!!!Versjonskontroll Nokre punkt om versjonskontroll: * tek vare på historia (alle versjonane) * det blir ei tidsmaskin - det er alltid mogleg å angra seg, og gå tilbake til fortida (framtida er det enno litt vanskeleg å gjera noko med) * flettar av seg sjølv i hop dine og mine endringar * heile historia ligg på éi datamaskin * alle hentar sin eigen kopi derifrå (det var det vi gjorde i går) * vi endrar på ei fil ... * ... og sender endringane tilbake til sentralen [Bilete: Lene sjekkar inn og Maja oppdaterer|images/svn-server-client.png] * og sentralen (gtsvn) sender ut endringane til alle andre - ''når dei ber om det!'' * programmet vi bruker flettar i hop mine og dine endringar - så lenge det er rein tekst, og vi ikkje har endra på __same__ line * har to personar endra på same line, blir det __konflikt__, dvs at då klarar ikkje datamaskina lengre å vita om det er di eller mi endring som gjeld; slike konfliktar må løysast manuelt: eg må seia om eg vil ha mine eller dine (eller ein kombinasjon) endringar Derfor: * oppdater ofte * oppdater alltid før du sjekkar inn * sjekk inn ofte - mange endringar (som du får om du sjekkar inn sjeldan) fører lettare til konflikt Viktige grunnreglar: * vi prøver å halda koden "rein" - dvs at koden til ei kvar til skal kunna omformast automatisk til eit dataprogram, til ordbøker, til oahpa-materiale, til ein stavekontroll, osb. * det betyr at endringar som øydelegg koden ikkje kan aksepterast * det handlar om kvalitetssikring * ikkje alle kan få rett til å senda inn endringane sine direkte * til å byrja med må de i staden senda inn ei "bot" ("patch"), dvs ei fil som innehelding endringane du har gjort; det er enkelt å laga ei slik bot med TortoiseSVN * etter kvart som bøtene som kjem inn blir betre og reinare, kan folk få direkte skrivetilgang, men ikkje før !!!Korleis lagar vi den riktige ordboka? [Bilete: Ciprian lagar ordbok|images/svn-server-client-with-prod.png] Desse filene som vi arbeider på er "råfiler", det er det vi byggjer ordbøkene av - men dei *er ikkje* sjølve ordboka som du kan slå opp i og søkja i. Ordboka er det Ciprian som lagar (eller nokon annan). !!!Steg-for-steg-oppskrift # oppdater svn # rediger fila # lagra fila # oppdater svn # lag ein lapp ("patch") # send inn lappen til feedback@divvun.no eller giellatekno@hum.uit.no !!Leggja til nytt ord # klikk på "e" i lista øverst # klikk på "Insert before" eller "Insert after" # trykk retur/linjeskift # skriv inn oppslagsord + ordklasse # trykk TAB # skriv inn omsetjing + ordklasse # lagre