Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Dagens Næringsliv 26. mai 2006
[Tale/artikkel, Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, 26.05.2006]
Debattinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) i Dagens Næringsliv 26. mai 2006. Det er kanskje ikkje alltid like lett å sjå kor viktig fornyingsarbeidet i offentleg sektor er. Men nokre gonger er det enkelt. Av og til kan einskilde grep hjelpe til å spare milliardar. Eitt av dei er å få offentlege innkjøparar til å handle på same måte som stadig fleire av oss andre, nemleg gjennom elektroniske innkjøp - eller handling på Internett. Dette må offentlege verksemder no ta alvorleg.