Pressemelding, 08.11.2013

Nr.: 51/2013

Eit budsjett for verdiskaping og ein betre kvardag

Tilleggsproposisjonen 2014

- Veljarane har sagt tydeleg i frå om at dei ønskjer ein ny politikk, ikkje berre ei ny regjering. I budsjettframlegget for 2014 tek vi dei første stega i ei ny og betre retning. Vi styrkjer kunnskapsområdet, helse, samferdsle og asyl- og justissektoren. Regjeringa foreslår breie skattereduksjonar. Vi legg stor vekt på tiltak som kan stimulere verdiskaping og fremje auka vekst, seier finansminister Siv Jensen.

Sundvolden-erklæringa viser til at ein skal tilpasse bruken av oljepengar til situasjonen i økonomien innanfor rammene av handlingsregelen. Veksten i fastlandsøkonomien ser ut til å ha minka noko i det siste. Det kan vere forbigåande, men det kan òg skuldast at veksten no vert bremsa av det høge kostnadsnivået, låg vekst i produktiviteten, gjelda i hushalda og høge bustadprisar. Det er venta at innrettinga av statsbudsjettet og stigande etterspurnad frå oljeverksemda vil bidra til ein vekst i fastlandsøkonomien som er nær det normale neste år. Ein ventar at arbeidsløysa kjem til å halde seg på dagens nivå, som er lågt både i norsk og internasjonal samanheng.

Kapitalen i pensjonsfondet veks no svært raskt, samstundes som rentenivået er lågt og kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi er nær det normale. I en slik situasjon må bruken av oljepengar ligge under forventa fondsavkasting (4-prosentbanen), dersom budsjettpolitikken skal underbyggje ei fortsett stabil utvikling i norsk økonomi.

- Samstundes er det sentralt korleis vi bruker pengane. Bruken av oljeinntekter bør rettast inn mot å auke vekstevna i økonomien, seier finansminister Siv Jensen. Da Stortinget slutta seg til handlingsregelen, peika ein samrøystes finanskomité på at skatte- og avgiftspolitikken og satsing på infrastruktur, utdanning og forsking er viktige for å få norsk økonomi til å fungere betre. Breie skatteletter kan stimulere til sparing og høgare arbeidstilbod. Skatteletter påverkar dermed ikkje berre samla etterspurnad, men òg produksjons­kapasiteten i økonomien.

Regjeringa meiner ein auka bruk av oljeinntekter som svarar til 0,5 prosent av BNP for Fastlands-Noreg, er godt tilpassa situasjonen i norsk økonomi. Det er lagt vekt på tiltak som kan stimulere verdiskaping og fremje auka vekst, mellom anna lågare skatter.

Bruken av oljeinntekter aukar med 3,9 milliardar kroner frå framlegget til Stoltenberg-regjeringa. Avstanden til 4-prosentbanen, det vil seie den forventa realavkastinga av fondet, vert berekna til nærare 56 milliardar kroner. Målt i forhold til fondskapitalen vert bruken av oljeinntekter berekna til 2,9 prosent.

- Budsjettframlegget vårt tek vare på generasjonsperspektivet. Vi sikrar òg handlefridom til å møte framtidige økonomiske tilbakeslag og sørgjer for at budsjettpolitikken er robust, sjølv om avkastinga av fondet skulle verte lågare enn forventa. Vi legg vekt på at budsjettet for 2014 skal ta omsyn til verksemder som kjempar hardt i ein tøff internasjonal konkurranse, seier finansminister Siv Jensen.

Vekstfremjande skatte- og avgiftsletter
- Regjeringa sitt framlegg til skatte- og avgiftsopplegg for 2014 markerer ei ny retning i skatte- og avgiftspolitikken, seier finansminister Siv Jensen. Medan Stoltenberg-regjeringa auka skatte- og avgiftsnivået, reduserer denne regjeringa dei samla skattane og avgiftene. Regjeringa prioriterer letter som vil gjere norsk økonomi meir vekstkraftig og tryggje grunnlaget for velferd, òg i framtida. Lågare skatt på alminneleg inntekt og lågare formueskattesats vil saman styrkje vekstkrafta i norsk økonomi. Regjeringa fjernar òg arveavgifta. Samla skatteletter utgjer om lag 8 milliardar kroner påkomme og 4,8 milliardar kroner bokført i 2014. Framlegget inneber letter til både personar og verksemder.

Satsingar
I budsjettframlegget sitt for 2014 prioriterer Regjeringa samferdsle, helse og eldreomsorg, kunnskap, politi og tryggleik. Regjeringa vil auke løyvingane til:

  • riksveg og jernbane med til saman 1 446 millionar kroner. Midla vert fordelte på ei rekkje tiltak. Regjeringa foreslår òg å løyve 20 milliardar kroner i kapitalinnskot til eit infrastrukturfond.
  • helse og eldreomsorg med 390 millionar kroner. Budsjettframlegget vil gje meir pasientbehandling i sjukehusa, styrka rusomsorg og auka tilskot til utbygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.
  • kunnskapsområdet med 330 millionar kroner. Regjeringa foreslår mellom anna satsingar på vidareutdanning av lærarar, yrkesfag og forsking.
  • fengselsplassar, politi og tiltak innanfor utlendingsfeltet med 334 millionar kroner. Midla gjev auka soningskapasitet, frigjer politiårsverk og bidreg til å auke talet på uttransporteringar.

Regjeringa aukar ikkje utgiftsnivået samla sett. Ein foreslår ei rekkje utgiftsreduksjonar. Dette gjeld mellom anna framlegg om reduserte løyvingar til regionale utviklingsmiddel, frukt og grønt i skulen og tilskot til kultur. Vidare foreslår ein å trekkje framlegget om opptrapping til to barnehageopptak, endre permitteringsregelverket, og å innføre eit kvoteprisgolv i CO2-kompensasjonsordninga.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

 

Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo