# Personvern og Github # Diskusjon og problematisering ## Personvern Det kan vera grunnar til å ikkje offentleggjera personane bak arbeidet vårt, men heller la miljøet stå samla bak alt vi gjer. Dette gjeld særleg dersom ein arbeidet med omdiskuterte spørsmål i små miljø. Problemet er at github er laga for å kopla i hop folk som arbeider med kode, som eit slags Facebook for programmerarar. Det å vera synleg og bli oppdaga er ein av grunnsteinane bak github, for på den måten å auka samarbeidet på tvers av ulike prosjekt. Det er mogleg å gjera seg ganske usynleg (sjå praktiske tips lenger ned), men for lingvistar i små språkmiljø er det heilt uråd - ein ser med ein gong kva for språk ein github-konto arbeider med, og meir trengst ikkje. ## Datavern Vi arbeider med både korrekte språkdata og data med feil i, inkl dårleg og beint fram feil språk. Dette må vi, både fordi vi lagar verkty som skal retta slike feil, og fordi det å studera slike feil vil hjelpa oss å laga betre verkty meir allment. Om data ligg ute, inkl data over språklege feil, og diskusjonar om normering - kva som skal vera rett og feil - har vi opplevt tidlegare at utanforståande har missforstått dataa. Det kan vera at dei trur at det som er feil er riktig, fordi Divvun "seier" det ("det står på sidene deira"). Eller det kan vera usaklege påhopp fordi folk trur at vi står bak "feil" språk. Det er dessutan alltid feil i koden vår - som i all annan programvare. Vi strevar så klart til å ha så få feil som mogleg, men koden er for kompleks til å kunna ha han heilt feilfri. Og i ein del tilfelle er det uklårt kva som er rett og feil, eller normeringa er udefinert. # Retningsliner # Praktiske tips Om github: - alle personkontoar er offentlege, men ein kan ha minimalt med info der, og ingen ting som identifiserer ein. - lag eit githubnamn som ikkje kan koplast til deg - det er mogleg [å byta brukarnamn på ein eksisterande konto](https://github.com/settings/admin) - "Change username" (men sjå sida over moglege negative fylgjer) - på [profilsida](https://github.com/settings/profile): - ikkje ha eit profilbilete som kan koplast til deg - ikkje spesifiser kor du bur - ingen namn - ingen url - ingen arbeidsgjevar - ikkje ha ei synleg e-postadresse - "Public email" (la feltet stå uspesifisert) - [hald e-postadressa privat](https://github.com/settings/emails) - "Keep my email addresses private" - [ikkje vis at du er medlem i ein "organisasjon"](https://docs.github.com/en/free-pro-team@latest/github/setting-up-and-managing-your-github-user-account/publicizing-or-hiding-organization-membership), t.d. giellalt eller divvun (gitihub-organisasjonar er som ein paraply over alle repositoria som høyrer saman) (t.d. [denne organisajonen](https://github.com/orgs/udapi/people) har ingen offentlege medlemmer)