Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 06.10.2011

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet (Opprettet 01.01.1998)

Status: Arkivert

Statsbudsjettet 2012

5,6 milliardar kroner til samhandling i kommunane

Kommunane vil få over 5,6 milliardar kroner i 2012 i samband med innføringa av samhandlingsreforma. – Dette vil gje kommunane handlingsrom til å løyse dei nye oppgåvene som følgjer av reforma, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Frå og med 2012 vert det innført kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar. Sidan dette er nye oppgåver for kommunane, kjem dei 5,6 milliardane knytt til samhandling i tillegg til inntektsveksten for kommunane neste år.

– Kommunar over heile landet er godt i gang med samhandlingsreforma i god tid før reforma trer i kraft. Over dei neste åra vil vi sjå ei endring der kommunane gir innbyggjarane stadig meir og stadig betre helsetenester nærare der folk bur, seier Navarsete.

- Samhandlingsreforma er ei tillitserklæring til kommunane. Reforma trer i kraft frå nyttår, men endringane vil skje over tid. Kommunane har tid til å tilpasse seg dei nye oppgåvene for å finne dei beste løysingane for sine innbyggjarar. Eg har stor tru på at kommunane anten åleine eller i samarbeid med nabokommunar finn gode løysingar til beste for innbyggjarane, seier Navarsete.

Midlane som skal gå til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar, vert fordelt til kommunane gjennom inntektssystemet etter alderssamansettinga i befolkninga.

I sum vert det overført nok midlar til å dekkje kostnadane ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar.

- Likevel vil enkelte kommunar kunne ha høgare kostnader ved innføringstidspunktet enn det som fordeling etter kostnadsnøklane fangar opp. Desse vil i tre år få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen, seier Navarsete.

For at ingen kommunar skal tape på omlegginga, set regjeringa av 305 millionar kroner innafor veksten i frie inntekter til kompensasjon til enkeltkommunar neste år.

Frå 2016 vil kommunane få plikt til å tilby døgnopphald til personar med behov for strakshjelp frå kommunen si helse- og omsorgsteneste. Allereie frå 2012 får kommunane 262 millionar kroner til å starte dette arbeidet. Av desse midlane blir halvparten fordelt etter søknad og halvparten gitt som direkte bidrag frå dei regionale helseføretaka. Dette kjem i tillegg til dei 5,6 milliardane som vert overført gjennom rammetilskotet.

Klikk på det aktuelle fylket for å finne oversikt over samhandlingspengar til din kommune:

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.