Når Stortinget kjem saman i oktober kvart år, konstituerer det seg og vert opna av Kongen.
Under opninga les Kongen trontalen "...hvori han underretter det om Rigets Tilstand og de Gjenstande, hvorpaa han især ønsker at henlede Storthingets Opmerksomhet.", jfr. § 74 i Grunnloven.
Trontalen gjev uttrykk for hovudlinene i arbeidsprogrammet til regjeringa og politikken for det komande året.
Foto: Stortinget/Thomas Fraser