- Regjeringa ser det som viktig å støtte opp om det sterke initiativet og engasjementet som er rundt i landet når det gjeld lokal samfunnsutvikling. Eg er glad for å kunne gje 47 millionar kroner til tiltak som handlar om bulyst og attraktive lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke evalueringsrapporten frå den nasjonale småsamfunnssatsinga som gjekk i perioden 2006-2009. Den syner at slike nasjonale satsingar verkar. Det skaper engasjement og mobilisering, og styrker motivasjonen for å drive lokalt utviklingsarbeid.
No er det klart for ei ny utlysing av midlar til lokale og regionale bulystprosjekt. På bakgrunn av den gode responsen Kommunal- og regionaldepartementet fekk på bulystsatsinga i fjor, og rapporten frå den nasjonale småsamfunnssatsinga, har regjeringa i 2011 sett av 47 millionar kroner, 15 millionar meir enn i 2010. Dette skal gå til regionale og lokale utviklingsprosjekt i heile landet.
- Både småsamfunnssatsinga og bulyst syner det store mangfaldet som finst av aktive og engasjerte folk i Noreg som har eit stort hjarte for sine lokalsamfunn. Eg er difor glad for at eg kan vere med å legge til rette for at det skjer so mykje positivt i norske bygder, seier Navarsete.
Det er mange spanande prosjekt som allereie er sett i gang etter 2010 tildelinga. ”Seljord og sogene” og ”Naturgledekommunen Rauma” er til dømes to framtidsretta prosjekt som syner det kulturelle mangfaldet som er ein viktig byggestein i attraktive lokalsamfunn. Eg gler meg til å sjå kva som kjem i samband med denne nye utlysinga, seier statsråden.
- I denne utlysinga fokuserer vi sterkt på prosjekt som skal leggje til rette for integrering av innvandrarar til distriktsområde. Vi ser at mykje av folkeveksten i Noreg kjem frå innvandring frå utlandet. Det er viktig at alle føler seg velkomne, og at dei vert godt integrerte i dei lokalsamfunna dei kjem til. Vi treng fleire hender og flinke folk i åra framover, og for mange bygdesamfunn kan nye tilflyttarar vere ein positiv tilvekst, avsluttar statsråd Navarsete.
Ved å gå inn på www.distriktssenteret.no sine sider kan eit få eit godt innblikk i dei prosjekta som fekk midlar i fjor.
For meir informasjon om utlysinga for 2011, sjå www.regjeringen.no/bolyst
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.