Hopp til hovedinnhold

Årsmelding 2010

Årsmeldinga for Det kongelege hoff er i dag overlevert til Stortingets Presidentskap, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Riksrevisjonen. Det omfattande offisielle programmet til Kongefamilien blir spegla i årsmeldinga for 2010.
08.04.2011

Årsmeldinga for 2010 omfattar årsrekneskapen for Den kongelege civilliste, DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessas stab og Åpent Slott, og dessutan organisasjonsgjennomgang og meldingar om det offisielle programmet Kongehuset har gjennomført, og aktivitetane til Det kongelege hoff.

Rekneskap

Rekneskapen for Den kongelege civilliste er gjord opp med eit resultat som viser eit underskot på 285 097 kroner. Underskotet blir dekt av tidlegare avsetjingar. Årsrekneskapen for DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessas stab er gjord opp med eit overskot på 839 915 kroner – i dette inngår ei planlagd avsetjing på 600 000 kroner til bilkjøp. Årsrekneskapen for Åpent Slott er gjord opp med eit underskot på 46 313 kroner, som blir dekt av eigenkapitalen.

Nærmare om offisielt program

H.M. Kongen har i 2010 hatt 158 audiensar, og det har vore 27 høgtidelege audiensar der framande lands nye ambassadørar til Noreg har avlevert akkreditiva sine. I 2010 deltok H.M. Kongen ved 160 offisielle arrangement i Noreg og internasjonalt, mens H.M. Dronninga deltok ved 154 offisielle arrangement, Den Høgvørde Kronprinsen var til stades ved 219 offisielle arrangement og Den Høgvørde Kronprinsessa ved 139 offisielle arrangemet.

I alt vart 47 kommunar i 17 fylke besøkte, mens det vart gjennomført 25 besøk til utlandet. Kongeparets fylkestur gjekk til Oppland i juni, mens Kronprinsparets fylkestur vart lagd til Aust-Agder i månadsskiftet august/september.

Kongen og Dronninga gjennomførte eit statsbesøk til Slovakia i oktober med eit omfattande program over tre dagar, mens DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa var på eit fire dagar langt offisielt besøk til Malaysia i mars.

Vedlikehald og rehabilitering

Store delar av dei løyvde midlane er brukte til å halde ved like og utvikle Slottet, hovudhuset ved Bygdø Kongsgård og Oscarshall, med dei kulturelle og historiske verdiane som finst der. Rehabiliteringa av Store spisesal på Slottet vart fullført i april 2010. Åpent Slott hadde den første heile omvisingssesongen sin på Oscarshall etter fleire år med omfattande rehabilitering.

Bruken av løyvingane frå Stortinget til Det kongelege hoff (Civillisten) og til DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessas stab (offisielt budsjett) blir rapportert årleg. Apanasjen til Kongen og Dronninga og DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa skal dekkje forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU) av dei private eigedommane. Ein definert del av apanasjen dekkjer private utgifter, medrekna offisielle antrekk.

Som kompensasjon for at staten ikkje stiller bustad til disposisjon for DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa, er det lagt inn midlar i apanasjeløyvinga til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av hovudhuset på Skaugum. Apanasjen til Kronprinsparet utgjorde totalt kroner 7 515 000. Av dette er ca. kr 6 645 000 nytta til FDVU-formål.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Relaterte lenker