Sjur- & Trond-møte 14.5. !!!Saksliste * Norsk Standard * programmerarstillingane * Gïelese * Avtale med SD om opphavsrett og eigarskap til kjeldekoden * felles numeralar - møte? * felles acro i smi? * e-post frå Jaska om ordbøker frå Pekka * kritkk frå Antti, jf neste * infra-omlegging * sma-twol-problem * Spansk fst * Korpusarbeid * Omsetjingsminne og terminologi !!! Norsk Standard Sjur er no registrert i ISO TC37 m.m. av Håvar Hjulstad: * [ISO TC37|https://www.iso.org/committee/48104.html] språk og terminologi * [ISO/IEC JTC 1/SC 2|https://www.iso.org/committee/45050.html] teiknsett ISO TC37 er irrelevant for Divvun og Giellatekno. Vi har tidlegare vore med i teiknsettstandardisering, der det er ei sak som står att: ENG (det finst berre ein glyff for ŋ, men to glyffar for Ŋ, der den eine blir brukt i Afrika og den andre blir brukt i Norden). Løysinga på dette problemet er å gjere som for đĐ, dvs. inkludere begge Ŋ-glyffane som kvart sitt teikn, og ha to ŋ-teikn (med same glyff), ein til kvar Ŋ. Dette er ei sak for Giellagáldu, Sametinget og KMD, evt. Språkrådet. Vi tek det opp med dei, deretter med Håvard Hjulstad, Michael Everson dersom vi har eit felles forslag å koma med. !!! Programmerarstillingane Saka vart diskutert, og fyrste utkast er no ferdig. __Trond__ sender saka vidare. !!! Gïelese !!Berge koden: Mesteparten av koden ligg på Github. Visse delar (omsetjing) har vi ikkje kontroll over enno. Ryan har desse filene på ein nettbasert omsetjarteneste. __Sjur__ skriv ny e-post med kopi til Trond !!Halde fram med Gïelese? Dette er eit ope spørsmål. Det er tryggleikshol i koden, som vi må fikse for å kunne ha Gïelese der. Sjur tek dette opp med Aajege. !!! Avtale med SD om opphavsrett og eigarskap til kjeldekoden Sjur har laga utkast. Vi diskuterer det her internt først, og sender deretter vidare. __Trond__ ser på dette. (e-post 10.1.2019: «Avtale mellom SD og UiT - samisk kjeldekode») !!! felles numeralar - møte? Ja, onsdag kl 9. !!! felles acro i smi? Møte onsdag kl 11. !!! e-post frå Jaska om ordbøker frå Pekka Stad: i infrastrukturen vår. Publisering på [http://satni.org]. !!! kritkk frå Antti, jf neste Sjur presenterte kritikk frå Antti når det gjeld infrastrukturen vår. Mange gode poeng kom fram. !!! infra-omlegging Moment til arbeidet. * ''Getting started'' bør ha minimumsoppsett for dei som skal arbeide med fst-ar * Det må vere enklare å kome i gang * Det må vere enklare å forstå * Nye prinsipp ** Innhaldsfiler med flatare struktur ** kompilering med djup struktur i separat katalog * Mogleg: Giella-light som ein start, og deretter over til * Tilhøvet mellom giella-shared og langs/$LANG er ikkje opplagt. Sjur arbeider med ein plan for endring av infrastruktur. !!!MT frå Eckhard Stiar og oppsett for CG-MT. Dette er ein propp, og må prioriterast. __Sjur__ ser på dette. !!! sma-twol-problem Verbgruppe 2 og 5 i visse former i dualis og pluralis har veksling mellom lang og kort form i ind og imp. For den lange forma (men ikkje den korte) skal du ha stammevokalendring e -> i. Det er ein regel som burde ha fiksa dette, men som ikkje gjer det. Kva skjer ?!. Vi kjem attende til dette. !!! Spansk fst Frå {{apertium-languages/spa}} til {{external-langs/spa}}. __Sjur__ gjer dette. !!! Korpusarbeid Avtaler, innsamling, m.m. Her har vi etterslep på mange felt, t.d. Sametinget sine protokollar (jf. neste sak). !!! Omsetjingsminne og terminologi Vi har fåt spørsmål om filer til bruk i Trados. Her er [lenkje til filer til bruk i omsetjingsminne|https://giellalt.uit.no/tools/Paratekst.sme.html]. __Trond__ kan evt. sjå på innhaldet i tm for sme-nob, som ikkje er ei fil, men mange.