Regjeringa foreslår ei historisk satsing med 28 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2009 til tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsel i heile landet. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008.
- Eg er stolt av å være samferdselsminister i ei regjering som peikar ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Med dette forslaget tek regjeringa eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet i landet. Regjeringa meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan 2006-2009, seier statsminister Jens Stoltenberg.
- Løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket vil etter fire år liggje om lag 1,9 milliardar kroner over rammene i Stortinget sitt vedtak om transportplanen. Forslaget har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Dei foreslåtte prosjekta og tiltaka gir budsjettet ein god distriktsprofil. Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk, er mellom anna dei områda som har fått størst auke. Forslaget til budsjett legg elles til rette for at folk og næringsliv i heile landet skal ha eit godt tilbod når det gjeld flyruter, post- og teletenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Dei foreslåtte løyvingane for Statens vegvesen og Jernbaneverket inneber elles at ein tek att etterslepet frå budsjettet i 2006.
- Forslaget har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Budsjettet har og ein god distriktsprofil. Eg er glad for at vi no kjem i gang med viktige nye vegprosjekt over heile landet. Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk, er av dei områda som har fått størst auke. Forslaget til budsjett legg elles til rette for at folk og næringsliv i heile landet skal ha eit godt tilbod når det gjeld flyruter, post- og teletenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester, er det sett av i alt 17,04 milliardar kroner, ein auke på 1,6 milliardar kroner eller 10,4 prosent.
Forslaget til løyvingar til jernbaneføremål er på til saman vel 8,84 milliardar kroner, ein auke på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent. Innanfor løyvinga til jernbaneføremål er det foreslått nær 3,2 milliardar kroner til investeringar i jernbanenettet. Dette er ein auke på 850 millionar kroner eller 36,2 prosent frå 2008.
Elles er til saman 2,08 milliardar kroner fordelte til mellom anna luftfartsføremål, særskilte transporttiltak, Post- og teletilsynet, forsking og utvikling.
For 2009 er det over budsjettet til Samferdselsdepartementet foreslått nær 240 millionar kroner til forsking, utgreiing og utvikling. Dette er ein auke på 68,3 millionar kroner eller 40,2 prosent, som hovudsakleg skal gå til klimaforsking og 50 millionar kroner til oppretting av Transnovaprosjektet. Transnova skal støtte gode miljøprosjekt, særleg prosjekt for auka bruk av alternative drivstoff som annangenerasjons biodrivstoff, elektrisitet og hydrogen.
Vegføremål: Vel 17 milliardar kroner, aukar med 1,6 milliardar kroner
Regjeringa foreslår for 2009 å løyve i alt 17,04 milliardar kroner til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester. Dette er vel 1,6 milliardar kroner eller 10,4 prosent meir enn saldert budsjett for 2008.
I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet er det lagt til grunn at bompengeselskapa vil stille til disposisjon om lag 5,7 milliardar kroner til investeringstiltak, fordelt med 3,5 milliardar kroner til utbygging av vegnettet og 2,2 milliardar kroner til investeringstiltak i infrastrukturen for kollektivtrafikken. Det er dessutan lagt til grunn at 290 millionar kroner i bompengar frå Oslopakke 3 skal nyttast til driftstiltak for kollektivtransporten i Oslo og Akershus.
Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: 7,75 milliardar kroner
Av den føreslåtte løyvinga av statlege midlar til vegføremål er 7,75 milliardar kroner sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på 688 millionar kroner eller 9,7 prosent, og fører mellom anna til at det neste år kan bli lagt om lag 1500 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Tiltak som har verknad for trafikktryggleiken vil bli særleg prioritert, dette gjeld mellom anna vinterdrifta og tiltak retta mot delar av vegnettet som er særleg utsett for ulukker. Innsats som omfattar føraropplæring og køyretøytilsyn vil også bli prioritert.
Investeringar: 7,13 milliardar kroner – aukar med nær 600 millionar kroner
I alt 7,13 milliardar kroner er foreslått til veginvesteringar, medrekna ordinære riksveginvesteringar, rassikring og statlege midlar til delvis finansiering av utbygging av E18 Bjørvikatunnelen i Oslo. Dette er ein auke på 599 millionar kroner eller 9,2 prosent frå 2008.
Med budsjettforslaget for 2009 vil ein ha starta alle større investeringsprosjekt som var planlagt starta i handlingsprogrammet til Statens vegvesen for 2006-2009, med unntak av prosjekt der det manglar planavklaring eller endeleg finansieringsopplegg.
På stamvegnettet er det i 2009 lagt opp til anleggstart på desse seks større vegprosjekta,med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
E6 Øyer – Tretten, Øyer kommune, Oppland
E39 Vigeland – Osestad i Lindesnes kommune, i Vest-Agder
E39 Vågsbotn - Hylkje i Bergen kommune, Hordaland
E39 Torvund – Teigen, Høyanger kommune, Sogn og Fjordane
Riksveg 70 Brunneset – Øygarden, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal (finansiert til dels ved bompengar)
E6 Majavatn, Grane kommune i Nordland
På øvrige riksvegar er det lagt opp til anleggstart på i alt åtte større prosjekt, med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner.
I tillegg blir det i 2009 anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og på resten av riksvegnettet.
Tiltak for tryggare vegtrafikk
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet skal det i 2009 nyttast 1,03 milliardar kroner, medrekna 100 millionar kroner i bompengar. Den statlege innsatsen på om lag 930 millionar kroner er om lag ei dobling, samanlikna med 2008. Tiltaka omfattar mellom anna bygging av midtrekkverk, veglys, utbetring av kurvar og kryss. I 2009 vil det bli etablert midtrekkverk på i alt 15 kilometer på riksvegnettet, medan det vil bli sett i gang arbeid med bygging av til saman nær 15 kilometer med midtrekkverk.
I tillegg til desse særskilde tiltaka kjem den trafikksikringsgevinsten ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar. Neste år blir det ferdig i alt 21 større nye vegstrekningar som skal opnast for trafikk. Desse nye vegstrekningane omfattar mellom anna 69 kilometer med firefelts vegar, med fysisk skilje mellom køyreretningane.
Løyvingar til vegvedlikehald, rassikring, kontroll av køyretøy og trafikk og ulike tiltak som gjeld opplæring og informasjon er også med på å styrkje innsatsen for enda tryggare vegtrafikk.
Gang- og sykkelvegar
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veger er det lagt til grunn at det i 2009 skal brukast 500 millionar kroner, fordelt med 400 millionar kroner i statlege midlar og 100 millionar kroner i bompengar. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.
Rassikring
Regjeringa går inn for at det neste år skal nyttast om lag 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 130 millionar kroner eller 25 prosent frå 2008. Av det samla beløpet til rassikring er nærmare 150 millionar kroner bompengar, medan 500 millionar kroner er samla statlege midlar, fordelt med om lag 440 millionar kroner over den særlege budsjettposten ”Rassikring” og om lag 60 millionar kroner som dekt ved midlar frå dei ordinære løyvingane til riksveginvesteringar. Auken på posten ”Rassikring” er på 34,5 prosent.
For 2009 er det foreslått å prioritere midlar til arbeid ved elleve større rassikringsprosjekt, alle med eit kostnadsoverslag over 100 millionar kroner.
For 2009 er det lagt opp til at det ved hjelp av tilgjengelege ”vegmidlar” skal nyttast 2,56 milliardar kroner til tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er om lag 250 millionar kroner statlege midlar, noko som er ein auke på 60 millionar kroner. Resten av midlane kjem frå bompengar. Bygging av Bybanen i Bergen, opprusting av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus, er dei største prosjekta. Midlane skal elles nyttast til arbeid i fleire byområde for å få større fart og flyt i trafikken for bussar og trikkar. ”Vegmidlar” vil dessutan bli nytta til utbygging av innfartsparkering, oppgradering av kollektivterminalar og haldeplassar og knutepunkt for langrutebussar.
Nasjonale turistvegar
Innanfor framlegget til veginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner til ”Nasjonale turistvegar” for å dekkje den statlege satsinga på desse prosjekta.
Riksvegferjer
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,78 milliardar kroner. Dette er ein auke på nær 230 millionar kroner eller 14,8 prosent. Samferdselsdepartementet legg til grunn ein takstauke på 4,4 prosent frå 1. januar 2009.
Jernbaneføremål: 8,84 milliardar kroner, investeringar aukar med 850 millionar kroner
For 2009 er det gjort framlegg å løyve i alt 8,84 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent. Med denne auken blir det rom for å gjennomføre vesentlege fornyingar og investeringar i jernbanenettet, i tillegg til ei omfattande satsing på vedlikehald.
I alt vel 7,07 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er om lag 1260 millionar kroner eller 21,7 prosent meir enn for 2008.
Til drift og vedlikehald er det sett av til saman 3,8 milliardar kroner, ein auke på 411 millionar kroner eller 12,1 prosent. Denne auken gjer det mellom anna mogleg å styrkje tiltak for å unngå saktekøyring på Bergens- og Dovrebanen, i tillegg til å føre vidare viktig vedlikehaldsarbeid i Oslo-området, mellom anna i Oslotunnelen.
Til investeringar i linenettet er det foreslått i alt 3,2 milliardar kroner, ein auke med 850 millionar kroner eller 36,2 prosent frå 2008. I tillegg til å føre vidare arbeidet med store utbyggingsprosjekt som alt er sette i gang, er det foreslått løyvingar til å setje i gang mellom anna utbygging av nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen og bygging av ny Gevingåsen tunnel mellom Hommelvik og Hell på Nordlandsbanen.
Om lag 580 millionar kroner er sett av til prosjekt og tiltak særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru og midlar til kryssingsspor på Østfold-, Gjøvik- og Sørlandsbanen og fleire andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet.
Løyvingane til jernbaneføremål omfattar òg vel 1,71 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.
Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 37,3 millionar kroner.
Luftfartsføremål: 751 millionar kroner
Samla budsjettforslag for luftfartsføremål er på 751 millionar kroner, ein auke på 5,6 prosent frå 2008.
Til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester på strekningar som ikkje kan drivast med bedriftsøkonomisk lønsemd er det for 2009 sett av 519,9 millionar kroner. Løyvingane til kjøp av slike tenester skal vere med på å leggje til rette for eit effektivt og likeverdig flyrutetilbod for folk og næringsliv i heile landet.
13,4 millionar kroner er foreslått som tilskott til regionale flyplassar. Heile beløpet går til ikkje-statlege flyplassar. Det er også for 2009 lagt opp til at overskotet frå dei bedriftsøkonomiske lønsame stamrutelufthamnene blir nytta til å finansiere underskotet på dei statlege regionale lufthamnene.
50,2 millionar er foreslått til Statens havarikommisjon for transport, noko som er ein auke på 6,8 prosent. Auken har samanheng med at ansvarsområdet for kommisjonen frå 1. juli 2008 blei utvida til å omfatte ulukker i sjøfarten. Kommisjonen har frå før ansvaret for å undersøkje ulukker og alvorlege hendingar innan sivil luftfart, jernbane- og vegtransport.
Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 167,5 millionar kroner, ein auke på 12,3 prosent frå 2008.
Tiltak for kollektivtransport: 14,3 milliardar kroner
Til ei rekkje tiltak som har verknad for kollektivtransporten skal det i 2009 nyttast i alt 14,3 milliardar kroner, medrekna 2,2 milliardar kroner i bompengar. Samanlikna med 2008 er dette ein auke på 30,7 prosent.
Midlane omfattar:
Statleg kjøp av persontransporttenester med tog, løyvingar til utbygging, drift og vedlikehald av jernbanenettet
Kollektivtiltak finansiert ved bruk ”vegmidlar”, det vil seie løyvingar over budsjettet for riksveginvesteringar og bompengemidlar.
Statleg kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av sjøtransport Bergen – Kirkenes (i tråd med ”Hurtigruteavtalen) og statleg kjøp av flyrutetenester.
I beløpet på 14,3 milliardar kroner til kollektivtiltak inngår elles ei løyving på 323 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”. Løyvinga er dobbelt så stor som i 2008. Dette er i tråd med ”Klimaforliket”, mellom regjeringspartia, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti, i samband med handsaminga i Stortinget i fjor av stortingsmeldinga om norsk klimapolitikk.
Kollektivsatsing omfattar dessutan 56 millionar kroner i tilskott til kommunar og fylkeskommunar for å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg, 21 millionar kroner til demonstrasjonsprosjekt for betre kollektivtrafikk i distrikta, 10 millionar kroner til start av prøveprosjekt med bestillingstransport og TT-transport og inntil 5 millionar kroner til etablering av ein nasjonal reiseplanleggjar og ei ny eining for forvalting av elektroniske billettsystem.
I tillegg til desse statlege midlane og bompengemidlane kjem fylkeskommunale midlar til lokal kollektivtransport, medrekna løyvingar til skule- og studentrabatt i lokal kollektivtransport.
Post og telekommunikasjonar: 205 millionar kroner
For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 205,1 millionar kroner. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet.
For 2009 er det – som i dei siste åra – ikkje foreslått løyving til statleg kjøp av posttenester, medrekna banktenester. – Det vil bli arbeidd med å finne fram til ein modell som betre reknar ut nettotapet for Posten Norge ved bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester, går det fram av budsjettforslaget.
Utbytte frå statlege aksjeselskap
I tråd med utbyttepolitikken til regjeringa er det budsjettert med eit utbytte på 221 millionar kroner frå NSB AS, medan det ut frå venta resultat for 2008 ikkje er budsjettert med utbytte i 2009 frå Avinor AS, Posten Norge AS og Baneservice AS.
Til redaksjonen
Fleire spesialpressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2009 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak: Sjå nettsidene til Samferdselsdepartementet: regjeringen.no/sd