Del artikkelen
Distrikts- og regionalpolitikken skal utvikle lokale og regionale næringsmiljø og system som gir betre vilkår for verdiskaping basert på innovasjon. Innsatsen skal tilpassast regionale utfordringar.
Regionar i vekst er ofte kjenneteikna av sterke næringsklynger og innovative miljø. Bedrifter, utdannings- og forskingsmiljø og ulike offentlege aktørar samarbeider og utgjer eit dynamisk utviklingsmiljø. Ein regional kunnskaps- og innovasjonsinfrastruktur er difor viktig for auka verdiskaping i ulike regionar. Stor avstand, både til kunnskapsmiljø og større marknad, er ei utfordring for næringslivet mange stader i landet.
Kommunal- og regionaldepartementet støttar ei rekkje program for å fremje næringsmiljø og innovasjonssystem i distriktet:
Arena-programmet (Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA
Bedriftsnettverk (Innovasjon Norge)
FoU-inkubatorprogrammet (SIVA)
Norwegian Centres of Expertise (NCE, Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og SIVA)
Næringshageprogrammet (SIVA)
Virkemidler for regional FoU og innovasjon (VRI, Forskingsrådet)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Akersgata 59, Postboks 8112 Dep, 0032 Oslo | Telefon: 22 24 90 90 | Organisasjonsnr. 972 417 858E-post: | Nettredaktør: | Ansvarlig redaktør: