn også i andre fag, og ikkje minst i aktivitetane på kveldstid. Vi hørte mye på nordnorsk musikk, sang nordnorske viser, dansa nordnorske folkedansar og hadde gjesteførelesingar av store nordnorske kulturpersonar.

Musikklinja ved Trondarnes folkehøgskole var svært populær, og elevene der spilla ofte til underholdning for resten av skolen. Fra venstre: Tor Søreng, Svein Hugo Sørensen, Trond Nyrud, musikklærer Knut Iversen, Ivar Thomassen.
(Foto: Svein Lund)

Øytun – Misjonane sin skole

I 1914 samla tre misjonsorganisasjonar seg om ein «komite med det maal for øiet at opta kristelig og socialt arbeide i Finmarken». Det var Det norske lutherske indremisjonsselskap, Det vestlandske indremisjonsforbund og Finnemisjonsforbundet. Dei sju medlemmane i komiteen var blant leiarane i desse organisasjonane og alle var busett i Sør-Noreg. Dei blei snart samde om å reise ein kristen ungdomsskole. Denne blei sett igang i Havøysund frå 1917 og fikk namnet Øytun.

Finnemisjonsforbundet var eit resultat av kløyvinga i Norsk Finnemisjon i 1911, og forbundet var leia av Jens Otterbech, tidligare sokneprest i Porsanger. Otterbech var også eit sentralt medlem av den nemnde komiteen, og han ønska at den nye skolen skulle ha særskilte tilbod til samisk ungdom. Tidligare rektor ved Den samiske folkehøgskolen, Paul Ryan, skildrar det slik: «For Otterbech var det en skuffelse at Øytun ikke fikk anledning til å gi et spesielt tilbud for samisk ungdom. Da det blei forsøkt, satte skoledirektøren en stopper for det»[7]. I et referat i styreprotokollen for Øytun ungdomsskole er det gjengitt ei drøfting om oppretting av eigen «særklasse for finner», men denne blei avvist med at «Der blev fremhevet at ved finsk særklasse ved ungdomsskolen der oppe vilde skolebidraget mistes». Det er vanskelig å finne sikker informasjon om planen om eiga samisk linje, og forskjellige kjelder gir forskjellige forklaringar på kvifor det ikkje blei noko av. Ekspedisjonssjef Einar Boyesen skriv: «Alt i skoleåret 1916–17 ble det gjort forsøk med en samisk linje ved Øytun ungdomsskole, Havøysund. Men resultatet var ikke særlig tilfredsstillende. De samiske elevene hadde visstnok en for sterk følelse av å være en minoritet til at de kunne få full utfoldelse for sine evner og anlegg. Språkvanskene var store.» [8]

Øytun folkehøgskole skoleåret 1919/20
(Foto: Finmarksbiblioteket)
Øytun folkehøgskole, Havøysund etter ombygging i 1935
(Foto frå jubileumsskriftet Fra Havøysund til Alta. Øytun folkehøgskole 75 år)

Det første året skolen var i drift [9] hadde skolen ein samisk lærar, Hans Baukop [10] frå Porsanger. Han blei seinare lærar i Polmak, og der kom han i klammeri med skoledirektøren fordi han brukte samisk i undervisninga.

Skolen heldt til i eigne lokale i Havøysund. På 1930-talet blei skolen kraftig utvida, til ein monumental 3-etasjars bygning. Etter at denne blei brent under krigen, blei det stor diskusjon om kor skolen skulle gjenreisast. Mange ville flytte til eit meir sentralt område med eit betre klima, men det avgjørande blei Finnmark fylkeskommune sine planar for folkehøgskolen, der det skulle vere 4 skolar spreidd rundt i fylket og ein skulle vere på kysten. Skolen blei derfor i første omgang gjenreist i Havøysund. Men den værharde plasseringa og dårlig kommunikasjonar gjorde at det var vanskelig å rekruttere både elevar og lærarar til skolen. Tanken på flytting kom stadig tilbake, og da det no var avklart at Vest-Finnmark fylkesskole ikkje blei gjenreist i Alta, blei dette eit aktuelt alternativ. I 1967 blei skolen flytta til Alta, der han har vore sidan. Dei tre organisasjonane som starta skolen er fortsatt eigarar, men har alle endra namn eller fusjonert med andre organisasjonar[11].

Innafor Samemisjonen var det misnøye med at det var lite plass for det samiske i skolen, og i samband med flyttinga til Alta i 1967 var det krefter som ønska at Samemisjonen skulle trekke seg ut av Øytun og heller satse på aktivitetar meir målretta mot den samiske befolkninga. Det blei likevel fleirtal for at Samemisjonen framleis skulle vere med.

På 1970-talet innførte Øytun samisk skinnarbeid som eit aktuelt undervisningsemne. Seinare har skolen lagt om til ein rein friluftslivsprofil, med «samisk kultur og reindrift» som eit valfag.

Da eg i 2001 stilte spørsmål til Samemisjonen om samiske tilbod på Øytun, svara dei ved adm.sekr. Randi Rian Solberg: «I og med at NSM har drevet DSF har Øytun folkehøgskole ikke hatt noe samisk i sitt program. Nå etter at DSF har gått inn har Øytun tenkt og har på sin planlegging en samiskrelatert linje.»

01.03.2002 seier derimot rektor ved Øytun til Min Áigi: «ahte eai leat plánat ásahit sierra sámi suorggi skuvlii, muhto baicca nannet sámi profiilla juohke linjás.» (at det ikkje er planar om å sette i gang ei eiga samisk linje ved skolen, men heller styrke den samiske profilen på alle linjer). Øytun klarte da å få ekstra statsstøtte med argumentet at skolen skulle overta dei oppgåvene som DSF hadde hatt. Dette førte til ei auking av elevplassane, men ikkje til noko meir samisk innhald. Samisk språk har aldri vore fag ved skolen, og dei meiner at det heller ikkje no er aktuelt, fordi dei som friluftslivsskole ikkje har språkundervisning, heller ikkje norsk eller framandspråk. Skolen har derimot forsøkt å få tak i samisktalande lærarar utan å lukkast i dette.

Kampen for samisk folkehøgskole

Ideen om ein eigen samisk folkehøgskole blei reist frå fleire hald, både samiske og norske. Vi kan i hovudsak snakke om to miljø, eit innafor samemisjonen, med Jens Otterbech som initiativtakar, eit i Tana, med Per Fokstad i spissen. Det var stor strid om ein i det heile skulle ha ein eigen samisk folkehøgskole, og også om kven som i så fall skulle drive denne.

Fire av de fremste forkjemperne for å få etablert en samisk folkehøgskole.
Jens Otterbech
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)
Jacob Børretzen (t.h.) på preikestolen på samisk gudstjeneste i Akershus slottskapell. T.v. tolk Hans J. Eriksen.
(Foto: Hans Lindkjølen)
Per Fokstad
(Foto: Ragnhild Ravna)
Peter Astrup
(Foto: Nord-Troms museum)

Den første som reiste saka var trulig Jens Otterbech, allereie i 1911. Da det ikkje lukkast å få samiske tilbod på Øytun, satsa Otterbech og Finnemisjonsforbundet desto meir på utvikling av ein eigen samisk folkehøgskole. Otterbech kjempa for den samiske folkehøgskolen fram til han døde i 1921. Etter hans død var det særlig Jacob Børretzen som kjempa fram saka innafor Samemisjonen.

Noko seinare blei folkehøgskoletanken lansert av Per Fokstad og Tana Sámi searvi. Fokstad sende ein plan for ein samisk folkehøgskole til Kirke- og Undervisningsdepartementet i 1923, og tok dette opp igjen i forslaga sine til Den parlamentariske skolekommisjon i 1926. Der foreslo han i tillegg samiske linjer ved dei andre folkehøgskolane i fylket:

"Der oprettes parallelle klasser ved de to fylkesskoler i Finnmark og Øytun ungdomsskole. Undervisningssproget skal være samisk undtatt i norsk. Der må tilmåles et større antall timer i norsk for samisk ungdom enn hittil. — Foredrag om samisk kultur og samenes historie. — Sløid og håndarbeide: Samisk husflid. Lærere: samer. Inntil dette blir gjennemført må der ved hver av de ungdomsskoler straks ansettes en samisk født lærer".[12]

Forslaga til Fokstad blei fullstendig avvist av skolestyresmaktene, med skoledirektør Brygfjeld i spissen: Kravet om å få oprettet en lappisk folkehøiskole er oprindelig ikke utgått fra lapperne i Finnmark, men fra nordmenn utenfor fylket med lite eller ingen kjendskap til forholdene i distriktet. De mener å kunne kultivere dette lille spredt boende naturfolk og omdanne det til et kulturfolk på basis av dets eget språk. Lapperne har hverken hatt evne eller vilje til å bruke sitt språk som skriftspråk.

Stemmer det som Brygfjeld skriv at forslaget opprinnelig er kome frå «nordmenn utenfor fylket»? Det er rett at flere av drivkreftene da var bosatt utafor fylket, men knapt at de ikke hadde «kjendskap til forholdene i distriktet». Otterbech hadde i ei årrekke vore prest i Porsanger. Blant andre som tidlig ivra for ein samisk folkehøgskole var presten i Lyngen, Peter Astrup [13]. Han var vestlending, men hadde vore prest i Finnmark og Troms i 12 år da han i 1922 skreiv brev til skoledirektøren og departementet og gikk inn for samisk folkehøgskole i Karasjok. Astrup tenkte seg denne skolen som ein offentlig skole. Han skreiv brev om saka både til skoledirektøren i Finnmark og til ein byråsjef i Kirke- og undervisningsdepartementet. I det siste grunngir han opprettinga av skolen slik:
«Planen vilde være som for de andre ungdomsskoler, men foruten at der blev norskundervisning vilde man mest mulig prøve aa bruke lappisk sprog. Skolens ide aa lære samerne aa elske og værne sin egen rot og av egen rot aa vokse sig frem i kultur og karakter. Den maatte ta sikte paa to ting: 1) aa lette overgangen til norsk kulturliv uten aa bli rotlausinger med en slags norsk tiggerkultur og 2) aa bevare nationalitetsværdierne der hvor de kan bestaa. Samestammen holder paa aa bli en slik bande rotlaust proletariat – «det laakeste folket i Finmarken» som det heter saa ofte – men det skyldes mest rotlausheten. ... Det invendes, at samerne ikke eier anden kultur end den, som de har laant av nordmændene. Nei, det er ikke saa oplagt som for den norske folkehøiskole, men de har sit nationale religiøse liv, sin særegne rætsopfatning, sin særegne tænke- og følemaate og litt har de nu som tilsvarer norsk bondekultur, og endelig kan man vei ha ret til aa regne noget av det laante som nu tilhørende folket i den tilpassede skikkelse, men det er sandt, det er ingen let opgave aa bevare roten, naar man ikke helt kan peke paa, hvad som er roten (men det ser man nu altid først, naar arbeidet med gravningen er begyndt).»[14]

Det blei no ein hard diskusjon, blant anna i avisene. Blant dei som engasjerte seg for ein slik skole var sørsamen Daniel Mortensson, redaktør av avisa Waren Sardne. I 1925 skriv Waren Sardne: «Tana samesærve med lærer Per Fokstad har nu lenge strevet med å få oprettet en folkehøiskole for samefolks ungdom.»

Eit forsøk frå Samemisjonen på å få overta Østfinnmark fylkesskole i Tana blei avvist av fylkestinget i 1935. Fylkestinget rådde samtidig mot at ein folkehøgskole for samar skulle få statsstøtte og uttrykte at samane sjølve ikkje ønska ein eigen skole for samar. No blei det igjen avisdebatt, som viste at sterke krefter gikk mot ein kvar form for tiltak bygd på samisk språk og kultur.

I avisa Finnmarksposten 07.02.1935 er det referert samemisjonens syn[15], og her er også en usignert kommentar (trulig frå redaksjonen), som vi siterer her:

På første side i dagens nr. har vi en artikkel om samisk ungdomsskole i Finnmark. Generalsekretær Heiervang i Norsk Finnemisjonsselskap uttaler bl.a. at den slik skole «er bent fram noget av en nasjonalopgave», og videre at undervisningen vil foregå på samisk. Vi skal ved denne anledning ikke drøfte berettigelsen av en sådan skole, men vi vil sette fingeren på ovenciterte uttalelse av generalsekretæren. Det er en nasjonalopgave å starte en ungdomsskole med samisk som undervisningssprog, sier han. Vi har alltid trodd at det var en nasjonalopgave å lære alle norske borgere å snakke norsk. Etter vår mening har vi mere enn nok av sprogkløving her i landet. Vi har to målfører som er likestillet. Skal der nu arbeides for at vi får et tredje sprog anerkjent med alle offisielle rettigheter? Vi frykter for at det blir følgen. Og da passer det efter vår mening dårlig å kalle dette en nasjonalopgave. Tanken kan være velment, men nasjonal er den ikke. Nasjonalitetstanken går ut på et samlet Norge, sproglig og kulturelt. Ikke et splittet og delt.

Fra Den samiske ungdomsskole 1936/37, styreren Ottar Bondevik på kateteret
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)
Elevene måtte være med å frakte ved til skolen.
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)

"Et middel til å løfte den samiske ungdom"

Den negative holdninga hos fylkesstyresmaktene tente Samemisjonen, og i 1935 vedtok rådsmøte samrøystes: «Rådsmøtet henstiller til hovedstyret å undersøke muligheten av igangsettelse av et kristelig, flyttbart ungdomsskolekurs for samer i Finnmark og sette dette igang snarest mulig – selv om fylkes- eller statsbidrag ikke kan oppnås.» I 1936 kom Den samiske ungdomsskole endelig igang, med Ottar Bondevik som første rektor. Skolen hadde ikkje eigne lokale og krigen sette ein stoppar for byggeplanane.

Bygningane til Den samiske folkehøgskolen i Karasjok, 1950-tallet
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)
Lærarkoret syng, 1976. 1.rekke frå venstre: Unni Steinfjell, Oddlaug Vågsås, Åse Ryan, Margot Grimstad. 2. rekke frå venstre: Herman Vågsås, Arne Ola Grimstad, Paul Ryan.
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)

Sjølv om mange ønska seg at Den samiske folkehøgskolen skulle vere eit alternativ til fornorskingspolitikken, var skolen avhengig av statsstøtte, og da nytta det ikkje å utfordre staten for mye. Skoledirektør Lyder Aarseth var ei god støtte for skolen, men samtidig passa han på at skolen heldt seg innafor den statlige skolepolitikken. I 1938 skreiv han etter oppmoding ei helsing til Samemisjonen sitt 50-årsjubileum og da skriv han om DSF: «Denne skole er ingen reaksjon mot fornorskningen, men et middel til å løfte den samiske ungdom op til like rettigheter med all annen ungdom i landet.» Innafor Samemisjonen har det tydeligvis vore strid både om skolen skulle startast og om kva han skulle vere. Men det har vore vanskelig å finne dokumentasjon på denne striden. I Samemisjonen si eiga historieskriving er det ein sterk tendens til å glatte over interne motsetningar, sjølv om desse til tider har vore sterke. Paul Ryan, som sjølv var rektor ved skolen 1957–77 seier likevel ganske mye når han skildrar skolen slik: «Skolens innhold og program var nok ikke det samme som Otterbech hadde tenkt. Men den var dog en skole ulik alle andre i landet. Om ikke bruken av samisk hadde et samepolitisk sikte, så ble språket brukt både i sang, ved andakter og møter. Dessuten ble det gitt undervisning i horn- og beinsløyd, kuftesøm og bandvev. Skolen hadde så å si bare samiske elever og samisk var naturlig nok det levende talemål.»[16]

Etter krigen blussa debatten opp igjen om kven som skulle drive folkehøgskole for samane. Samordningsnemnda for skoleverket og Finnmark fylkesting gikk inn for at det skulle vere ei statsoppgåve. I vedtak av 28.05.1948 gir nemnda klart uttrykk for skepsis til Samemisjonen si drift av skolen: «Samordningsnemnda for skoleverket meiner at tida no er komen til å reise ein særleg folkehøgskole for samane i Finnmark. Den skolen, som Finnemisjonsselskapet hadde i Karasjok før krigen vart øydelagd i 1944, hadde sine serføremål og kan ikkje stetta dei krav ein må setja til ein høveleg skole for ungdom. Det må bli ein skole reist og kontrollert av statsmaktene i samsvar med reglane for vanlege folkehøgskolar, med fag og timebyteplan som dei. På same tid må han løyse si serlige oppgåve som skole for samisk ungdom.»

Tre av dei som har vore rektor ved Den samiske folkehøgskolen, frå venstre Thor With, Ottar Bondevik og Paul Ryan. Fotografert på Samemisjonens landsmøte 1969
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)
Per Hætta var ein stor kunstnar frå Karasjok, og ei tid underviste han ved DSF i horn- og beinduodji. Her er nokre av sakene han sjølv laga.
(Foto utlånt av Norges Samemisjon)

Skoledirektør Lyder Aarseth meinte derimot at Samemisjonen framleis skulle drive skolen. Innstillinga hans var avgjørande for at departementet ga godkjenning og støtte til igangsetting. Skolen kom i gang i 1949, og i 1951 kunne ein endelig flytte inn i eigne bygningar.

Den samiske ungdomsskole /folkehøgskole var i drift til 1985. I Samemisjonens informasjon heiter det bare at skolen av forskjellige grunner blei innstilt. Eit notat i Sámi Áigi 15.05.1985 seier derimot i klartekst at skolen ikkje hadde nok søkarar til å sette igang, og rektor skuldar på at det no har blitt så mange vidaregåande skolar.

Skolebygningane brann i 1988, men blei bygd opp igjen og drifta starta igjen i 1991. Da var det med eit heilt nytt personale. Mens skolen tidligare hadde vore leia av ikkje-samar, satsa ein no sterkt på at det skulle vere samisk personale på alle plan. Dei aller fleste var samar, om ikkje alle var samisktalande i utgangspunktet. Det var heller ikkje alle lærarane som hadde pedagogisk utdanning. Dei siste åra skolen var i drift var det mye utskifting i leiinga og ellers blant personalet.

Det første året var det ganske bra rekruttering, dei fleste elevane kom frå samiske område. Men seinare var det nokre år med dårlig søkning. Ein stor del av elevane kom frå Sør-Noreg, men mange av desse hadde samiske røtter som dei ønska å finne tilbake til. Det var også ein del elevar frå andre land. Det blei og arrangert forskjellige spesialkurs som ikkje var ordinær folkehøgskole. Blant anna hadde ein i fleire år kurs i nordsamisk for russiske samar. I 2000 blei skolen lagt ned for godt og i 2009 solgte Samemisjonen bygningane.

Den samiske ungdomsskole/folkehøgskole er omtalt i fleire artiklar i Samisk skolehistorie, bl.a. av Hans Lindkjølen, Jon Ole Andersen, Per Edvin Varsi og Jonar Thomasson i bind 1, Johan Tore Eira og Ellen Turi Guttormsen i bind 3, og Hans Eriksen i bind 6.

Både – og

Dei skriftlige kjeldene om folkehøgskolane i nord har i liten grad gått inn på kva rolle dei respektive skolane har spela i forhold til den nasjonale skolepolitikken overfor samane. Med unnatak av den mest utprega fornorskingsskolen Solhov, synest det ikkje å vere gjort noko forsking på dette området. Vi kan likevel framheve nokre trekk ved skolane. Skolar eigd av organisasjonar og skipingar sto frie til å sette sitt eige preg på undervisninga, enten det var i religiøs eller politisk retning. Dei skolane som ivra for det norsk-nasjonale, kunne bli enno meir nasjonalistiske enn den offisielle skolepolitikken, mens folkehøgskolar som ønska å fremme samisk språk og kultur, hadde større rom for dette enn den offentlige skolen. Likevel var det grenser, som skoledirektøren påpeika i si understreking av at Den samiske folkehøgskolen ikkje fikk motarbeide fornorskinga. Dei offentlig eigde fylkesskolane var meir direkte uttrykk for statens skolepolitikk, men her var også rom for forskjellar, ofte var dei prega av rektorane sin personlige synsstad.

Som heilskap kan vi likevel seie at folkehøgskolane var prega av "tidsånda" og av den offisielle politikken.

Kjelder:
Bondevik, Ottar: Under Nordkalotten. Lutherstiftelsen 1958
Den samiske ungdomsskole i Finnmark blir virkelighet. I: Finnmarksposten 07.02.1935
Den samiske ungdomsskole i Karasjok. Årsberetninger 1950–54
Eidnes, Vidkunn: Nordnorsk Folkehøgskole – attersyn i eit jubileumsår. I: Folkehøgskolen 9-1989
Eriksen, Hilmar: Tromsø amtsskole : 1876–1926 : femtiårsskrift
Eriksen, J: Den samiske ungdomsskole. I: Waren Sardne 4-1925 (Først trykt i Lappernes Ven)
Fokstad, Per: Sámiid al'bmut allaskuvla I: Nuor'tanás'ti 51-1949. s. 55, 59.
Granerud, Øivind (red): Fra Havøysund til Alta. Øytun folkehøgskole 75 år. Øytun folkehøgskole 1992
Hansen, Bente Merete: Solhov folkehøgskole: Fornorskingsbastion i grenseland. UIB 1998
Hveding, Johan: Solhov. Fylkesskolen i Lyngen i 7 år 1912–1919. Solhov folkehøgskole 1919
Jensen, Eiv. B / Martinussen, B.: Med Solhov gjennom 75 år 1912–1987. Troms fylkeskommune 1989
Jensen, Eivind Bråstad: Tromsø Amtsskole i Lyngen eller Solhov ungdomsskole i tiden fra 1912 til 1940 : en undersøkelse av skolens forhold til og betydning for det distrikt den virket i Nord-Troms. UIO 1973
Moksnes, Nils: Fylkesskulane i Finnmark. AS. Trykk, Trondheim, 1951
Mortenson, Daniel: Folkehøiskole for samerne i Finmark. I: Waren Sardne 3-1923
Pettersen/Eidnes (red.): Trondarnes frilynte folkehøgskole 1919–1994
Ryan, Paul: Den samiske folkehøgskolen i Karasjok. I: Norges samemisjon årbok 1966–68, s. 63–68
Ryan, Paul: Folkehøgskolene i Finnmark med vekt på DSF. I: Fra Havøysund til Alta. Øytun folkehøgskole 75 år. Øytun 1992
Ryan, Paul: Jens Otterbechs kongstanke : den samiske ungdomsskole I: Samenes venn 7-1963 s.. 3–4
Sørensen, Svein H.: «Til bedste for Finmarkens ungdom» : fra Finmarkens amtsskole 1876 til Svanvik folkehøgskole 1996. Svanvik folkehøgskole, 1996
With, Thor: Den samiske ungdomsskolen. I: Årbok 1948–50 / Norges Finnemisjonsselskap s. 119–122


[1] Svein H. Sørensen: «Til bedste for Finmarkens ungdom»: fra Finmarkens amtsskole 1876 til Svanvik folkehøgskole 1996. Svanvik folkehøgskole 1996.
[2] Forsvaret sitt arbeid for fornorsking kjem blant anna fram i arbeidet til Finnmarksnevnden, sjå tilleggsmateriale til Samisk skolehistorie 4.
[3] Johannes Reiersen: Skolen i Finmarken. Kortfattet fremstilling av skolevæsenets utvikling i Finmarken fra 1814 til 1914. Hammerfest 1915. Utdrag av boka er gjengitt i Samisk skolehistorie 4.
[4] Per Fokstad la midt på 1920-talet fram planar for samisk folkeskole og samisk folkehøgskole. Han er nærare omtalt i Samisk skolehistorie 4 og folkeskoleplanen hans er presentert i utdrag fra innstilling fra Den parlamentariske skolekommisjonen, http://skuvla.info/skolehist/parlkom-tn.htm.
[5] Finneforbundet var brukt som kortnamn på Det norsk-lutherske finnemisjonsforbund, som under leiing av Jens Otterbech tok initiativ til Den samiske ungdomsskole. Finneforbundet og Norsk Finnemisjon gikk i 1925 saman til Norges Finnemisjonsselskap, slik at det var dette som starta Den samiske ungdomsskole i 1936.
[6] Sitert etter Sørensen: «Til bedste for Finmarkens ungdom», s. 36–37.
[7] Paul Ryan: Folkehøgskolene i Finnmark – med vekt på DSF. I: Fra Havøysund til Alta. Med Øytun folkehøgskole i 75 år. s. 73. Det er slående at i dette jubileumsskriftet, der hele 19 forfattere har skrevet artikler, er det ingen andre som tar opp det samiske perspektivet i forbindelse med Øytun.
[8] Einar Boyesen: Samenes skole- og utdannelsesspørsmål. I: Sameliv – Same Ællin. Samisk Selskaps Årbok 1956—1958. Dette han skriv her virkar noko merkelig, da alle andre kjelder opplyser at skolen først starta i 1917.
[9] Kåre Skoglund: Med Øytun gjennom 75 år. I: Fra Havøysund til Alta. Med Øytun folkehøgskole i 75 år. s. 12.
[10] Hans Baukop er omtalt i forteljing av Jon Ole Andersen i Samisk skolehistorie 1 og i internett-tillegg til Samisk skolehistorie 4.
[11] Finnemisjonsforbundet gikk i 1925 inn i Norges Finnemisjon, seinare Norges Samemisjon, Det norsk lutherske indremisjonsselskap i 2001 gikk inn i Normisjon og Det vestlandske indremisjonsforbund heiter frå 2000 bare Indremisjonsforbundet.
[12] Den parlamentariske skolekommisjon: Utkast til lov om folkeskolen på landet. Kap. XVI. Skolen i de sprogblandede distrikter.
[13] Peter Cornelius Astrup (1887–1984) var frå Jølster i Sogn og Fjordane og bror av målaren Nicolai Astrup. Han tok eksamen i teologi 1910 og eksamen i samisk året etter. Han vikarierte som sokneprest i Karasjok 1911–12, var sokneprest i Kistrand 1912–14, Lyngen 1914–26 og deretter i Bergen.
[14] Brevvekslinga er gjengitt i internettutgåva av denne boka. http://skuvla.info/skolehist/astrup-tn.htm
[15] Dette er gjengitt i internettutgåva av denne boka. http://skuvla.info/skolehist/dsu35-tn.htm
[16] Paul Ryan: Folkehøgskolene i Finnmark med vekt på DSF I: Fra Havøysund til Alta. Øytun folkehøgskole 75 år. Øytun 1992


Flere artikler fra Samisk skolehistorie 6