S&T-møte 24.9.2019 !!!Saker: * testing - stavekontroll, grammatikkontroll * programmerarstillingane * gramcheck-betalansering * hermeteikn i sme * make check + nattlege bygg * kalenderen * Canada * færøysk * sørsamiskseminaret * API Göteborg (Chiara 20.9.) * perl og MT * nasjonalbiblioteket * Paris * Peru !!! Testing - stavekontroll, grammatikkontroll Møte oss i mellom kl 14 norsk tid i dag. !!! Programmerarstillingane Trond ber om status for tilleggsreferansar. !!! Gramcheck-betalansering Truleg torsdag. Låg profil no, hovudlansering seinare i år. !!! Hermeteikn i sme Grammatikkontrollen fylgjer Riektačállinrávvagat, men det gjer ikkje Davvi Girji. Temaet bør kanskje takast opp med GG, men kven skal gjera det? !!! make check + nattlege bygg Taggtestescriptet går som ein del av make check, med ei slik feilmelding i terminalen: {{{ ============= 1 test passed ============= Making check in morphology /Applications/Xcode.app/Contents/Developer/usr/bin/make check-TESTS ./tag_test.sh: Have a look at these: +N FAIL: tag_test.sh }}} !!! Kalenderen Vi bør planleggja møta våre og leggja dei inn i kalenderen. !!! Canada Trond har svart på doodle poll. Sjur skal svara. !!! Færøysk Samansetjing er eit problem, folk nyttar stavekontrollen «vår» - vi må seia kva som er kjelda, at vi samarbeider med folk på Færøyane, og at dei jobbar med leksikonbasen. Sjur svarar på e-post som har kome om saka. Sida [http://divvun.org/proofing/proofing.html] må få ei eiga kolonne med direktelenkje til WhatIsThis-fila, og til samarbeidspartnarar. !!! Sørsamiskseminaret Framdrifta går bra, det er 42 som er påmeldt. Fonologi 13, Språkteknologi og normering 16, Syntaks 9. !!! API og Göteborg (Chiara 20.9.) For nasjonalbiblioteket og Lars Johnsen, Chiara har no ei lenke som ho kan gje. Det er ok, så lenge det skjer med atterhald og åtvaring om at det blir endringar i framtida. !!! Perl og MT Chiara har spurt og fått svar, ho har sjekka inn relevante endringar. Saka står pga at ho ikkje har fila {{sme.nor.dict.db}}. Sjur kontaktar henne. !!! Paris Sjur kan mest sannsynleg ikkje dra. !!! Peru Vi ventar på svar frå Peru. Vi bør kanskje be dei presisera kva for ein dag i oktober som passar for dei. Linda og Trond fylgjer opp, Linda svarer og ber om presis dato.