Pressemelding, 08.11.2013

Nr.: 53/2013

Arveavgifta vert fjerna frå 2014

Tilleggsproposisjonen 2014

Regjeringa vil fjerne arveavgifta på arv og gåver allereie frå 2014.
- Arveavgifta rammar ofte dei med låge og vanlege lønsinntekter, og det vert opplevd som særs urettvist å måtte betale ei høg avgift for å arve ein barndomsheim eller fritidsbustaden til familien. Å fjerne arveavgifta vil lette generasjonsskifte i familieverksemder og vere eit viktig forenklingstiltak, seier finansminister Siv Jensen.

Endringa vil lette likviditetsbelastinga ved generasjonsskifte i familieverksemder og overføringa av familieeigedomar til den neste generasjonen. Det vil òg innebere ei forenkling for skattytarar fordi dei ikkje lenger treng å ha å gjere med eit omfattande arveavgiftsregelverk. Samstundes vil det redusere dei administrative kostnadane i Skatteetaten. Regjeringa foreslår at det ikkje skal betalast arveavgift av gåve som vert gjeve og av arv etter dødsfall som skjer etter 31. desember 2013.

I dag vert som hovudregel arveavgiftsgrunnlaga (marknadsverdi) òg nytta som mottakar sin inngangsverdi på arve- og gåvemidla. Skattemessige inngangsverdiar vert mellom anna nytta ved gevinstberekninga når mottakaren seinare sel gåve- eller arvegjenstanden. Dersom ein fjernar arveavgifta, og mottakar framleis får høve til å fastsette ein ny inngangsverdi (marknadsverdi), vil det ikkje verte noko skattlegging av verdistigninga i eigetida til arvelatar eller gjevar. Regjeringa gjer derfor framlegg om, som ei følgje av avviklinga av arveavgifta, at det som hovudregel skal gjelde eit kontinuitetsprinsipp ved arv og gåve. Det tyder at arve- og gåvemottakar overtek arvelatar eller gjevar sine inngangsverdiar på overførte gjenstandar ved eit seinare gevinstoppgjer, i tillegg til andre skatteposisjonar som er knytte til det som er overført. Kontinuitetsprinsippet gjeld allereie for aksjar og andelar i deltakarliknande selskap som vert overførte ved arv og gåve. Regjeringa sitt framlegg inneber at det vert like reglar for ulike organisasjonsformer (med delvis unnatak for landbrukssektoren) ved generasjonsskifte i næringsverksemd.

Dersom avdøde eller gjevar kunne ha selt bustaden eller fritidsbustaden sin skattefritt, vert det foreslått at mottakar òg kan selje skattefritt ved arveoppgjeret. Dersom ein beheld eigedomen, skal ein berre betale skatt på slik eigedom av eventuell skattepliktig vinst som er opptent i mottakars eigartid.

Ein reknar med at framlegget om å fjerne arveavgifta frå 2014 og samstundes gjere naudsynte tilpassingar i inntektsskatten, samla kjem til å redusere provenyet med 1 250 millionar kroner påkomme og 450 millionar kroner bokført i 2014, samanlikna med framlegget frå Stoltenberg II-regjeringa.

Sjå meir i eige faktaark om arveavgift

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo