Pressemelding, 08.10.2012

Nr.: 72/2012

Nytt isgåande forskingsfartøy til 1,4 milliardar kroner

Regjeringa foreslår å byggje eit nytt isgåande forskingsfartøy. Fartøyprosjektet har ei samla kostnadsramme på i overkant av 1,4 mrd kroner, og regjeringa foreslår at det giast startløyving på 75 millionar kroner i 2013-budsjettet.

– Eit nytt isgåande fartøy vil vere viktig for forskinga om klima og miljø i polare strøk og for ressurskartlegging i nordområda, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Arktis og Antarktis har ei nøkkelrolle for det globale klimaet. Eit isgåande forskingsfartøy vil styrkje Noreg si evne til å bidra med viktig kunnskap i det internasjonale klimaarbeidet gjennom auka forskingsinnsats i Arktis og Antarktis.

Fartøyet er planlagt som et multifunksjonsfartøy. I tillegg til klima- og polarforsking og undervisning vil det også bli brukt til ressurskartlegging i nordområda.

Fartøyet skal erstatte forskingsfartøya ”Lance” og ”Helmer Hansen”, som er ombygde fiskefartøy. Det nye fartøyet er spesialbygd som isgåande forskingsfartøy, og vil gi heilt andre moglegheiter til forsking og undervisning i polare område enn fartøya dei skal erstatte.

Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø, og dei viktigaste brukarane vil vere Norsk Polarinstitutt, Universitetet i Tromsø og Havforskingsinstituttet.

Havforskingsinstituttet har ansvaret for byggjeprosessen. Det nye fartøyet ventast å gå av stabelen i 2015.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonsenheten (FKD)

Telefon: 22 24 66 99
Faks: 22 24 95 85

Fiskeri- og kystdepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonsenheten (FKD)

Telefon: 22 24 66 99
Faks: 22 24 95 85