[Pressemelding, Kunnskapsdepartementet, 05.10.2010]
– Innsatsen for å motverke fråfallet i vidaregåande opplæring skal trappast kraftig opp. Vi foreslår derfor å løyve om lag 425 millionar kroner til målretta tiltak for dette i 2011, ei styrking på 175 millionar kroner i forhold til 2010. Det seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen og understrekar at fullført vidaregåande opplæring er heilt avgjerande for at ungdom skal stå godt rusta i møtet med arbeidsliv og vidare utdanning.