Hopp til hovedinnhold

Siste dag i Mexico

Petroleumsverksemda stod i fokus da DD.HH.KK. Kronprinsparet besøkte Veracruz torsdag. Kronprins Haakon besøkte eit produksjonsskip i Golfen, og Kronprinsessa opna eit seminar der norsk-mexicansk samarbeid innan energisektoren var eit viktig tema.

20.03.2009

I Golfen

Kronprins Haakon besøkte ein såkalla FPSO (Floating Production Storage and Offloading vessel) i følgje med blant anna olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Skipet er ått av den mexicanske statens oljeselskap Pemex, men 80 % av utstyret om bord er norsk, og eininga blir driven av BW Offshore (Bergesen).

Mexico og Noreg er begge blant dei ti største oljeprodusentane i verda. Her finst eit stort potensial for samarbeid, ikkje minst innan teknologi for oljeboring på store djup.

Opna næringslivsseminar

Norsk-mexicansk samarbeid innan petroleumssektoren stod òg i fokus da Kronprinsesse Mette-Marit opna eit næringslivsseminar i Veracruz. I opningstalen sin sa Kronprinsessa blant anna:

”The petroleum sector is vital in both our economies and a focus area for this visit (…) Mexico is one of the largest producers of oil and gas in the world with huge unexplored potential deepwater resources. At the Norwegian continental shelf the recovery rate has increased from 17 per cent in the early 70’ies, to a recovery rate of 46 per cent today. The Norwegian technological solutions for development of deepwater discoveries will be presented here today.”

I tillegg til olje var kaffi eit viktig tema på seminaret. Med unntak av finnane er nordmenn det folket i verda som drikk mest kaffi per person. Kaffi er ein viktig eksportartikkel i Mexico.

Kultursenter og hamnebesøk

Etter opninga av seminaret besøkte Kronprinsessa kultursenteret IVEC i Veracruz. Her fekk Kronprinsessa oppleve både ei danseframsyning og ei utstilling av lokalt kunsthandverk.

Veracruz er anløpshamn for mange norske skip, og Kronprinsessa fekk ei omvising i informasjonssenteret her av hamnesjefen Juan Ignacio Fernández Carbajal.

Avslutning i Mexico City

Om ettermiddagen reiste Kronprinsparet tilbake til Mexico City, der besøket i Mexico vart avslutta med ein offisiell lunsj med President Felipe Calderón og fru Margarita Zavala.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter