Regjeringa foreslår ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane. – Slik sikrar vi at kommunar over heile landet kan tilby innbyggjarane sine likeverdige velferdstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Dei objektive kriteria som seier noko om kor dyr ein kommune er å drive samanlikna med andre kommunar, har ikkje blitt oppdatert på om lag 15 år. På grunnlag av nye statistiske analysar blir desse såkalla kostnadsnøklane endra slik at kommunane får inntekter etter dei utfordringane dei faktisk har i dag.
- Noreg har endra seg. Samansetninga av befolkninga, levekår og busettingsmønster er endra. No endrar vi kartet etter terrenget. Det er utvikla nye kriterium som betre fangar opp sosiale forskjellar og skilnadar i levekår rundt i landet, seier Liv Signe Navarsete.
Dette er kriterium mellom anna Oslo tener på. Det same gjer mange småkommunar.
Samstundes blir dei øyremerka tilskota til barnehagar no innlemma i rammefinansieringa og får ein eigen kostnadsnøkkel. Dette betyr ei omfordeling av desse midlane mellom kommunane.
Endringane i dei objektive kriteria gir også grunnlag for å justere dei politiske elementa i fordelinga av inntekter mellom kommunane. Regjeringa foreslår derfor å redusere småkommunetilskotet med ein million kroner og dessutan redusere Nord-Noreg- og Namdalstilskotet med 10 prosent.
- Innsparinga på desse endringane kjem alle kommunar til gode gjennom innbyggjartilskotet, seier statsråden.
- I tillegg ser vi at dei markant største byane har mange av dei same utfordringane. Derfor foreslår vi å innføre eit nytt storbytilskot til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, seier Navarsete.
Samtidig vert hovudstadstilskotet, som berre Oslo har fått til nå, redusert. Den delen som er grunngitt i statlege barnevernsoppgåver, blir vidareført.
Regjeringa foreslår dessutan å redusere skattedelen av kommunane sine inntekter.
- Ein av dei viktigaste inntektsforskjellane mellom kommunane skuldast forskjellar i skatteinntekter. Heile 364 kommunar hadde i 2009 skatteinntekter under landsgjennomsnittet. Det seier seg sjølv at når vi foreslår å redusere skattane sin del av dei samla inntektene frå 45 til 40 prosent, så vil det jamne ut inntektsforskjellane mellom kommunar, og gi eit betre grunnlag for meir likeverdige velferdstenester landet over, seier Navarsete.
Ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane betyr at ikkje alle kommunar vinn på sikt. Desse kommunane er jamt fordelt ut over landet. For å hjelpe desse kommunane, skal 400 millionar kroner av veksten i frie inntekter gå til kommunar som taper meir enn 100 kroner per innbyggjar på endringane i inntektssystemet. Dette blir ei fast ordning fram til ny revisjon av inntektssystemet.
- Når ein tek med veksten i kommunane sine frie inntekter i 2011, vil ingen kommune få redusert sine inntekter frå 2010 til 2011, seier Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.