Unix for lingvistar
- Innleiing
- Grunnleggjande kommandoar
- Logge inn, logge ut
- Kommandoar, ikkje museklikk
- Unix-landskapet
- Lage katalogar, flytte rundt
- Relativ og absolutt referanse
- Vise innhaldet i filer
- Kommandoar for å manipulere innhaldet i filer
- sort (sorter)
- grep (finn liner av viss type)
- rev (reverser)
- Kombinere kommandoar med |
- wc (word count)
- uniq (slå saman like liner)
- tr (søk-erstatt einskildteikn)
- Kreativ latskap: Same kommando ein gong til
- Kopiere og flytte filer, gje nytt namn
- Søk og erstatt
- Regulære uttrykk
- Spesielle lingvistiske verkty til bruk frå kommandolina
- Unix sin innebygde hjelpfunksjon: man, info og apropos
- Liste over kommandoar
Lingvistar treng Unix fordi Unix kan manipulere tekst for oss. For å
bli i stand til å bruke Unix må vi kunne bruke Unix sitt
kommandolinegrensesnitt. Dette er ei innføring i det vi treng å vite
om Unix for å kunne gjere det vi vil. Etter kvart avsnitt kjem det ei
lita oppsummering av kva som er gjennomgått.
På Unix-system må du logge deg inn (på ulike måtar, avhengig av kva
slags datamaskin du har), og du må logge deg ut når du er ferdig (med
å skrive logout og deretter trykke ENTER, dvs. trykke på
LINJESKIFT-tasten (alle kommandoar blir avslutta med at du
trykker på den). Når du har logga deg inn befinn du deg på ein bestemt
stad i systemet, nemleg i din eigen
heimekatalog. Katalog er Unix-namnet på det vi i Mac og Windows
kjenner som mappe. Heimekatalogen din tilsvarer dermed den mappa der
du har alle filene dine (t.d. "Mine dokumenter" i Windows).
Når du arbeider er det praktisk å ha mange vindauge opne samtidig
(viss du les dette dokumentet online kan du ha eitt vindauge der du
les og eitt anna der du prøver ut det som står her).
Oppsummering:
- Skrivlogout i alle vindauge du har opne når du avsluttar arbeidsøkta
Unix skil seg frå dei fleste andre operativsystem ved at det ikkje har
noko grafiske brukargrensesnitt. I staden har Unix noko vi kallar ei
kommandoline, dvs. at cursoren står og ventar på at du skal
skrive inn ein kommando. Rett etter at du har logga deg inn i
heimekatalogen din står du i heimekatalogen. I cochise (Linuxmaskina til
Samisk språkteknologi-prosjektet) fortel prompten til
kommandolina (dvs. den teksten som står til venstre for cursoren) deg
kva katalog du er i akkurat no. Viss brukarnamnet ditt er
trond, står det trond$ til venstre for cursoren.
Du skal no lære mange kommandoar. For at unix skal forstå
kommandoane dine må dei bli skrive på ein bestemt måte. Ein
unix-kommando har to obligatoriske delar: Kommandoen må starte med
namnet på eit program, og han må slutte med at du trykkar på
lineskifttasten. ("Trykk ENTER". Du skal altså ikkje bruke tasten
heilt nederst og til høgre på tastaturet til dette.). Vi prøver ein
enkel kommando: Skriv date og trykk ENTER. Som svar bør du få
opp dagens dato og klokkeslett. Ein til: Skriv cal og trykk
ENTER. Svaret bør bli ein liten kalender. Alle kommandoar blir
avslutta med ENTER, og frå og med no vil eg ikkje nemne det. "Skriv
ls" tyder altså "skriv ls og trykk ENTER", og
tilsvarande for dei andre kommandoane.
Dei fleste kommandoar tar eitt eller fleire argument. Ein slik
kommando er mkdir, som tyder "make directory", eller lag ein
katalog. Skriv mkdir, trykk ENTER, og du vil få eit logisk
svar. (For å lage ein ny katalog treng unix eit argument, eit
katalognamn. Skriv t.d. mkdir tullkatalog. For å sjå kva som
har skjedd skriv du ls (list opp innhaldet i den katalogen du
står i akkurat no). Katalogen tar du bort att med å skrive rmdir
tullkatalog. Prøv det, og prøv det deretter ein gong
til. (rmdir-kommandoen fungerer berre på tomme katalogar.)
Frå eit lingvistisk synspunkt kan vi sjå på kommandoane som verb. I og
med at alle kommandoane representerer våre oppfordringar til
datamaskina, kan vi betrakte dei som verb i imperativ. Som andre verb
er også Unix-verba transitive eller intransitive. Ein kommando som
date kan bli sett på som eit intransitivt verb: Du skriv
date, og maskina fortel deg kva dato det er. Kommandoen
mkdir er derimot eit transitivt verb, det må ha eit objekt,
nemleg namnet til den nye katalogen du vil lage.
På same måten som vanlege verb opererer også unix-kommandoar med
underforståtte objekt, med tolking avhengig av konteksten det står
i. Viss vi seier "et!" meiner vi som regel "Et maten som står foran
deg!". Unix-kommandoen ls har og eit slikt kontekst-avhengig,
underforstått objekt. Det du eigentleg seier er "list innhaldet i den
katalogen eg står i no". Vil du liste opp innehaldet i ein bestemt
katalog, må du seie namnet på katalogen (jf. neste kapittel). Det same
gjeld cal. Skriv du berre cal, får du årets
kalender. Viss du vil vite kva vekedag grunnlova vart underteikna på,
skriv du cal 1814. Vi skal seinare sjå på kommandoar med to
objekt, unix-verda sin parallell til ditransitive verb.
Kommandoar kan også modifiserast, dei har adverb. Kva adverb
(programmerarar kallar dei options eller flagg)
kommandoane tar varierer frå kommando til kommando. Kommandoen
cal har t.d. flagga -m (la måndag vere første dag i veka) og -3
(vis månaden før og månaden etter). Kommandoen cal -m 2000 gjev
t.d. kalendaren for år 2000, med måndag som første dag i veka.
Oppsummering:
- Kommando-syntaks: kommandonamn eller
kommandonamn argument ENTER
- Kommandoar: date,
cal, mkdir
- Kommandoar kan bli sett på som verb i
imperativ, dei kan vere intransitive eller transitive (ha ingen, eitt
eller fleire argument), og dei kan ta modifiserande adverb (flagg)
Katalogen til trond og dei andre brukarane ligg i ein
annan katalog, og har (eller vil få) andre katalogar under seg
att. Men ein stad stoppar det opp. Alle katalogars mor er
rotkatalogen. Den har eit eige symbol i Unix, nemleg
/. For å sjå kva som er i rotkatalogen din kan du skrive ls
/, dvs. "list opp innhaldet i rotkatalogen". Hugs å avslutte med
linjeskifttast. Der vil du sjå ein del kryptiske namn, alle er namna
på ulike katalogar.
Ein av katalogane heiter home, og det er heimen til alle
brukarane på systemet. Kommandoen ls /home listar opp innhaldet
i katalogen home, og du ser dermed kven som er brukarar på
cochise. Eitt av dei brukernamna er ditt. Skriv du derimot ls
får du lista opp alle filene og katalogane du har i din eigen
heimekatalog, eller meir generelt den katalogen du står i akkurat
no.
Oppsummering:
- heimekatalog, rotkatalog (/)
- Katalogstruktur: Katalogar ligg inni kvarandre (som mapper i
grafiske brukargrensesnitt)
- Kommandoar: ls, ls /, ls /export/home
Lag ein katalog for dette kurset. Du skriv altså mkdir
kurs. Skriv ls. Viss du så skriv ls kurs finn du ut
kva som er inni den nye katalogen (ja, ganske riktig, ingen ting).
Prøv så å flytte inn i katalogen. Skriv cd kurs (cd
tyder "change directory"). Sjekk om prompten endrar seg. Viss du no
skriv ls kurs ein gong til får du eit heilt anna svar enn
sist. Korfor det?
Grunnen til at du no får svaret "Ingen slik fil eller filkatalog"
(eller tilsvarande) er at katalogen kurs ikkje sjølv inneheld
nokon katalog som heiter "kurs". Lag no ein ny katalog, i kurs,
med å skrive t.d. mkdir tullkatalog. Du kan så gå tilbake til
heimekatalogen din med å skrive cd .. (cd mellomrom punktum
punktum) To punktum tyder "morkatalogen til den katalogen eg no står
i". Så kan du skrive ls kurs, og t.d. få svaret "tullkatalog"). Du kan
bruke symbola .. i alle samanhengar, t.d. vil kommandoen ls
.. bety "list innhaldet i morkatalogen til den katalogen eg no
står i". Viss du står i katalogen kurs, og heimekatalogen din
inneheld katalogane kurs og gt, kan du liste innhaldet i gt med å
skrive ls ../gt. .. tyder "eitt nivå opp, og /
tyder "eitt nivå ned. gt fortel kva katalog systemet skal liste
innhaldet i.
Det er ein katalog som er viktigare enn alle andre katalogar, og det
er heimekatalogen din. Viss du er i kurs og vil heim, kan du sjølvsagt
skrive cd .., men viss du ikkje er sikker på kor du er, eller
viss du vil fort heim, kan du skrive berre cd. Den kommandoen
flyttar deg rett heim til heimekatalogen din.
Viss du lurer på kor du er kan du forresten skrive pwd, "print
working directory". Då får du som svar stien frå rotkatalogen til
katalogen du sjølv står i akkurat no.
Oppsummering:
- Katalogstruktur: morkatalog, dotterkatalog, notasjonen
..
- Kommandoar: cd (flytt meg heim), cd ..
(flytt meg ein katalog opp)
Det er to måtar å referere til filer og katalogar på i Unix. Den eine
er absolutt, og den andre er relativ. Den måten vi til no har brukt er
relativ. Når vi bruker relativ referanse er resultatet av kommandoen
vår som regel avhengig av kor vi står. Sett at du står i
heimekatalogen din, og at du der har ein katalog som heiter kurs. Då
er det mogleg å skrive ls kurs. Står du derimot i
søsterkatalogen gt, er det ikkje mogleg, då må du skrive ls
../kurs for å få vite innhaldet. Relativ referanse er altså
relativ til kor i systemet du sjølv står. For å bruke eit døme kan vi
seie at 'høgre' og 'venstre' er døme på relativ referanse, mens 'nord'
og 'sør' er døme på absolutt referanse.
Når du bruker absolutt referanse speler det ikkje nokon rolle kor du
sjølv står, for då viser du kor fila eller katalogen ligg ved å
referere til rotkatalogen, som heiter /. Viss brukarnamnet ditt er
trond, kan du skrive ls /home/trond/kurs/, uansett kva katalog
du sjølv står i. Referansen til katalogen kurs er ikkje lenger
relativ, men absolutt, han er forankra i rotkatalogen.
Oppsummering:
- Relativ referanse, avhengig av kor du sjølv står i systemet
- Absolutt referanse, refererer via rotkatalogen
Gå til katalogen kurs, som du nettopp har laga (viss du ikkje veit kor
du er gjev du først kommandoen cd, og deretter cd
kurs. Så kan du lage eit par filer. Vi skal seinare lage filer med
editoren emacs, no lagar vi dei på ein litt meir lettvint måte, med
kommandoen cat. Skriv cat > n-liste. Som svar får du
ikkje den vanlege prompten, men ei blank line. Skriv inn eit ord,
t.d. Kari. Trykk ENTER. Skriv inn eit namn til, t.d. Per, og ENTER. Ta
eit par namn til, Lars, Anne, Lena, med ENTER etter kvar. Til slutt
avsluttar du med Ctrl-d (hald Ctrl-tasten nede og trykk på
D-tasten). Dermed bør du få attende prompten. Viss du no skriv
ls, ser du at du har fått ei fil, nemleg "n-liste". Viss du
lurer på kva som står i fila kan du skrive less n-liste. Då får
du lista opp innhaldet i fila. Til slutt står det END i invers
video. For å kome seg ut av less og attende til kommandolina trykker
du på q-tasten.
Oppsummering:
- Kommandoar: cat, cat > filnamn, less
- Kome seg ut av less-funksjonen og attende til kommandolina: skriv q
Innhaldet i fila n-liste i forrige avsnitt kan vi bruke som
dømemateriale for å lære ein del heilt sentrale kommandoar for
oss. Vi vil gjerne sortere tekst. Skriv sort n-liste, og du får
fila alfabetisert, kvar line i alfabetisk rekkefølgje. (ein lettare
måte er å skrive sort n og deretter trykke tabulatortasten,
viss n-liste er den einaste fila i katalogen kurs som har n som
første bokstav vil Unix fylle ut resten sjølv).
Denne kommandoen kan vi modifisere med det som blir kalla
flagg. Eit flagg er ein måte å modifisere in unix-kommando
på. Flagg blir skrive med ein bindestrek (-) først, og dei blir
plassert mellom kommandoordet og argumentet. I staden for sort
n-liste kan de skrive sort -r n-liste. Flagget -r tyder
"reversert", og fila blir altså sortert i omvend rekkjefølgje.
Oppsummering:
- Flagg, flagget -r
- Kommando: sort
Ein annan sentral kommando er grep. Det står for "get regular
expression", og hentar ut alle linene som er av den typen du har
spesifisert. Skriv grep L n-liste, og du får Lars og Lena som
svar. Skriv grep a n-liste, og du får Kari, Lars og Lena (men
ikkje Anne!) som svar.
Viss du vil søke etter meir avanserte uttrykk må du bruke
apostrof. Kommandoen grep mii filnamn i ein samisk tekst gjev
tilslag både på 'mii' og 'huksemiid'. Viss du vil søke berre på mii i
starten av ord kan du skrive grep ' mii' filnamn. Viss du vil søke på ordet 'mii' kan du skrive grep -w mii filnamn
Kommandoen rev reverserer linene. Skriv rev n-liste og
prøv og sjå kva som har skjedd.
Såg du det? Alle namna er no skrive baklengs. Det i seg sjølv er ikkje
så spennande, kanskje, men når det blir kombinert med andre kommandoar
blir det svært nyttig for oss.
Oppsummering:
- Kommando: rev, reverser line ('far' blir 'raf')
Teiknet |, eller pipe (utt. paip), er eit av dei viktigaste symbola vi
har. Pipe finn du på Macintosh på opsjon-7 (opsjon er tasten med eit
symbol som ser ut som eit skiftespor), på dei fleste PC-tastatur står
pipe-tasten til venstre for eittalet, øvst til venstre på
tastaturet. Med | kombinerer vi fleire kommandoar, eller rettare: Vi
sender output frå den første kommandoen til den neste. Vi skal no
kombinere kommandoane rev og sort, og det gjer vi slik:
rev n-liste | sort | rev. Kva har skjedd? Vi har reversert
namna i fila vår, sortert den reverserte lista, og reversert attende
til vanleg venstre-til-høgre-tekst. Resultatet er ei
baklengssortert liste over dei namna vi starta ut med.
Oppsummering:
- Kommando: rev, reverser line ('far' blir 'raf')
La oss no utvide fila vår med litt fleire namn. Skriv cat >>
n-liste og trykk lineskifttast. Du fåt opp ei blank line. Skriv
inn namna Per, Ole, Anne og Anne, alle med lineskifttast
mellom. Avslutt med lineskifttast, og trykk Ctrl-d. Skilnaden
på > og >> er at i det første tilfellet lagar du ei ny
fil, og i det andre tilfellet føyer du nytt innhald til ei allereie
eksisterande fil. Dette er ein SVÆRT VIKTIG skilnad. Viss du
har jobba i lang tid med ei fil, og skrive inn hundrevis av liner med
tekst, og berre vil legge til eit ord eller to på slutten, kan du
bruke >>. Men viss du gløymer deg og skriv > i staden,
har alle dei hundrevis av linene forsvunne, og alt som står att er dei
to stakkars orda du ville legge til. Unix kjenner ingen nåde. Dei
hundrevis av linene du hadde får du ikkje att. Så ver forsiktig.
La oss no seie at det går bra, og du har ei fil som inneheld til saman
9 namn. Korleis veit du at det er 9? Med wc-kommandoen (word
count). Skriv wc n-liste, og du ser kor mange liner, ord og
teikn fila inneheld. Viss du berre vil sjå eitt av dei tre svara, kan
du gjere det med flagga -l, -w og -c, slik: wc -l. Flagga kan og
kombinerast: wc -lw fortel kor mange liner og ord fila
inneheld.
Oppsummering:
- Kommando: wc, tel kor mange liner, ord og teikn ei fil har
- Flagg: wc-kommandoen har flagga -l, -w og -c (liner, ord og teikn)
- Teiknet >>: Legg innhaldet til på slutten av fila du sender det til
I n-liste er no fleire av linene identiske. Skriv sort n-liste,
så ser du det. Viss du er interessert berre i kor mange ulike liner du
har, og ikkje i oppattakingar, kan du skrive sort n-liste |
uniq. Viss du er interessert i kor mange det er av kvart namn, kan
du legge til teiknet -c, som står for "count", slik: sort n-liste |
uniq -c. Litt meir avansert blir det med sort n-liste | uniq -c
| sort -n (sorter etter nummer), og riktig sving over det får vi
med sort n-liste | uniq -c | sort -nr. Med denne kommandoen får vi ei
liste som gjev dei mest vanlege orda (eig. linene) først, og som
sorterer nedover etter frekvens. Ord med same frekvens blir sortert
alfabetisk.
Kommandoen tr endrar eit teikn til eit anna. Denne kommandoen
skil seg frå andre kommandoar ved at han ikkje tar filnamn som
argument, men må få dei servert på eit fat. Viss du vil endre alle
bokstavar "e" til "x" i fila n-liste, skriv du cat n-liste | tr 'e'
'n' | less. Då får du resultatet på skjermen. Vil du lagre
resultatet til ei ny fil skriv du i staden cat n-liste | tr 'e' 'n'
> nyliste, og dermed er den nye fila lagra som "nyliste". Merk at
du ikkje kan bruke same namn på kjeldefil og målfil.
Ein svært nyttig tr-kommando er den som gjer ein tekst om til ei liste
med eitt ord per line. For å få til det skal vil erstatte alle
mellomrom med linesluttsteikn. Linesluttsteikn skriv vi '\012'. 012 er
den numeriske koden (den oktale koden, for å vere nøyaktig) for
lineslutt. Det første du kan gjere er å gjere om n-liste til ein
tekst, slik: cat n-liste | tr '\012' ' ' > n-tekst. Viss du no
skriv less n-tekst, ser du at namna i namnelista har hamna på
same line. Du kan kome attende til listeformatet med å snu på
kommandoen, slik cat n-tekst | tr ' ' '\012' | less.
Etter kvart kan kommandoane bli mange og lange. I staden for å skrive
same kommando ein gong til kan du bruke piltastene. Pil opp
gjev deg forrige kommando (for å utføre kommandoen må du sjølvsagt
trykke lineskifttast). Pil opp ein gong til gjev kommandoen før der att.
Viss du så skriv history, får du ei liste over alle kommandoane
du har gjort. Kvar kommando har eit nummer. Viss du t.d. gjerne vil
gjere kommando nummer 55 om att, skriv du !55, og same kommando
blir utført ein gong til.
Lange kommandoar kan du også redigere. Viss du har skrive grep e
n-liste | rev | sort | rev (for å få ei baklengssortert liste over
alle namna som inneheld e), kan du etterpå trykke på pil opp,
få kommandoen på nytt, trykke på pil venstre til du kjem til
e-en, setje cursoren oppå e-en, trykke Ctrl-d (for delete), og
deretter skrive a og enter. Vips har du ei baklengssortert
ordliste over alle namna som inneheld vokalen a.
Filer blir kopiert med kommandoen cp (for "copy"). Viss du skal
kopiere fila namneliste til ei ny fil, som du vil kalle
kopiliste, skriv du cp namneliste kopiliste. Rekkefølgja
er altså "cp frå til". Viss du vil gje ei fil eit nytt namn bruker du
kommandoen mv (move). Syntaksen er den same: mv gammaltnamn
nyttnamn. Namnet "mv" er ikkje tilfeldig, viss du ikkje gjer opp
eit nytt namn, men i staden ein ny katalog, blir fila flytta dit:
mv n-liste tullkatalog/ flyttar fila "n-liste" til katalogen
"tullkatalog".
Vi bruker regulære uttrykk for å søke etter klasser av
teikn. For å finne strengen 'lea' i ein tekst som heiter liste
skriv vi grep lea liste. Som døme kan vi ta desse to setningane
(viss du vil øve deg kan du kopiere dei til eit eige dokument, som du
kan kalle t.d liste).:
Bargojoavku
galgá
c1ielggadit
ja
mearridit
mii
Finnmárkku
fylkka
eatnamiid
ja
c1áziid
eaiggádus1s1an-
ja
geavahanvuoigatvuod1aide
dál
fertes1ii
leat
gustojeaddji
riekti.
Bargojoavku
galgá
dán
oktavuod1as
bidjat
vuod1d1un
lávdegotti
mandáhtii
addon
njuolggadusaid.
Her kjem ein del nyttige kodar. Symbolet ^ tyder "starten av lina", og
symbolet $ (dollar) tyder "slutten av lina". For å liste alle ord som
har d som første og som siste bokstav i lina ovafor gjer vi altså
slik:
grep '^d' liste
dál
dán
grep 'd$' liste
eatnamiid
c1áziid
Symbolet . (punktum) tyder "kva symbol som helst". Med kommandoen
nedanfor får du tre svar, dei tre orda som har ea som andre og tredje
bokstav i ordet.
grep '^.ea' liste
mearridit
geavahanvuoigatvuod1aide
leat
Det er og mogleg å søke på klassar av lydar. Soleis er [aáeiou]
klassen av alle vokalar i nordsamisk. Dette søket gjev alle ord som
inneheld konsonanten n pluss ein vokal:
bash-2.05b$ grep 'n[aeiouá]' kortlist
eatnamiid
Alle regulære uttrykk kan kombinerast. Slik får vi fram alle tilfella
av o pluss kva teikn som helst pluss ein vokal:
bash-2.05b$ grep 'o.[aeiouá]' kortlist
Bargojoavku
gustojeaddji
Bargojoavku
Stor eller liten bokstav får vi fram på denne måten:
bash-2.05b$ grep '^[bB]' kortlist
Bargojoavku
Bargojoavku
bidjat
Ein del kommandoar er litt meir avansert, vi kan ikkje bruke grep, men
må bruke ein meir avansert variant, egrep. Her får vi alle orda med
ein av tre diftongar.
bash-2.05b$ egrep 'ea|uo|ie' liste
c1ielggadit
mearridit
eatnamiid
eaiggádus1s1an-
geavahanvuoigatvuod1aide
leat
gustojeaddji
riekti.
oktavuod1as
vuod1d1un
njuolggadusaid.
Meir informasjon om regulære uttrykk får du viss du skriv info
regex.
Unix har eit svært godt hjelpesystem innebygd. Viss du veit kva
kommando du vil ha meir informasjon om, kan du skrive man
kommandonamn (t.d. man grep). Det er to problem med denne
informasjonen: Du må for det første vite namnet på kommandoen før du
kan spørre, og teksten er ofte litt kryptisk. Best eigna er man-sidene
til å få greie på kva flagg ein kommando har, og korleis dei
fungerer.
Viss du vil ha ein pedagogisk tekst, bør du heller skrive info
kommandonamn. Du kjem då inn i ein tekst som er skrive i eit
format som minnar om ein primitiv nettlesar: Du beveger deg ned og opp
med piltastane. Når du kjem til ein link (merka med * framfor
øverskrifta), trykker du på ENTER. Du kan også bruke orda som står
øverst på sida. På "info grep" står det t.d. Node: Top, Next:
Introduction, Up: (dir). Det tyder at du kan trykke på t og komme til
toppen av sida, trykke på n og komme til avsnittet "Introduction", og
trykke på u og kome til nivået over grep.info. Når du kjem til neste
nivå kan du tryppe på P (previous) og kome dit du var. Ut av info kjem
du ved å trykke q (quit).
Viss du ikkje er sikker på kommandoen du er ute etter kan du skrive
apropos kommandonamn (for det kommandonamnet du trur det
kanskje er du leiter etter). Apropos vil dermed gje deg ei liste over
kommandonamn som kanskje har noko med saka å gjere (og kanskje
ikkje!). Som regel er det ikkje så mykje hjelp i
'apropos'-kommandoen.
- cat (cat filnamn)
- skriv innhaldet av filnamn ut på skjermen
"cat > filnamn" tar det som blir skrive på skjermen og skriv det
inn i fila filnamn.
- diff (diff fil1 fil2)
- samanlikne innhaldet i to filer
- cp (cp fråfil tilfil)
- kopier fil
- finger (finger brukarnamn)
- fortel kven som skjuler seg bak brukarnamn
- grep søkestreng filnamn
- listar opp liner i 'filnamn' som inneheld 'søkestreng'.
- history
- listar opp alle kommandoane du har gjeve systemet
- man (man kommando)
- skriv ut hjelpfila til kommando
- mkdir (mkdir katalognamn)
- lagar ny katalog
- more (more filnamn)
- viser ein skjermfull av gangen
- mv (mv fil tilkatalog/) (mv gammaltnamn nyttnamn)
- gje fil nytt namn; flytt fil
- ll (ll katalognamn)
- list innhaldet i katalognamn, evt i katalogen der du står (langt format)
- ls
- list innhaldet i katalog
- lt (lt katalognamn)
- list innhaldet i katalognamn, ordna etter dato
- pwd
- skriv stien til den katalogen du står i no
- rev
- reverser linene ('far' blir 'raf')
- rm (rm filnamn)
- slett fila filnamn
- rmdir (rmdir katalognamn)
- slett katalogen katalognamn. Merk at katalogen må vere tom for
at rmdir skal virke. Viss du vil slette ein full katalog kan du skrive
rm -f katalognamn. Dette er ein skummel kommando, tenk deg om
to gonger før du brukar han.
- sort
- sorter linene i ei fil alfabetisk
- uniq
- slå saman like liner som står etter kvarandre (uniq -c fortel
kor mange eksemplar det var av kvar line)
- wc (wc filnamn) (wc -l filnamn)
- wc = wordcount, som tel liner (-l) ord (-w) og teikn (-c) i fila
- who
- kven er logga på akkurat no
- whoami
- fortel kva brukarnamn du har, i tilfelle du har gløymt det.
Trond Trosterud
Last modified: Tue Aug 17 12:31:51 2004