!!!Møte om språklæringsapp for Aajege Til stades: Børre, Helen, Sissel, Sjur Saker: * skisse til grensesnitt * html5-spelpakker * integrering mot Oahpa * planlegging framover ** fotografering ** lydopptak ** leksikonet / ordlista som skal liggja til grunn ** andre ressursar som må lagast !!! Skisse til grensesnitt * framside * temaside * to ulike spel * ordliste Merknader: * legg til tidspress * tetris-likt spel? * ordutval og speleopplegg må vera lagt opp slik at ein ikkje blir frista til andre strategiar enn språklæring: ikkje tenkja strategi for å få flest poeng uavhengig av læringseffekt Andre merknader: * regulera avspelingsfart for lyd? * regulera læringsprosessen sjølv? ** i mange andre språklæringsspel er koplinga mellom setning og bilete uklår - kva er det biletet faktisk illustrerer? Eitt spesifikt ord eller heile setninga? Kva er det ordet faktisk betyr? !!! html5-spelpakker Ulemper: * krev nettilgang? (nja, delar av tida, mest fyrste gongen) * kan ein "installera" eit nettprogram? * kan vi publisera via dei ulike nettbutikkane? Fordelar: * når fleire (stort sett plattformuavhengig) * raskare utvikling * automatisk oppdatering * lettare å integrera med språkteknologien til Divvun og GT * lett å tilpassa ulike plattformar Vi prøver med HTML5, og tenkjer oss om att i tilfelle det ikkje funkar. !!! integrering mot Oahpa Ingen innvendingar, men kanskje eit litt voldsamt apparat for behovet i programmet? Korleis skal ein halda på motivasjonen? Konkurranse og poengbelønning, underhaldande spel. Motivasjon viktig: læringa er frivillig, og er berre effektiv så lenge elevane er så interesserte at dei faktisk bruker tid på spelet. __Oppgåve:__ * finna eit rammeverk og eit firma eller ein person (__Børre, Sjur__) !!! planlegging framover Prioritert liste for __Aajege:__ # definera temaa # leksikonet / ordlista som skal liggja til grunn # fotografering # lydopptak # andre ressursar som må lagast Ting å hugsa på: * ein kan laga det slik at både spel og tema er låste, og at ein må klara alle oppgåvene eller få ein viss poengsum før neste tema/nivå blir låst opp * temaa kan vera organiserte i hierarki, med hovudtema og undertema * vi kan leggja ut nye undertema etter kvart som vi utviklar programmet og spela det inneheld !!!Neste møte Tysdag 18.12. kl 9.30 norsk tid.