Pressemelding , 11.05.2010

Nr.: 30/2010

Meir midlar til isbryting og oljevernaksjon

Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til Kystverket som følgje av ekstraordinære kostnader til isbryting vinteren 2010. For å sluttføre opprenskingsarbeidet etter ”Full City”-forliset foreslår regjeringa ei ytterlegare løyving på 34 millionar kroner i revidert budsjett for 2010.

Vinteren 2010 har det vore ein lang og samanhengande kuldeperiode på Austlandet. På grunn av isen i Oslofjorden var det nødvendig å leige fartøy til isbryting for å halde hovudleia og bileier opne for ferdsel. I tillegg har is i drift skada navigasjonsinnretningane. Regjeringa foreslår difor å løyve 10 millionar kroner til Kystverket for å dekkje dei ekstraordinære kostnadene knytt til isbryting og reparasjon av skadar.

MV "Full City" forliste 31. juli 2009 utanfor Langesund, og oljelekkasjen frå skipet førte til oljepåslag langs kysten. Då det omfattande opprenskingsarbeidet vart avbrote i slutten av november 2009 var det samla opp om lag 2 600 tonn avfall tilsølt av olje. Oljevernarbeidet held fram våren 2010. Samla aksjonskostnad er rekna til 234 millionar kroner.  200 millionar vart løyvd i 2009. Opprenskingsarbeid er allereie sett i gang, og målet er å sluttførearbeidet i løpet av sommaren. I revidert budsjett for 2010 fremmar regjeringa forslag om 34 millionar kroner i tilleggsløyving.

Kontakt:
Pressevakt 22 24 66 99

Mer om revidert nasjonalbudsjett 2010 (Finansdepartementets budsjettportal)