Kronprinsesse Märthas minnefond
Kronprinsesse Märthas minnefond gjer økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar.
Fondet vart oppretta 1. april 1929 under namnet ”Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märthas Fond”. Tildeling av bidrag skjer i tilknyting til fødselsdagen til Kronprinsessa, 28. mars. Søknadsfristen er 1. februar for tildeling samme år.
Det er en glede for meg at jeg hvert år i tilknytning til min mor, Kronprinsesse Märthas fødselsdato, er så heldig at jeg får lov til å dele ut penger til sosiale og humanitære tiltak i organisasjoner og foreninger fra hele Norge, seier Prinsesse Astrid, fru Ferner.
Statuttar
Fondet har som formål å gje økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar. Det blir teke sikte på å dekkje behov som det ikkje er ei oppgåve for stat eller kommune å løyve midlar til. Det blir ikkje gjeve bidrag til enkeltpersonar og normalt heller ikkje til investeringar. Det blir berre unntaksvis gjeve tildeling til same formål meir enn eitt år på rad.
Prinsesse Astrid, fru Ferner. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff.
Søknadar
I lenkelisten kan du finne eit elektronisk skjema for søknad om tildeling frå fondet. Når skjemaet er fylt ut og du trykker "Send inn skjema", får du opp ei kvittering med den utfylte informasjonen som du kan skrive ut til eiget arkiv.
Søknadsfristen er 1. februar for tildeling samme år.
Det er ikkje mogleg å sende vedlegg med det elektroniske skjemaet. Viss du meiner det er naudsynt å legge ved ei brosjyre eller liknande, må denne sendast i vanleg post. Legg ved ei utskrift av den elektroniske søknaden, slik at det er klart hvor vedlegget høyrer til.
Om du føretrekk å fylle ut søknaden for hand, kan du skrive ut vedlagde PDF-fil eller få eit skjema tilsendt ved å ta kontakt med Det kongelege hoff.
Tildelingar
Fondet har ein kapital på ca. 27 000 000 kroner. Avkastinga for eit kalenderår blir stilt til disposisjon for styret til fordeling året etter. Dersom ikkje heile avkastinga blir delt ut, blir det overskytande lagt til fondskapitalen.
Det blir normalt delt ut mellom 1 og 1,5 millionar kroner kvart år, fordelt på ei lang rekkje mottakarar. Standardbidraget er på 5 000 kroner, men høgare bidrag kan òg løyvast. I 2017 tok fondet imot 306 søknader. Det vart gjeve bidrag til 191 søkjarar, og tildeling var på 975 000 kroner.
Vi ber om ei tilbakemelding om korleis pengane vart nytta innan utgangen av februar året etter tildeling.
Styret
Styret for fondet blir oppnemnt av H.M. Kongen og leidd av Prinsesse Astrid fru Ferner. I tillegg til Prinsessa består styret av hoffsjefen, biskop emeritus Sigurd Osberg, oberstløytnant Egil Vindorum og departementsråd Ingelin Killengreen.
Administrasjonen blir utført av Ordenskanselliet, og kansellisjef Mette Tverli er sekretær og dagleg leiar for fondet.
Kontaktinformasjon
Skriftleg søknad sendast til:
Kronprinsesse Märthas Minnefond
Ordenskanselliet
Det kongelige slott
0010 Oslo
Spørsmål om fondet kan rettast til:
Kansellisjef Mette Tverli,
Ordenskanselliet,
Det kongelige slott,
0010 Oslo.
Telefon: 22 04 87 00
Telefaks: 22 04 87 90
E-post: fond@slottet.no