Filnamn-konvensjon for brukardokumenta ====================================== Tekstfiler (xml eller jspwiki) ______________________________ Filnamnet skal innehalda komponentar for: - plattform - dokumentkategori (installering, bruk, tastaturoppsett osb.) - vertsprogram - vertsprogramversjon - OS-versjon - Divvun-spåk (ISO-3-kode) - OS-språk (ISO-3-kode) - dokumentasjonsspråk (ISO-2-kode) Ikkje alle komponentane er relevante for alle dokument, dei som ikkje trengst blir berre hoppa over. Komponentane er organisert slik: plattform/dokumentkategori-vertsprogram-vertsprogramversjon-OS_versjon-Divvun_språk-OS_språk.dokumentasjonsspråk.filtypesuffiks Kvar kategori som ikkje er ein katalog eller suffiks, er skilt frå andre kategoriar med bindestrek. Dersom ein kategori treng fleire ord, er desse lenka i hop med golvstrek. Døme: mac/install-msoff-2011.no.xml mac/enable_keyboard-osx10.8.no.xml win/enable_smj_input-win7.no.xml Biletfiler (png eller jpeg) ___________________________ Dei fylgjer same mønsteret som for tekstfilene, med eitt unnatak: dokumentasjonsspråket er ikkje koda. I staden kjem det ein språkkode for OS-språk, slik at ein ser kva for OS-språk som er illustrert i biletet. Døme: mac/images/installation-dmg_open-msoff-2011-nob.png win/images/legg_til_inndatasprak_sma-win7-nob.png