Regjeringa varslar høg vekst i dei frie inntektene til kommunane neste år. – Det vil bety fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa legg opp til reell vekst i kommunesektoren sine samla inntekter på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i 2013.
- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.
Veksten neste år kjem på toppen av at kommunane allereie i år får auka inntekter.
- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ei auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter i 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.
Den sterke befolkningsveksten betyr større behov for kommunale tenester.
- Når me blir fleire innbyggjarar, krev det at kommunane byggjer ut tenestene sine meir. Difor må ein sjå veksten i frie inntekter i samanheng med at kommunesektoren også får auka utgiftene sine i 2013 på grunn av befolkningsutviklinga, seier Navarsete. – Men med regjeringa sitt forslag får kommunane større spelerom til å halde tritt med befolkningsutviklinga.
Trass stor inntektsauke, varierer den økonomiske fridomen kommunane imellom.
- Innbyggjarane i ulike kommunar har ulike behov. Difor er det avgjerande viktig at inntektsauken kjem som auke i frie inntekter. Det gjev kommunane fridom til å tilpasse tenestene til det som trengs mest for eigne innbyggjarar. Dette er den mest effektive måten å bruke pengane på, seier Navarsete.
Statsråden er oppteken av at kommunane sjølve jobbar godt med økonomien sin.
- Ein god kommune planlegg for framtida. Kommunen er tidleg ute med å legge planar for korleis ein skal takle endringar i befolkningssamansettinga. Det krev god styring av økonomien og godt samarbeid mellom politikarar og administrasjon. Undersøkingar viser at folk flest er godt nøgde med dei kommunale tenestene dei får. Det tyder at kommunane jobbar godt, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00