Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Starte bedrift/entreprenørskap

Kommunal- og moderniseringsldepartementet ynskjer å leggje til rette for at folk skal kunne realisere ideane sine og etablere ny verksemd. Dette er særleg viktig i område med einsidig næringsmiljø for å sikre ein meir variert arbeidsmarknad og for å utvikle gode og dynamiske næringsmiljø.

Entreprenørskap er viktig for å utnytte ressursane til folk, for å skape attraktive arbeidsplassar der folk bur, og for å auke verdiskapinga.

Departementet har fire sentrale innsatsområde innan entreprenørskap:

• Kultur for entreprenørskap
• Rettleiing og auka kompetanse
• Finansieringsordningar for bedrifter i tidleg fase
• Infrastruktur, tilrettelegging og nettverksarbeid

Unge og kvinner
Kvinner og unge utgjer ein viktig ressurs som kan medverke til verdiskaping og utvikling av attraktive lokalsamfunn. Regjeringa legg særleg vekt på at det blir lagt til rette for at unge og kvinner får høve til å skape sin eigen arbeidsplass.

Regjeringa ynskjer at ungdom som vil det, skal ha reelle moglegheiter til å arbeide og busetje seg utanfor tettstader eller større byområde. I 2009 vart det lansert ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga. Departementet har gjennom fleire år styrka satsinga på Ungt Entreprenørskap.

Gjennomføring
Dei konkrete tiltaka blir i hovudsak gjennomført av lokale, regionale og nasjonale aktørar. Mykje av arbeidet  blir finansiert med midlane som er kanalisert via fylkeskommunane.


Eksempel på aktuelle tiltak:

Kommunale/regionale næringsfond (kommunar og regionråd)

Etablerartilskot(Innovasjon Noreg)

Mentortenesta for gründerar (Innovasjon Noreg)

Rådgjevingstenester hjå Innovasjon Noreg 

Inkubasjon (SIVA) 

Næringshageprogrammet (SIVA)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet finansierer òg Gründertelefonen (tlf 800 50 789). Rådgjevarane i Gründertelefonen hjelp gründerar med å utvilke idèar og kan gi raske svar når ein av ulike grunnar står fast.

Meir informasjon finn du hjå  Innovasjon Noreg

 

Sist oppdatert: 07.01.2014