Artikkel i boka Samisk skolehistorie 6. Davvi Girji 2013.
Lærarane i Noreg har organisert seg i eigne foreiningar heilt frå tidlig på 1800-talet, men først på slutten av 1800-talet blei desse organisert på landsplan. Ved sida av lønns- og arbeidsvilkår har lærarorganisasjonane vore opptatt av pedagogikk og skolepolitikk, og ofte har dei hatt sterke meiningar og interne debattar om dei skiftande linjene i skolepolitikken, bl.a. i språkspørsmål. I denne artikkelen gir vi nokre glimt frå korleis Norges Lærerforening / Norsk lærerlag behandla opplæring for samar frå starten fram til slutten av 1970-talet. Vi har konsentrert oss om denne organisasjonen, fordi vi ikkje har funne teikn på at dei andre lærarorganisasjonane i denne perioden engasjerte seg synderlig i forhold til opplæring for samiske elevar. |
Den første «skolelærerforening» i Nord-Noreg blei stifta i Tromsø i 1855, den første foreininga i Finnmark i 1860. Det var i starten bare i større byar og tettstadar det var grunnlag for eigne foreiningar. Først i 1892 blei dei lokale lærarforeiningane samla til Norges Lærerforening, men allereie i 1867 var det etablert ei landsomfattande avis for lærarar, Norsk Skoletidende.
Norges Lærerforening blei etter kvart bygd ut med krinsar som hadde fellesmøte ein gong for året. Desse krinsmøta blei gjerne refererte i blada Norsk skoletidende og Skolebladet. Det første krinsmøtet for Vest-Finnmark lærerlag fann stad i 1904. Møtet hadde heile åtte emne til diskusjon, fleire av desse gjaldt fornorskingspolitikken. Måten spørsmåla er stilt på viser at ein ikkje stilte spørreteikn ved hovudtrekka i politikken, det skulle bare diskuterast korleis denne kunne gjennomførast:
2. Paa hvilken maade kan lærerne best fremme fornorskningsarbeidet i Finmarken?
3. Hvorledes opnaaes et frugtbringende fornorskningsarbeide i de sprogblandede distrikter?
4. Hvorledes skal man bedst kunne dygtiggjøre den kvensk-lappiske befolkning i at behandle det norske sprog skriftlig?
7. Norgeshistorieundervisningens nationale betydning for den kvensk-lappiske befolkning.
Innleiingane og debattene kom i stor grad til å dreie seg om ein burde bruke kvensk eller samisk som hjelpespråk i den grad instruksen tillot det, eller om det beste var å bare bruke norsk.
Den eine innleiaren, lærar Mardal[3], sa bl.a.: «Læreren maa helst ikke kunde kvænsk eller lappisk for ikke at fristes til at lade undervisningen foregaa paa disse sprog.» Den andre innleiaren, lærar Bartnes[4], meinte derimot at det var bra om lærarane kunne barna sitt morsmål, ikkje minst «for at kunde samtale med foreldrene om fornorskningens nytte og lære deres tenkesæt at kjende».
Haakon H. Bartnæs var lærar i Tana, Lakselv og Honningsvåg, de to siste stadane også skolestyrar. Frå tida i Honningsvåg har vi funne dette bildet, der han deltar i Honningsvåg dramatiske forening si oppsetting av «Til seters». Bartnæs til venstre foran på bildet. (Kjelde: Einar Richter Hansen: Nordkapp – en fiskerikommune) |
Johan H. B. Johansen var lærar i Kvalsund og formann i Vest-Finnmark lærerlag. (Foto utlånt av Harald Moe) |
«Formanden, kirkesanger Johansen[5], Kvalsund, erklærede sig i det væsentlige enig med indlederen, Mardal, Det var godt, at en lærer kunde kvænsk og lappisk, men han burde ikke benytte det.» Blant deltakarane var det bare ein einaste lærar, Anders Larsen[6] frå Kvalsund, som stilte spørreteikn ved målsettinga for fornorskingspolitikken.
På krinsmøtet for Aust-Finnmark lærarlag i 1906 kom diskusjonen til å gå på eit noko anna plan. Her var emnet «Finnmarkslærarane og landsmålet», og spørsmålet var da om bruk av landsmål eller nynorsk var eigna til å fremme eller forkvakle fornorskingsprosessen. Ingen av målfolka blant lærarane såg nokon parallell mellom norsk og samisk målreising.
Nessebylæraren Isak Saba blei i 1906 vald inn på Stortinget, og blei i den samanheng intervjua av Skolebladet om sitt syn på fornorskingspolitikken. Dette intervjuet førte til skarpe reaksjonar, både frå skoledirektøren og fleire lærarar og til ein diskusjon med i alle fall ti innlegg.[7]
I 1907 vedtok Vest-Finnmark lærerlag, mot ei røyst, å støtte opphevinga av friplassordninga ved Tromsø seminar.[8] Lydolf Lind Meløy oppsummerer slik: «I det heile kan ein seia at lærarorganisasjonen i Finnmark ikkje hadde ein eigen politikk i spørsmål som vedkom språkminoritetane i fylket. I desse spørsmåla var lærarlaga eit vedheng til skoledirektøren og forsvarar for hans fornorskingsline.»
Året etter ga Jens Otterbech og læraren Johannes Hidle ut boka Fornorskningen i Finmarken, med bidrag av to finnmarklærarar, Per Fokstad og Anders Larsen.
Her følger ein kort notis frå avisa Nordkap 19.07.1918:
Lærermøtet i Talvik
Fra dette særdeles vellykkede møte har vi endnu ikke faat referat. Men vi indtar foreløbig den resolution i sprogspørsmaalet som blev fattet, da den har interesse nettopp nu. Den blev fattet etter at saken var indledet av formanden Ola Berg[10] og indgaaende drøftet av mange talere, hvoriblandt folk med et langt livs tjeneste i sprogblandede distrikter. Resolutionen lød saaledes:
«Vestfinmarkens lærerlag, samlet til aarsmøte, slutter sig til den uttalelse som Østfinmarkens lærerlag har vedtat angaaende sprogspørsmaalet i Finmarken.
Det er lærerstandens erfaring at fornorskningsarbeidet i de sidste 10–15 aar har hat stor fremgang, og at den nuværende arbeidsmaate er den rette. Man maa derfor paa det bestemteste protestere mot at de principer for undervisningen, som har været fulgt hittil skal bli forandret, da dette kun vilde være til skade saavel for den finske og kvænske som for den norske befolkning her.»
Denne resolution blev enstemmig vedtat.
Da Den parlamentariske skolekommisjonen i 1926 kom med innstilling om utkast til lov om folkeskolen på landet, var det i kap. XVI. Skolen i de sprogblandede distrikter tatt inn ei rekke uttaler frå forskjellige organ og einskildpersonar. Skoledirektøren i Finnmark, Chr. Brygfjeld, var blant dei som mest iherdig forsvarte fornorskingspolitikken mot ei kvar endring. I den samanheng brukte han uttalane frå lærarlaga som støtte for synet sitt.
Andre opposisjonelle røyster ser ikkje ut å ha sluppe til før krigen. Etter krigen blei Per Fokstad tatt inn i Samordningsnemnda for skoleverket, og bidro der sterkt til at denne nemnda innstilte på ei endring av skolepolitikken overfor samane. På 1950-talet hadde Fokstad to innleiingar på krinsmøte for Aust-Finnmark: i 1953 om «Mennesket i sentrum» og i 1954 om «Samenes hovedproblemer».
Vi siterer frå referatet frå det siste møtet: «Fokstad ga møtedeltakerne en interessant innføring i samenes hovedproblemer. ... Fokstad fordømte sterkt den påtvungne fornorsking av samene og appellerte til lærerne om å være med i samenes kamp for å frigjøre seg selv.»
Møtet gjorde deretter samrøystes dette vedtaket: «Aust-Finnmark krets av Norges Lærerlag oppmoder Norges Lærerlag om å løyve kr. 15000,- eller mer til støtte for utgiing av litteratur på samisk.» Året etter blei det arrangert lærarstemne i Karasjok, og her heldt samekonsulent Hans J. Henriksen foredrag om samenes skolekrav.
Om vi oppsummerer dei første par tiåra etter krigen, ser vi ei byrjande nyvurdering av skolepolitikken overfor samane, både hos styresmaktene og hos lærarane og organisasjonane deira. Aktive samepolitikarar arbeida for endringar både her og der, men det er vanskelig å seie kven som snudde først, staten eller lærarorganisasjonen. I hovudsak ser det ut å ha vore ei parallell utvikling.
Kristian Nymo var lærar i Karasjok og den første samiske formannen i Finnmark lærerlag. (Foto utlånt av Kristian Nymo) |
No starta arbeidet med mønsterplanen som med tida skulle bli M74[12]. Da framlegget til læreplan var til høring, var det tre lærarlag som uttalte seg om samiske skolespørsmål. På grunnlag av merknadane frå laga i Tana, Karasjok og Porsanger vedtok styret i Finnmark Lærerlag:
1. Samisk bør tas med som fag i den nye normalplanen
2. Normalplanen bør gi retningslinjer for læreemnene for samiske barn gjennom hele grunnskolen.
3. Samisk historie og kultur bør i planene for heimstadlære og samfunnsfag sidestilles med andre fremmede kulturer og i enda sterkere grad framheves fordi den samiske kultur også er en del av vår egen kultur.
4. Normalplanen bør gi egen timefordelingstabell for skoler som har samisk i undervisningen.
Problemene for barn i finsk-talende strøk er til en viss grad parallelle med de som gjelder for samebarna.[13]
Med dette hadde Norsk Lærerlag for første gong stilt klare krav om sterkare status for samisk språk og kultur i skolen enn det staten la opp til. Lærarlaget sine krav blei i stor grad oppfylt i den endelige planen av 1974. Etter at planen var sett ut i livet, følgde Pedagogisk utval i Lærarlaget opp dette med krav som måtte gjennomførast for å oppfylle planen i forhold til samiske elevar:
«Det må utarbeides læreverk, læremidler og undervisningsopplegg som er tilpasset de ulike miljøer, med spesiell vekt på begrepsutvikling og mulighet for verbal kommunisering. Det generelle timetallet for morsmålsopplæring må styrkes, enten den er norsk, finsk eller samisk.
Lærerne i språkblandingsdistrikt må få et etterutdanningstilbud med spesiell vekt på de spesifikke problem i kommunen.
Norskundervisningen i grunnutdanningen for lærere må styrkes. Språkutvikling og hva som kan gjøres for understimulerte barn må stå sentralt.
Det må hurtigst mulig gjøres noe konkret for å stoppe gjennomtrekken av lærere i språkblandingsdistrikt.»
Her må ein vel kunne seie at krava var svært forsiktige i forhold til dei behova som var dersom ein ønska å utvikle ein skole med samisk språk og innhald. Her er ikkje noko som bryt med den linja som Kyrkje- og undervisningsdepartementet da la opp til: Norsk skulle vere skolen sitt hovudspråk også for samisktalande elevar, sjølv om desse kunne få begynnaropplæring på samisk.
Det virkar ikkje som lærarlaga i «språkblandingsområda» har fått særlig gjennomslag i dette vedtaket.
Meløy skriv om behandlinga av samiske spørsmål i lærarorganisasjonen:
«I Finnmark Lærarlag hadde det etter kvart vakse fram både interesse og velvilje når det gjaldt undervisningsproblema i språkblandingsdistrikta. Likevel hadde lærarane i desse områda ofte ei kjensle av ikkje å nå fram med sine krav og synspunkt. Lærarane i språkblandingsdistrikta tok derfor opp spørsmålet om å bygge opp ei eiga avdeling innafor lærarorganisasjonen som skulle ha som oppgåve å ta seg av dei pedagogiske spørsmåla som melde seg.»
Denne oppsummeringa viser den doble rolla til dei avdelingane og utvala som etter kvart blei oppretta i fleire lærarorganisasjonar. Det at organisasjonen oppretta ei eiga organisering av arbeidet med dei samiske skolespørsmåla viste at det i organisasjonen var ei viss forståing for samiske krav og for at dette var eit viktig arbeidsområde. Men både initiativtakarane og dei som blei å drive desse organa var gjerne folk som ville drive dette arbeidet lenger enn det fleirtalet og dei ordinære organa i organisasjonane var mogne for. Dette gjorde at samiske avdelingar og organ fikk ein noko anna funksjon enn andre utval i organisasjonen, og det opna for mogleg strid om skolepolitiske og samepolitiske prinsipp mellom samiske organ og resten av organisasjonane.
Forslaget om eigen seksjon for samiske lærarar blei reist av Karasjok lærarlag i 1977, og i 1979 vedtok fylkesårsmøtet i Finnmark lærarlag å opprette ein samisk seksjon.
Meløy sin kommentar til betydninga av seksjonen: «Med godkjenning av ein samisk seksjon innafor fylkeslaget, har Finnmark Lærarlag formelt likestilt lærarar med samisk og norsk bakgrunn. Omslaget frå det første store skolemøtet i Alta i 1904 og fram til i dag er totalt. Med seksjonsdanninga har Finnmark Lærarlag tatt på seg å vere talerør for samiske krav i pedagogiske spørsmål. Samiske lærarar har ansvaret for at rettvise krav blir reist.» (s. 168.)
[1]
Flere artikler fra Samisk skolehistorie 6
[2]
[3]
[4]
[5]
[6]
[7]
[8]
[9]
[10]
[11]
[12]
[13]